Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Livmorkreft er kreftsjukdom som har starta i sjølve livmora, og må ikkje forvekslast med kreft i livmorhalsen. Dei fleste kvinner som får livmorkreft er over 60 år. Hos mange kvinner blir sjukdommen oppdaga tidleg. Det gir gode moglegheiter for helsebot. Livmorkreft blir primært behandla med operasjon.
Dersom fastlegen har mistanke om kreft, blir du tilvist til gynekolog (på sjukehus eller privat) for utgreiing. Når gynekologen har grunngitt mistanke om kreft, blir du tilvist til pakkeforløp. Eit pakkeforløp er eit standardisert pasientforløp som beskriv organiseringa av utgreiing og behandling, kommunikasjon/dialog med deg og dine pårørande, og dessutan ansvarsplassering og konkrete forløpstider.
Pakkeforløp for kreft, helsenorge.no
Forløpskoordinatoren sørger for å sette opp timane du skal ha i utgreiinga.
I løpet av utgreiinga blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje.
Kva undersøkingar som blir gjorde varierer, og avheng av kva undersøkingar som er utførte før du kjem til vidare utgreiing. Vi tar ofte blodprøver og røntgenundersøkingar som ledd i utgreiing. Svar på vevsprøve vil gi endeleg diagnose.
Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil vi som oftast kunne avklare om du har kreft eller ikkje og vi tar avgjerd om diagnose. Har du ikkje kreft, avsluttar vi pakkeforløpet.
I somme tilfelle vil det også vere nødvendig å gjennomføre ei Pet-CT-undersøking, ei bildeundersøking med sporstoff.
Kartlegging av annan sjukdom som får noko å seie for gjennomføring av behandling. Det kan for eksempel vere undersøking av hjarte/lungefunksjon. For nokre kvinner vil undersøkingane avkrefte mistanke om kreft.
Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkluderte i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.
Om du har kreft, planleggjast kva behandling som er best for deg. Avgjerda om di behandling blir tatt i samråd med deg, vanlegvis basert på vurdering i eit tverrfagleg team-møte.
For pasientar med livmorkreft vil som regel behandlinga vere operasjon, cellegift eller strålebehandling, entan åleine eller i kombinasjon.
Den vanlegaste behandlingsforma for livmorkreft er operasjon. Både livmora, eggstokkane og eggleiarane blir fjerna. Ofte fjernar ein også lymfeknutar i bekkenet. Operasjon ved livmorkreft kan skje enten ved open kirurgi eller ved robotassistert kikholskirurgi.
Etter operasjonen blir det som er fjerna, undersøkt. Dersom denne undersøkinga viser at du tilhøyrer ei lågrisikogruppe, vil du vanlegvis ikkje ha behov for meir behandling. Dersom kreftcellene er meir aggressive, eller svulsten har vakse meir enn halvvegs inn i livmorveggen, tilhøyrer du høgrisikogruppa. Det same gjeld dersom sjukdommen har spreidd seg utanfor livmora di. Er du i denne gruppa vil du som oftast bli tilboden cellegiftbehandling etter operasjonen.
Dersom operasjon av ein eller annan grunn blir frårådd, blir strålebehandling i gitt i staden for.
Mange kvinner med livmorkreft må gjennom cellegiftkurar etter operasjonen for å redusere risikoen for tilbakefall.
Cellegiftbehandling ved livmorkreft er vanlegvis 6 cellegiftkurar som med 3 veker mellom kvar kur. Første kur blir gitt i dei fleste tilfelle 3–4 veker etter operasjon.
Ved langtkommen kreft der sjukdommen ikkje kan lækjast finst det no ei rekke moglegheiter til både livsforlengande behandling og god symptomførebygging og symptomlindring.
Mange pasientar kan leve bra i årevis med kreft som har spreidd seg, og mange døyr av heilt andre årsaker.
Det finst ei rekkje tilbod som kan vere til hjelp for å kome tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenkje rehabilitering og meistring av sjukdommen heilt frå sjukdomsstart og begynnelsen av behandlinga. Målet er å kunne fungere og leve med eller etter kreftsjukdom, med so god livskvalitet som mogleg.