Medikamentprovokasjon av barn og unge – oraltest
Dette er ein test for å finne ut om barnet eller ungdommen får ein allergisk reaksjon mot eit medikament.
Vi kan òg teste medikamentallergi med å gje små mengder medisin i huda.
Før
Du skal ikkje nytte
- allergimedisinar (antihistaminar) den siste veka innan testen
- kortison (prednisolon) 24 timer innan testen
- fuktighets- eller kortisonkremer på armane testdagen
Du må være frisk på dagen for undersøkinga, og ikkje vere forkjølt, ha feber eller liknande. Testen blir utsett om du er sjuk. Det er også viktig at du ikkje har forverring av eit eventuell astma eller eksem når testen blir gjennomført.
Du blir tatt imot av ein sjukepleier som forklarer deg kva som skal skje. Sjukepleiaren tar pulsen og måler blodtrykket ditt. Det blir også tatt ein pusteprøve, kalla spirometri.
Under
Du får medisinane gjennom munnen ved å ete og svelgje dei. Provokasjonar på medikament som blir gitt gjennom munnen blir utførte av sjukepleiar. Det er vanleg å først gi 1/10 av medisindosen ein mistenkte utløyste den allergiske reaksjonen, og deretter resten (9/10) etter 30 minutt.
Avhengig av sjukehistoria kan ein gi dose nr. 2 opptil 1 veke seinare, og ved andre tilfelle held ein fram med to dosar kvar dag i fire dagar heime.
Etter
Du må vere på sjukehuset i to timar etter testen, nokre gonger lenger om det er behov for det.
Det er vanleg med legesamtale rett etter testen for å snakka om resultatet, eller så blir du kalla inn ein til poliklinisk samtale seinare.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Barn
Oppmøtestad
Våravdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga vår når du går ut i 3. etasje.Besøkstider
- I dag 17:00 - 18:30

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund