Førebuing heime
På grunn av det sterke magnetfeltet må sjukehuset eller tilvisande lege på førehand vite om du har:
- Pacemaker/ICD, nevrostimulator
- Er operert i hjerne, auge, øyre eller hjarte
- Operert metall i kroppen ( til dømes klips på blodkar i hovudet, proteser, splinter, stentar og graft)
- Tatoveringar
- Er gravid
Klokker, høyreapparat, tryggleiksalarm, bank- og kredittkort kan bli øydelagde av magnetfeltet, og må difor ikkje vere med inn i undersøkingsrommet. Metallgjenstandar som briller, kulepennar, nøklar, hårnåler og smykke takast bort før undersøkinga startar.
Tannprotesar kan gi forstyrringar i bileta og må takast ut ved undersøking av hovud-/halsområdet.
Ved undersøkingar av hovudet må ein unngå augesminke, då denne kan innehalde små delar av metall som kan forstyrre bileta.
Skal du undersøke magen må du vanlegvis faste nokre timar på førehand, elles kan du ete og drikke som vanleg.
Dersom du tek medisinar skal du ta dei på vanleg måte.
Om du ammar ber vi om at du kontaktar røntgenavdelinga.
Dersom du har vondt for å ligge og/eller treng hjelp til å slappe av, må du be fastlegen om smertestillande/avslappande medikament i forkant av undersøkinga.
Har du klaustrofobi?
Sjølv med litt klaustrofobi klarer dei aller fleste å gjennomføre undersøkinga. Du kan ringe eller ta kontakt (sjå under for kontaktinformasjon) dersom du trur dette blir eit problem for deg. Vi har ulike måtar vi kan hjelpe deg på.
Førebuingane varierer ut frå kva som skal undersøkast.
Informasjon om dette vert gitt i innkallingsbrevet du mottar i posten eller ved avdelinga når time blir avtalt.
Førebuing på sjukehuset
I nokre tilfelle må vi sette MR-kontrast i ei blodåre for å få gode bilete.