På grunn av magnetfeltet må tilvisande lege informere i tilvisinga om du:
- har pacemaker
- har innoperert høyreapparat
- har anna innoperert metall og elektronikk
- har klips på blodkar i hovudet
- har metallsplint i auge
- er gravid
Sjekkliste: Dette må fjernast før undersøkinga:
- Mobiltelefon, klokker, bank- og kredittkort. Desse kan bli øydelagde av magnetfeltet
- Metallgjenstandar som briller, kulepennar, nøklar, hårnåler og smykke. Desse kan trekkast inn mot apparatet i stor fart.
- Høyreapparat. Det kan bli påverka av magnetfeltet.
- Tannprotesar. Dei kan gi forstyrringar i bilda og må takast ut om du skal undersøke hovud/halsområdet.
- Augesminke. Den kan innehalde små delar av metall som kan gi forstyrringar på bilda.
Dersom du bruker medisinar, kan du ta dei på vanleg måte.
MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel
I nokre tilfelle må vi sette kontrastvæske i blodet, dette er avhengig av kva ein skal sjå etter på bilda. Da får du eit tynt plastrøyr (venekanyle) lagt inn i blodåra di. Kontrasten blir sett i venekanylen. Dersom det er aktuelt å gi deg kontrastvæske under undersøkinga, vil legen din ved behov bestille nyrefunksjonsprøve (blodprøve) som du må ta før du kjem til MR-timen. Er dette tilfelle for deg vil det stå i innkallingsbrevet ditt. MR-kontrast gir sjeldan biverknader i form av allergiliknande reaksjonar.
Dersom du skal undersøke magen må du ofte faste nokre timar på førehand. Dette får du beskjed om i innkallingsbrevet. Om du ikkje skal faste, kan du ete og drikke som du pleier.
Har du klaustrofobi?
Sjølv med litt klaustrofobi klarer dei aller fleste å gjennomføre undersøkinga. Du bør ta kontakt med avdelinga før undersøkinga dersom du trur dette kan bli eit problem for deg. Vi har ulike måtar vi kan hjelpe deg på. Dersom du har vondt for å ligge og/eller treng hjelp til å slappe av, må du be fastlegen om smertestillande/avslappande medikament i forkant av undersøkinga.
Amming
Overgang av kontrastmiddel til morsmjølk er minimal, og du kan ta MR sjølv om du ammar.


