Under undersøkinga ligg du på ein benk som blir ført inn i ei røyrforma maskin som er open i begge endar. Du ligg med hovudet eller beina først avhengig av kva for område på kroppen du skal undersøke. Det vi skal undersøke må ligge midt i magnetfeltet. Det er viktig at du ligg heilt stille for at kvaliteten på bileta skal bli bra. Ved alle bekkenundersøkingar må ein legge ein spole (plate) over bekkenet. Denne er nødvendig for å kunne lage MR-bilete.
Mens fotograferinga skjer høyrer du ein rekke bankelyder i maskinen. Du får øyreproppar eller øyreklokker som dempar bankelyden.
Undersøkinga tar omlag 15 til 60 minutt, avhengig av kva legen din har etterspurt. Du får nærmare informasjon om dette frå personalet når du kjem på avdelinga.
Når bileta blir tatt går personalet ut av rommet. Dei ser deg gjennom eit vindauge. Du får ein alarm i handa, for å kunne kontakte personalet. Dei kan snakke med deg via ein mikrofon, og evt. komme inn i rommet der du ligg.
Føler du behov for å ha med pårørande, kan dei sitte inne med deg under sjølve undersøkinga. MR-sjekklista gjeld også for pårørande som skal vere i rommet.
Gjer det vondt?
Undersøkinga gjer ikkje vondt i seg sjølv, men det kan vere vanskeleg å ligge stille. Det er derfor viktig å finne ei stilling som er komfortabel. Du får puter og anna støtte slik at du klarer å ligge stille.
Man kan oppleve å bli varm under undersøkinga. Dette er ikkje vondt eller farleg. Denne følelsen gir seg når undersøkinga er over.