Ein kirurg undersøker deg poliklinisk for å slå fast om kulen faktisk dreier seg om eit brokk. Dersom dette framleis er uklart etter den kliniske undersøkinga kan det bli nødvendig med ultralyd eller CT-undersøking. Du får samtidig informasjon om moglege operasjonsmetodar og komplikasjonar.
Faste
Før operasjonen må du faste. Det inneber at du ikkje kan ete, drikke, tygge tyggegummi/drops, snuse eller røyke. Magesekken må vere tom for at ikkje mat eller væske skal komme over i lungene under narkosen. Det er viktig at du følgjer instruksjonane om korleis du skal kome godt førebudd til sjukehuset. Dersom du ikkje følger reglar om faste og røyking, kan du risikere at vi må utsetje operasjonen.
Du skal ikkje ete fast føde eller drikke mjølk i 6 timar før operasjonen. Du kan gjerne drikke klare væsker (vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te, kaffi utan mjølk/fløyte) inntil 2 timar før planlagt operasjon. Unngå røyk, snus, tyggegummi og sukkertøy i 2 timar før operasjonen. Inntil 1 time før operasjonen kan du svelge medisinar med eit glas vatn (maks. 150 ml).
Ved spesielle inngrep kan det vere andre rutinar som gjeld. Dette blir du orientert om på sjukehuset før operasjonen.
Du blir du tatt imot av sjukepleiar. Mens du ventar på operasjonen får du snakke med anestesilege og kirurgen som skal operere deg. Anestesilegen avgjer i samråd med deg og kirurg om du skal ha narkose, ryggbedøving eller lokalbedøving.