HELSENORGE
(MR abdomen)

MR av magen

Ved MR-undersøking ligg du i eit magnetfelt, mens MR-maskina lager bilete ved hjelp av radiobølger. MR-undersøking inneber ingen form for røntgenstråling.

Ventetider

Innleiing

MR av mage kan innebera undersøking av blant anna lever, bukspyttkjertelen, nyrer, tynntarm, gallegangar eller lymfeknutar i buken. 

Tilvising og vurdering

Tilvising blir vanlegvis skrive av lege på sjukehuset eller i primærhelsetenesta.  

Tannlegar kan tilvise til MR, og kiropraktorar og manuellterapeutar kan også tilvise til MR i forbindelse med muskel- og skjelettplager. 

Før

På grunn av magnetfeltet må tilvisande lege informere i tilvisinga om du: 
  • har pacemaker 
  • har innoperert høyreapparat 
  • har klips på blodkar i hovudet 
  • har metallsplint i auge 
  • er gravid 
  • har anna innoperert metall og elektronikk 

Sjekkliste: Dette må bli fjerna før undersøkinga:

  • Klokker, bank- og kredittkort. Desse kan bli øydelagt av magnetfeltet.
  • Metallgjenstandar som briller, kulepennar, nøklar, hårnåler og smykke. Desse kan bli trekt inn mot apparatet i stor fart.  
  • Høyreapparat. Det kan bli påverka av magnetfeltet.
  • Tannprotesar. Dei kan forstyrre i bileta og lause tannprotesar må bli tatt ut om du skal undersøke hovudet/halsområdet.
  • Augesminke. Den kan innehalde små delar av metall som kan forstyrre bileta.
Dersom du bruker medisinar kan du ta dei på vanleg måte.

MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel 

I nokre tilfelle må vi sette kontrastvæske i ei blodåre. Da blir eit tynt plastrør (venekanyle) lagt inn i di blodåre. Dersom det er aktuelt å gi deg kontrastvæske i forbindelse med undersøkinga vil det i nokre tilfelle vere behov for å avklare nyrefunksjon ved hjelp av ein blodprøve. Er dette tilfelle for deg vil det stå i innkallingsbrevet ditt. MR-kontrast gir sjeldan biverknadar i form av allergiliknande reaksjonar. 

Har du klaustrofobi? 

Sjølv med litt klaustrofobi klarer dei aller fleste å gjennomføre undersøkinga. Du bør ta kontakt med avdelinga dersom du trur dette kan bli eit problem for deg. Vi har ulike måtar vi kan hjelpe deg på. Dersom du har vondt for å liggje og/eller trenger hjelp til å slappe av, må du be fastlegen om smertestillande/avslappande medikament i forkant av undersøkinga. 

Amming 

Overgang av kontrastmiddel til morsmjølk er minimal, og du kan ta MR sjølv om du ammer.

Førebuingar på sjukehuset 

Når du skal undersøke bukhola kan det vere nødvendig å sette ei sprøyte med eit stoff som reduserer tarmbevegelse ein liten periode. Tarmbevegelsar kan forstyrre i bileta. Det finnes ulike medisinar og personalet vil tilpasse dette for kvar enkelt pasient.  

Under

Tidsperspektiv: 20-45 minutt

Under undersøkinga ligger du på ein benk som blir ført inn i ei røyrforma maskin som er open i begge endar. Du ligger med hovudet eller beina først avhengig av kva for område på kroppen du skal undersøke. Det vi skal undersøke må ligge midt i magnetfeltet. Det er viktig at du ligger heilt stille for at kvaliteten på bileta skal bli bra. 

Ved MR-undersøkinga må ein legge ein spole (plate) over buken. Denne er nødvendig for å kunne lage MR bileta. Nokre gonger legger vi eit lite band over magen. Dette hjelper oss til å sjå korleis du pustar. Slik kan vi unngå forstyrring på bileta på grunn av 
pusten din. Ved enkelte MR opptak må du halde pusten, og da snakkar vi via øyreklokkene. 

Mens fotograferinga skjer høyrer du ein rekke bankelyder i maskinen. Du får øyreproppar eller øyreklokker som dempar bankelyden.

Undersøkinga tar omlag 15 til 60 minutt, avhengig av kva din lege har etterspurt. Du får nærmare informasjon om dette frå personalet når du kommer på avdelinga. 

Når bileta blir tatt går personalet ut av rommet. Dei ser deg gjennom eit vindauge. Du får ein alarm i handa, for å kunne kontakte personalet. Dei kan snakke med deg via ein mikrofon, og evt. komme inn i rommet kor du ligger. 

Føler du behov for å ha med pårørande, kan dei sitte inne med deg under sjølve undersøkinga. MR sjekklista gjelder også for pårørande som skal vere i rommet. 

Gjer det vondt? 

Undersøkinga gjer ikkje vondt i seg sjølv, men det kan vere vanskeleg å ligge stille. Det er derfor viktig å finne ei stilling som er komfortabel. Du får puter og anna støtte slik at du klarer å ligge stille. 

Man kan oppleve å bli varm under undersøkinga. Dette er ikkje vondt eller farleg. Denne følelsen gir seg når undersøkinga er over. 


 

Etter

Fekk du avslappande medikament for undersøkinga, kan du ikkje føre bil sjølv.

Resultat av undersøkinga

Bileta blir granska av ein røntgenlege som lagar ein skriftleg rapport av kva bileta viser. Rapporten blir sendt til legen som viste deg til undersøking.

Ver merksam

Kontrastvæska du drikker før undersøking av tynntarmen, fører til at det blir samla mykje vatn i tarmen. Du kan oppleve laus mage/diaré etter undersøkinga. 

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.

Fann du det du leita etter?