HELSENORGE
Gynekologisk seksjon, Haugesund

Livmorhalskreft

Livmorhalskreft (cancer cervix) på eit tidleg stadium gir ofte ingen symptom, og blir som regel oppdaga når det blir tatt rutinemessig celleprøve frå livmorhalsen. Hos mange blir sjukdommen oppdaga tidleg, og i slike tilfelle er det gode moglegheiter for å bli frisk. Livmorhalskreft heng ofte saman med infeksjon med HPV-viruset. Livmorhalskreft blir primært behandla med operasjon, strålebehandling eller cellegift.

Innleiing

Mistanke om livmorhalskreft oppstår ved følgande symptom:

  • Blødingsforstyrringar
  • Bløding etter samleie
  • Underlivssmerter og / eller blodig utflod
  • Synlege suspekte forandringar på livmorhalsen

Legen tilviser deg først til utgreiing. Årsaka til dette er at du har eit eller fleire av symptoma, eller at det er utført undersøkingar som gir mistanke om at det kan vere ein kreftsjukdom.

Tilvising og vurdering

Når fastlegen har grunn til mistanke om kreft skal du bli tilvist direkte til eit pakkeforløp for kreft. Eit pakkeforløp er eit standardisert pasientforløp som beskriv organiseringa av utgreiing og behandling, kommunikasjon/dialog med deg og dine pårørande, samt ansvarsplassering og konkrete forløpstider.

Pasientinformasjon om pakkeforløp (helsedirektoratet.no)

Forløpskoordinatoren sørgjer for å setje opp timane du skal ha i utgreiinga.

Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Helsepersonell

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Utgreiing

I løpet av dette tidsrommet blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje.

Kva undersøkingar som blir gjort vil variere, og vere avhengig av kva undersøkingar som er utført før du kjem til vidare utgreiing. Det blir ofte tatt blodprøver og røntgenundersøkingar som ledd i utgreiinga. Svar på vevsprøve vil gje endeleg diagnose.

Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil det som oftast kunne avklarast om du har kreft eller ikkje. Avgjerd om diagnose blir tatt. Har du ikkje kreft, blir pakkeforløpet avslutta.

Pasientinformasjon - Utgreiing ved mistanke om livmorhalskreft (helsedirektoratet.no).

Undersøkingar som kan vere ein del av di utgreiing

Les meir om Gynekologisk undersøking

Gynekologisk undersøking

Gynekologisk undersøking (GU) er ei undersøking av underlivet hos kvinner. Det blir brukt ved utgreiing av gynekologiske lidingar. Legen vurderer både ytre og indre kjønnsorgan.

  1. Før

    Du må vere avkledd nedantil like før undersøkinga. Du kan ikkje ta livmorhalsprøve/ celleprøve dersom du har menstruasjon.

  2. Under

    Vanlegvis ligg du på ein benk med beina opp, hvilande i ein beinhaldar. For å få oversikt vil legen føre eit instrument inn i skjeden. Instrumentet blir påført glidemiddel for å gjere undersøkinga meir skånsam.

    Avhengig av årsak til undersøkinga kan det samtidig vere nødvendig å ta celle-, vevs-, bakterie- eller virusprøvar. Som eit ledd i undersøkinga vil legen legge eit press over magen samtidig som han/ho undersøker skjeden med 1-2 fingrar. Det kan også vere aktuelt å undersøke endetarmen. Den gynekologiske undersøkinga blir vanlegvis avslutta med vaginal ultralyd.

    I nokre tilfeller må gynekologen gjere ein generell undersøking, og vil ta både røntgen og blodprøvar.

    Undersøkinga gjer i utgangspunktet ikkje vondt. Ved mykje luft i tarmen kan ein likevel oppleve luftsmerter i samband med undersøkinga. Full urinblære kan også gi ubehag ved undersøkinga.

  3. Etter

    Når undersøkinga er ferdig kan du reise heim. Gynekologen dokumenter skriftleg kva undersøkinga viser.

    Resultat av undersøkinga

    I samband med undersøkinga vil du få informasjon frå legen om eventuelle funn. Konklusjon og prøvesvar vert så snart det er klart sendt til legen som tilviste til undersøkinga, for eksempel fastlegen din.

    Ved akutte tilstandar vil det bli gitt eit foreløpig svar like etter undersøkinga.

Gå til Gynekologisk undersøking

Les meir om
Behandlinga eller undersøkinga gjerast fleire stader
Les meir om MR-undersøking

MR-undersøking

Ved MR-undersøking ligg du i eit magnetfelt, mens MR-maskina lager bilete ved hjelp av radiobølger. MR-undersøking inneber ingen form for røntgenstråling.

MR-undersøking gir spesielt god framstilling av forandringar i muskulatur, bindevev og sentralnervesystemet. I tillegg kan MR framstille sjukdomsforandringar i skjelettet, hjartet, bryst, blodårer, urinvegar og bukorgan, inklusiv tarmsystemet.

  1. Før

    På grunn av det sterke magnetfeltet må sjukehuset eller tilvisande lege på førehand vite om du:

    • har pacemaker
    • har høyreapparat
    • har klips på blodkar i hovudet
    • har metallsplint i øye
    • er gravid
    • har anna innoperert metall i kroppen og elektronikk
    Sjekkliste: Dette må bli fjerna før undersøkinga:
    • Klokker, bank- og kredittkort. Desse kan bli øydelagt av magnetfeltet.
    • Metallgjenstandar som briller, kulepennar, nøklar, hårnåler og smykke. Desse kan bli trekt inn mot apparatet i stor fart.
    • Høyreapparat. Det kan bli påverka av magnetfeltet.
    • Tannprotesar. Dei kan forstyrre i bileta og lause tannprotesar må bli tatt ut om du skal undersøke hovudet/halsområdet.
    • Augesminke. Den kan innehalde små delar av metall som kan forstyrre bileta.
    Dersom du bruker medisinar kan du ta dei på vanleg måte.
    MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel
    I nokre tilfelle må vi sette kontrastvæske i blodet. Du får eit tynt plastrør (venekanyle) lagt inn ei blodåre. Dersom det er aktuelt å gi deg kontrastvæske i forbindelse med undersøkinga vil legen din bestille nyrefunksjonsprøve (blodprøve) som du må ta før MR-timen. Er dette tilfelle for deg vil det stå i innkallingsbrevet ditt. MR-kontrast gir sjeldan biverknadar i form av allergiliknande reaksjonar.
    Har du klaustrofobi?
    Sjølv med litt klaustrofobi klarer dei aller fleste å gjennomføre undersøkinga. Du bør ta kontakt med avdelinga dersom du trur dette kan bli eit problem for deg. Vi har ulike måtar vi kan hjelpe deg på. Dersom du har vondt for å liggje og/eller trenger hjelp til å slappe av, må du be fastlegen om smertestillande/avslappande medikament i forkant av undersøkinga.
    Amming
    Overgang av kontrastmiddel til morsmjølk er minimal, og du kan ta MR sjølv om du ammer.

  2. Under

    Under undersøkinga ligg du på eit bord som blir ført inn i ei rørforma maskin som er open i begge endar. Avhengig av kva område på kroppen som skal undersøkast ligg du med hovudet eller beina først.

    Mens fotograferinga skjer høyrer du ein rekke bankelyder i maskinen. Du får øyreproppar eller øyreklokker som dempar bankelyden. Det er viktig å ligge stille mens denne bankinga pågår.

    Føler du behov for å ha med pårørande, kan dei sitte inne med deg mens undersøkinga går føre seg.

    Skal du undersøke bekkenorgana, kan det vere nødvendig å sette ei sprøyte med eit stoff som får tarmen til å slutte å røre seg ei lita stund. Tarmrørsler kan elles gi forstyrringar i bileta.

    Undersøkingstida varierer frå 15 minutt til 1 1/2 time, avhengig av kva område som skal undersøkast og kor mange bilete ein skal ta.

    Gjer det vondt?

    Undersøkinga gjer ikkje vondt i seg sjølv, men det kan vere vanskeleg å ligge stille. Det er derfor viktig å finne ei stilling som er komfortabel. Dersom du har vondt for å ligge og/eller treng hjelp til å slappe av, må du be fastlegen om smertestillande/avslappande medikament i forkant av undersøkinga.

    Man kan oppleve å bli varm under undersøkinga. Dette er ikkje vondt eller farleg. Denne følelsen gir seg når undersøkinga er over.

    Ved ein del undersøkingar er det nødvendig å gi kontrastvæske i ei blodåre i armen for at organ eller blodårer skal kome godt fram på bileta. Forutan eit stikk i armen, gir dette vanlegvis ikkje noko ubehag.

  3. Etter

    Er du innlagt på sjukehuset kjem du tilbake til avdelinga. Dersom du har fått kontrastvæske, må du vente til det har gått 30 minutt. Ellers kan du reise hjem når du er ferdig. Har du brukt avslappande medikament bør du ikkje køyre bil sjølve.

    Resultatet av undersøkinga
    Bileta blir granska av ein radiolog (overlege) som lager ein skriftleg rapport av kva bileta viser. Rapporten blir sendt til legen som tilviste deg. Bileta og rapporten blir lagra i datasystemet vårt.

Ver merksam

MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel

For pasientar med sterkt redusert nyrefunksjon kan det oppstå alvorlege biverknader etter bruk av MR- kontrastmiddel.Det blir tatt særlege omsyn til denne pasientgruppa. MR-kontrastmiddel kan ein gi der det er nødvendig å påvise sjukdomtilstandar, etter nøye medisinsk vurdering.

Dersom det er aktuelt å gi deg kontrast i forbindelse med undersøkinga vil det i nokre tilfelle vere behov for å avklare nyrefunksjon ved hjelp av ein blodprøve. Er dette tilfelle for deg vil det stå i innkallingsbrevet ditt.

Gå til MR-undersøking

I enkelte tilfelle vil det også vere nødvendig å gjere ein PET-CT-undersøking, ei bildeundersøking med sporstoff.

I tillegg blir det gjort ei kartlegging av anna sjukdom som får betydning for gjennomføring av behandling. Det kan for eksempel vere undersøking av hjarte/lungefunksjon.

For nokre kvinnar vil undersøkingane avkrefte mistanke om kreft.


​​​Pakkeforløp heim​

Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i Pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet skal du som pasient få avdekt dine individuelle behov for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.

Les meir på helsenorge.no:

Pakkeforløp heim for kreft (helsenorge.no)​





Behandling

Om du har kreft, planleggjast no kva behandling som er best for deg. Avgjerda om di behandling blir tatt i samråd med deg, vanlegvis basert på vurdering i eit tverrfagleg team-møte.

Du har rett til å vere med å bestemme og vi avgjer saman med deg. Dette kallast samval. Om det finnast fleir moglegheiter, får du informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Då kan du vurdere desse opp mot kvarandre, ut frå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille oss:
  1. Kva alternativ har eg?
  2. Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
  3. Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokon av desse?

For pasientar med livmorhalskreft vil som regel behandlinga vere operasjon, cellegift eller strålebehandling åleine eller i kombinasjon.

Kva slags behandling du skal ha, blir bestemt av kva stadium sjukdommen er i og kor stor svulsten er. I nokre få tilfelle blir det tilbydd operasjon, men som oftast får du tilbod om stråling og cellegift samtidig.

Cellegift blir gitt til nokre pasientar når svulsten er stor, og der vi trur han kan reduserast med cellegift - for så å bli fjerna ved operasjon.

Behandling med kirurgi

Kva type kirurgi som blir valt er avhengig av kva sjukdommens stadium, og om du har ønske om barn eller ikkje:

  • Konisering
  • Fjerning av livmor og livmorhalsen (enkel hysterektomi)
  • Fjerning av livmor, livmorhalsen og støttevev omkring, samt øvre del av skjeden (radikal hysterektomi)
  • Fertilitetsbevarande operasjon - fjerning av livmorhals med bevaring av livmor
  • Fjerning av lymfeknutar i bekkenet
Les mer om Fjerning av livmortapp (konisering)

Fjerning av livmortapp (konisering)

Konisering vil si at vi fjerner den ytre delen av livmorhalsen (livmortappen). Dette blir gjort når det er registrert middels eller store celleforandringer. Disse celleforandringene sitter oftest ytterst på livmortappen. Når du har fjernet denne ytre delen av livmorhalsen, regner vi med at du er ferdigbehandlet for celleforandringer. Du skal likevel ha jevnlige kontroller i etterkant.

Dersom vevsprøver fra livmorhalsen din bekrefter mistanke om celleforandringer, anbefaler vi en mindre operasjon for fjerning av livmortappen.

  1. Før

    Operasjonen gjøres som regel i narkose, men kan også gjøres med lokalbedøvelse eller ryggbedøvelse (spinal).

    Dersom du skal ha narkose, vil du før operasjonen snakke med anestesipersonell som har ansvar dette.

  2. Under

    Konisering er en skånsom behandling. En kjegleformet bit ytterst på livmortappen blir fjernet med en liten elektrisk varmeslynge. Siden det vanligvis ikke er nødvendig å sy, vil det være en viss risiko for blødning.

  3. Etter

    Etter inngrepet blir det noen ganger lagt inn en spesiell tampong i skjeden som begrenser blødning. Denne fjerner du selv etter 4 timer, etter avtale med lege.

    Hvis du skulle begynne å blø, tar du kontakt med avdelingen som behandlet deg. Blødningsfaren er størst de første dagene etter koniseringen. Du må også ta kontakt ved økende smerter og/eller feber.
    Som regel har dette inngrepet liten betydning for senere svangerskap.

    Dersom du har blødning, må du ikke bade i badekar/basseng og ikke bruke tampong. Du bør avstå fra samleie de første 3-4 ukene.

    Du bør være forsiktig med tunge løft og hard fysisk trening de første 1-2 ukene, men moderat aktivitet er fint.

Vær oppmerksom

  • Unngå samleie, karbad, tampongbruk og store fysiske anstrengelser i 4 uker, eller så lenge du blør. Sykemelding vil være aktuelt i én dag.
  • Noen får menstruasjonslignende smerter etter konisering. Det går ca. 3 uker før såret på livmorhalsen gror, og i denne tiden må du regne med utflod med blod.
  • Biten som er skåret bort sendes til undersøkelse. Du vil få informasjon om prøvesvar og skal til kontroll enten hos fastlege eller på sykehuset 6 måneder etter inngrepet. Hvis kontrollprøven er normal, skal du deretter ta ny celleprøve med såkalt HPV-test hos fastlegen etter 1 år. Dersom også denne prøven er normal og med negativ HPV, skal du ta neste celleprøve med HPV-test etter ytterligere 3 år, også denne hos fastlege.

Gå til Fjerning av livmortapp (konisering)

Livmorhalskreft som ikkje er i eit tidleg stadium behandlast med strålebehandling. Dette blir då som regel gitt i kombinasjon med cellegift. Når du får cellegift saman med strålebehandling, aukar effekten av strålebehandlinga. Strålebehandlinga blir vanlegvis gitt først som «vanleg utvendig stråling», deretter gir ein gjerne 4 dosar med innvendig stråling, brachyterapi.

Les meir om Cellegiftbehandling

Cellegiftbehandling

Cellegift, også kalla kjemoterapi eller cytostatika, er medisinar som brukast for å behandle sjølve kreftsjukdommen. Cellegift øydelegg kreftcellene. Også friske celler blir skada, derfor opplever mange ulike biverknadar av cellegift.

Målet med cellegiftbehandlinga avheng av sjukdommens stadium:

  • Kurativ behandling har som mål å kurere sjukdommen
  • Livsforlengande behandling har som mål å forlenge livet
  • Symptomlindrande behandling har som mål å lindre plagsame symptom
Kor lenge og kor mykje vi skal behandle sjølve kreftsjukdommen, er ofte ei vurdering. Dine ønske og kunnskap om sjukdommen er vesentleg å ta omsyn til. Allmenntilstanden din har stor betydning for kva behandling du bør få. Nokre gangar må vi starte behandlinga for å sjå korleis den virker på deg og kreftsjukdommen. Informasjon frå deg og dine pårørande, samt dialog mellom deg og legen, er avgjerande når vi skal planlegge, starte og avslutte den vidare behandlinga. Du får informasjon om kva som er hensikta med behandlinga som blir tilbydd.
  1. Før

    Før kuren startar må du ta blodprøvar. Dette gjer du oftast same dag eller dagen før. Ved enkelte typar cellegiftkurar skal du også ta EKG før første kur.

    Vi anbefaler å ete eit lett måltid før cellegiftbehandlinga.

  2. Under

    Vanlegvis får ein cellegiftkurane intravenøst, det vil seie gjennom ei blodåre. Ved utvalte kreftsjukdommar kan cellegift også setjast direkte i urinblæra eller i ryggmargsholrommet. Cellegift som tablettar eller kapslar svelgast heile med rikeleg drikke. Varigheita av ei cellegiftbehandling kan variere frå nokre minutt til fleire dagar. Intervallet mellom kurane er vanlegvis ei til fire veker.

    Ein cellegiftkur kan bestå av ulike typar cellegift som ein får fortløpande etter kvarandre. Nokre kurar krev innlegging på sengepost, men ofte kan ein få ein slik kur på poliklinikkane.

  3. Etter

    I samband med cellegiftbehandling er det viktig med god hygiene, fordi nedbrytingsprodukta blir skylt ut gjennom slimhinner, urin, avføring og oppkast. Dette gjeld særleg det første døgnet etter avslutta kur. Her følger nokre generelle råd:

    • Vask hendene godt med varmt vatn og såpe etter toalettbesøk

    • Bruk papir for å tørke opp eventuelt søl, vask deretter med vatn og såpe

    • Kast bind og bleier i ein eigen plastpose

    • Vask klede og sengeklede som blir tilsølt med ein gong

    • Ved seksuell kontakt bør ein bruke kondom

    Ved å følge desse forholdsreglane kan du trygt vere i lag med andre akkurat som før – også barn og gravide. Nærkontakt med personar som har symptom på infeksjonssjukdom bør ein derimot unngå.

    Ernæring under cellegiftbehandling

    Behandling med cellegift kan gi dårleg matlyst. Dersom du har vedvarande nedsett matlyst over fleire dagar er det viktig at du kontaktar sjukepleiaren din eller ein annan kontaktperson på sjukehuset. Det er viktig at du drikk godt, minimum to liter væske dagleg. Dette fordi mange cellegifttypar og deira nedbrytingsprodukt blir skylt ut med urinen. Rikeleg inntak av væske kan òg førebygge kvalme.

    Energirike drikker og vatn er bra. Når det gjeld mat, er det ofte lettare å få i seg kald enn varm mat, salt mat i staden for søt mat og flytande i staden for fast. For eksempel kan salat og brød, eggerøre og røykalaks eller tomatsuppe smake godt.

    Det kan også vere lurt å spe på med næringsrike mellommåltid, som ost, tørka frukt, nøtter og næringsrik drikke. Det finst ulike typar næringsdrikke som du kan få på resept eller kjøpe på apoteket. Du kan også tilsetje næringspulver i matlaginga. Sjå også eigne brosjyrar for meir informasjon om ernæring.Forsøk å lage appetittvekkande og innbydande måltid, men ver oppmerksam på at cellegiftbehandling ofte fører til at maten smakar annleis enn før.

    Biverknader og komplikasjonar

    Cellegiftbehandling gir ofte fleire biverknader fordi behandlinga også påverkar dei normale cellene i kroppen. Intensiteten og varigheita av biverknadene avheng av type cellegiftkur og varierer frå person til person.

    Auka risiko for infeksjonar

    Dei fleste cellegiftkurane gir nedsett beinmargsproduksjon av raude og kvite blodlekamar (celler), samt blodplater. Talet på kvite blodlekamar minkar etter behandlinga. Dette oppstår oftast fem til 15 dagar etter kuren og er avhengig av kva slags kur du har fått. I denne fasen er ein ekstra utsett for infeksjonar. Unngå difor nærkontakt med menneske som tydeleg har symptom og teikn på infeksjon. Cellegiftbehandlinga kan redusere nivået av blodplater, som kan medføre auka blødingsfare. Etter langvarig behandling kan også produksjonen av raude blodlekamar bli redusert, og blodoverføring kan vere aktuelt.

    Alle desse biverknadene som påverkar beinmargen er forbigåande og det er ingen praktiske ting du kan gjere for å betre denne tilstanden. I utvalte tilfelle er det aktuelt å gi medisinar som stimulerer produksjonen av kvite blodceller.

    Kvalme og brekningar

    Fleire cellegiftkurar kan gi kvalme og brekningar. Ubehaget kjem ofte nokre timar etter avslutta behandling og kan vare i eitt til fire døgn etter siste behandlingsdag. Dei siste åra har vi fått veldig effektive kvalmestillande medikament mot kvalme som skuldast cellegift. Det er derfor svært viktig at du tar slike medikament som er føreskrive av legen din på sjukehuset. Psykiske faktorar som stress og angst kan også påverke opplevinga av kvalme. Berre tanken på neste kur kan vere nok til å utløyse brekningar hos enkelte.

    Slappheit

    Slappheit er ein vanleg biverknad av cellegiftbehandling dei første eitt til tre døgna. Slappheita går gradvis over dei neste dagane.

    Håravfall

    Nokre cellegiftkurar kan føre til at ein heilt eller delvis misser håret på hovudet og at kroppshår blir tynna ut. Dette skjer vanlegvis etter ein til to kurar. Håret kjem gradvis tilbake etter avslutta behandling. Trygdekontoret gir økonomisk støtte til parykk og hovudplagg når pasienten har attest frå lege.

    Smerter

    Nokre få cellegifter kan gi kortvarige smerter i armen fordi det oppstår ein irritasjon av blodåreveggen. Andre cellegifter kan skade normalt bindevev og muskulatur dersom cellegift kjem utanfor blodåra.

    Feber

    Enkelte cellegiftkurar gir feber nokre timar etter behandlinga. Dette er ein normal reaksjon, og er ikkje farleg. Det er på den andre side svært viktig å vere oppmerksam på feber som oppstår mellom kurane, då dette kan vere det første teiknet på ein livstruande infeksjon. Ved feber over 38 gradar mellom kurane må lege kontaktast med ein gong.

    Skade på slimhinner

    Fleire cellegifter kan forårsake slimhinnebetennelse i munn og svelg, tarmar, magesekk, urinblære og underlivet hos kvinner. Betennelse i munnslimhinna kan gi smerter ved tygging og svelging av mat og dermed nedsett matlyst. Sår i magesekk og tynntarmens slimhinner kan oppstå. Sårheit i blæreslimhinna kan medføre svie ved urinering, samt hyppig vasslating, og sårheit i skjeden kan gi smerter ved samleie. Det er vanleg at såra lækjer seg sjølve etter nokre dagar og i god tid før påfølgande cellegiftbehandling.

    Påverknad av kjønnskjertlar

    Under behandlinga kan kvinner få uregelmessig menstruasjon, eller den kan stoppe heilt opp. Likevel bør kvinner bruke prevensjon både i behandlingsperioden og i cirka eitt år etter behandling er avslutta, på grunn av risiko for skadar på eggcellene under behandlinga.

    Produksjon av sædceller hos menn blir påverka og dette gjer at befruktningsevna kan bli nedsett. Menn bør også bruke prevensjon for å hindre overføring av skada sædceller til partnaren. Graden og varigheita av nedsett befruktningsevne er først og fremst avhengig av alder. Dess yngre ein er, dess betre er sjansen for å bevare befruktningsevna.

    Skade på nervar

    Det kan oppstå forbigåande skade på små nerveforgreningar, som kan gi ei kjensle av at tær og fingertuppar dovnar bort og er kalde. Slike bivirkverknader forsvinn vanlegvis innan nokre veker til månader etter avslutta behandling. I nokre tilfellar vil du måtte stoppe eller endre på cellegiftsbehandlinga for å unngå varige plagar.

Ver merksam

  • Når du er under cellegiftbehandling kan du vere ekstra utsett for infeksjonar. Unngå derfor nærkontakt med menneske som openbart har symptom og teikn på infeksjonar.
  • Ved feber over 38 grader mellom cellegiftkurane må du kontakte lege umiddelbart.

Gå til Cellegiftbehandling

Les meir om Strålebehandling

Strålebehandling

Strålebehandling bruker vi både for å kurere kreftsjukdom, som lindrande behandling, og for å førebygge utvikling av sjukdomen. Strålebehandling blir gitt så målretta som mogleg for å gjere minst mogeleg skade på friskt vev. 

Helse Fonna har ikke lokalt tilbud om strålebehandling. Når du er pasient hos oss, foregår derfor strålebehandlingen som regel ved Helse Bergen Haukeland universitetssjukehus. For pasienter som har vært til undersøkelse/screening i det nasjonale Mammografiprogrammet, vil strålebehandlingen som regel skje ved Stavanger universitetssjukehus. Du vil få informasjon om hva som gjelder for deg.

Informasjon om strålebehandling hos Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus

Informasjon om strålebehandling hos Helse Stavanger, Stavanger universitetssjukehus

  1. Før

    All strålebehandling er individuelt tilpassa. For at vi skal kunne planlegge og gjennomføre behandlinga, krev det at vi har eit godt tverrfagleg samarbeid av eit fagteam som består av legar, medisinske fysikarar og stråleterapeutar. Legane vurderer sjukdomsbiletet og avgjer kva område som skal behandlast og kor høg stråledose vi skal gi. Talet på behandlingar (fraksjonar) varierer avhengig av svulsttype, størrelse, lokalisasjon og hensikta med behandlinga. Medisinske fysikarar og stråleterapeutar planlegg og kvalitetssikrar behandlinga.

    Vi tar vanlegvis CT-bilete av den delen av kroppen vi skal behandle. CT-bileta blir brukt til å lage eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg som vi kallar doseplan. Nokre skal ha intravenøst røntgenkontrastmiddel (dvs. røntgenkontrastmiddel satt inn i ein blodåre) ved CT-undersøkinga. På CT vil det bli teikna med tusj på huda di og ofte tatoverer vi også på små hjelpemerke. Dette gjer vi for å kunne kontrollere at du ligg på same måte ved kvar behandling. CT-undersøkinga blir utført på stråleterapiavdelinga.

  2. Under

    Sjølve strålebehandlinga startar som regel i løpet av veka etter CT-undersøkinga, og blir utført av stråleterapeutar ved eit behandlingsapparat. Ved første behandlinga får du grundig informasjon, og du får utlevert ei liste over datoar og tidspunkt for resten av den planlagte behandlinga.

    Behandlinga gir ein vanlegvis dagleg måndag til fredag. Kvar behandling tar cirka 10 - 30 minutt, men sjølve strålinga varer berre i eit par minutt og er heilt smertefri.

  3. Etter

    Dersom du ikkje er innlagt på sjukehuset i behandlingsperioden får du jamleg oppfølging og kontroll hos lege og sjukepleiar på poliklinikken.

    Strålebehandlinga kan gi ulike biverknader. Kva slags biverknader og graden av desse kjem an på stråledose, kva område på kroppen som blir behandla og størrelsen på strålefeltet. Helsepersonell gir deg grundig informasjon om behandlinga og kva slags biverknader du kan forvente, samt tiltak mot desse.

Gå til Strålebehandling

Lindrande behandling

Ved langt komen kreft der sjukdommen ikkje kan lækjast finst det no ei rekkje moglegheiter til både livsforlengande behandling og god symptomførebyggjing og symptomlindring.

Mange pasientar kan leve bra i årevis med kreft som har spreidd seg, og mange døyr av heilt andre årsakar.

Oppfølging

Etter behandlinga er det vanleg å bli fulgt opp med kontrollar:

  • Første 2 år: Kontroll kvar 3. månad
  • Fra 3. til og med 5. år: Kontroll kvar 6. månad
  • Etter 5 år: Kontroll årleg

Rehabilitering og meistring ved kreftsjukdom

Det finst ei rekkje tilbod som kan vere til hjelp for å kome tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenkje rehabilitering og meistring av sjukdommen heilt frå sjukdomsstart og begynnelsen av behandlinga. Målet er å kunne fungere og leve med eller etter kreftsjukdom, med so god livskvalitet som mogleg.

Les meir om Rehabilitering og mestring ved kreftsjukdom

Rehabilitering og mestring ved kreftsjukdom

Kreftsjukdom kan påverke livssituasjonen på mange måtar; fysisk, mentalt, praktisk og sosialt. Derfor er det viktig å tenke rehabilitering og meistring av sjukdommen heilt frå sjukdomsstart og starten av behandlinga. Målet er å fungere og leve med eller etter kreftsjukdom, med så god livskvalitet som mogleg.

Det finst ei rekke tilbod som kan vere ein hjelp til å kome tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom, blant anna rådgiving, fysioterapi, sexologisk rådgiving, opptrening og kurs.

  1. Før

    Dersom nokon av tilboda krev førebuing vil du få beskjed om det.

  2. Under

    Lista nedanfor er ei oversikt over rehabiliteringstilbod som kan vere aktuell der du bur. Ta kontakt med fastlegen din eller ditt lokale sjukehus for å finne ut kva som er tilgjengeleg der du bur og/eller behandlast.

    Ergoterapi

    Har du behov for tilrettelegging heime og/eller tekniske hjelpemidlar som følge av sjukdommen, kan du få hjelp av ein ergoterapeut. Ergoterapeuten hjelper med å finne ut kva du treng, søke om tekniske hjelpemidlar, og formidling av kontakt med lokalt hjelpeapparat.

    Ernæring

    Eit sunt og variert kosthold er viktig gjennom heile livet for at kroppen skal få i seg dei næringsstoffa den trenger. Ved kreftsjukdom og -behandling aukar ofte behovet for næringsstoff, samtidig som appetitten reduserast. Dette kan gjer det vanskeleg å få i seg nok og riktig mat. Ufrivillig vekttap over tid vil minske motstanden mot infeksjon, gi redusert livskvalitet og kan føre til at eventuelle sår gror saktare.

    Om du ikkje klarar å få i deg nok mat, kan legen din tilvise deg til ein klinisk ernæringsfysiolog. Ein klinisk ernæringsfysiolog har spesialkompetanse om kosthold ved sjukdom. Hun/han tilpassar ernæringsbehandlinga til dine behov. Det kan for eksempel dreie seg om å tilføre næringsstoff og tilpasse konsistensen på maten, auke tal av måltid, eller supplere med næringsdrikkar, sondeernæring og intravenøs ernæring.

    Nokre pasientgrupper blir automatisk tilvist til klinisk ernæringsfysiolog fordi sjukdommen og behandlinga medfører utfordringar med maten, ut frå tidlegare erfaringar.

    Fysioterapi, opptrening og behandling

    Hensikta med fysioterapi er å hjelpe pasientar med å meistre fysiske funksjonar, samt å motverke komplikasjonar og seineffektar av kreftsjukdom og/eller behandling.

    Lungefysioterapi er ein viktig del av behandlingstilbodet. Hensikta med behandlinga er å førebygg lungekomplikasjonar etter operasjon og å behandle allereie oppståtte lungeproblem. Fysioterapibehandlinga starter på intensivavdelingane eller på sengepostane, og følgast opp med opptrening i treningssal og/eller på pasientrom etterpå.

    Fysioterapeutane behandlar først og fremst pasientar som er innlagd på sjukehuset. Dei samarbeida tett med legar og sjukepleiarar og følger opp pasientane under heile sjukehusopphaldet dersom det er behov for det. All fysioterapibehandling skjer etter tilvising frå lege.

    Lærings-og meistringskurs

    Mange sjukehus tilbyr lærings- og meistringskurs til kreftpasientar og deira pårørande. Dette er tilbod til pasientar og pårørande som ønsker kunnskap og kompetanse om sin sjukdom og behandling. Hensikta er at du får kunnskap nok til å kunne vere med i eigen behandlings- og rehabiliteringsprosess og til å kunne ta sjølvstendige val.

    Kursane gir informasjon om sjukdom og behandling, råd om livsstil og hjelp til å meistre sjukdom og fremme eiga helse. Du vil møte pasientar og pårørande som er i same situasjon, og du får moglegheit til å dele refleksjonar og erfaringar.

    Psykiatrisk behandling og støttebehandling

    Alvorleg og langvarig sjukdom kan vere ein stor påkjenning. Mange vil oppleve stressande symptom i kvardagen, og nokon vil kunne utvikle angst og depressive symptom. Fleire får også symptom som fører til nedsett funksjon i kvardagen. Dette kan føre til depresjon og angst. Det finnes ulik grad av angst- og depresjonslidingar.

    Psykiatrisk behandling

    Angst og depresjon kan betrast ved hjelp av psykiatrisk behandling, som for eksempel samtalebehandling. Nokon vil i tillegg ha nytte av medikamentell behandling. Psykiatrar, psykologar og psykiatrisk sjukepleiar ved mange av dei store sjukehusa arbeider tett samen om å behandle angst og depressive lidingar hos kreftpasientar.

    Støttesamtaler

    Mange kan oppleve generelle stressande symptom i kvardagen. Då kan det vere nyttig med støttesamtalar om tankar og følelsar sjukdom kan føre med seg, og om endringar i familie- og livssituasjon. Både psykiater, psykolog, psykiatrisk sjukepleiar og sosionom kan gi generell støttesamtale. Sosionomane kan i tillegg gi rettleiing om økonomi og rettar.

    Dersom du trur du kan ha nytte av psykiatrisk behandling for angst og depresjon, eller at du har behov for støttesamtalar, må du snakke med din kontaktsjukepleiar eller behandlande lege som kan tilvise deg.

    Pusteromma

    Eit pusterom er eit trenings- og aktivitetssenter som tilbyr tilpassa fysisk aktivitet til kreftpasientar under og etter behandling. Det er også ein møteplass og sosial arena for pasientar i same situasjon. Dei tilsette på pusteromma har spesialkompetanse innan fysisk aktivitet og kreft.

    Du kan delta i gruppetrening og/eller få individuelt tilrettelagt treningsprogram. kvart pusterom har eigne timeplanar og opningstider.

    Ved å klikke på lenka nedanfor kan du få ein oversikt over kva av landets sjukehus som har pusterom, og meir detaljert informasjon om kva som blir tilbudd hos usterommea.

    Les meir om pusterommas tilbod

    Raskare tilbake - fysisk og psykisk rehabilitering etter kreftbehandling

    Mange sjukehus tilbyr fleire rehabiliteringstilbod for kreftpasientar innafor raskare tilbake-ordninga. Raskare tilbake-ordninga kan omfatte helsehjelp til pasientar som har sjukepengerettigheitar (dvs. som er sjukmeldt eller står i fare for å bli sjukmeldt). Formålet med helsehjelpen er at man raskare skal bli i stand til å gå tilbake til arbeidet sitt, eller unngå sjukmelding.

    Ta kontakt med fastlegen dine eller sjukehuset der du bur/behandlast for å finne ut om det finst eit raskare tilbake-tilbod der du bur.

    Sexologisk rådgiving

    Kreftsjukdom og kreftbehandling kan påverke sexlivet. Dette kan ha ulike årsakar, blant anna hormonendringar, nerveskader, seineffektar etter strålebehandling og cellegift/kjemoterapi, fatigue (utmatting) og endra kroppsbilde.

    Mange av dei store sjukehusa tilbyr sexologisk rådgiving av ein erfaren kreftsjukepleiar som er spesialist i sexologisk rådgiving. Du kan få råd og hjelp knytt til ereksjonsproblem, manglande sexlyst, smerter ved samleie, endra sjølvbilete, eller råd om korleis du og din partnar kan snakke samen om desse utfordringane. Du kan kome aleine eller samen med partnar.

    Dersom dette er eit tilbod du trur du kunne ha nytte av, må du snakke med legen din som kan tilvise deg til sexologisk rådgiving.

    Trening

    Er du, eller har vert ramma av kreft, kan det vere veldig motiverande og helsefremmande å delta på trening spesielt tilrettelagt for kreftramma. Mange kommunar har eigne treningstilbod til kreftpasientar. Ta kontakt med din fastlege eller kommunen din for å finne ut om det finst eit slikt tilbod der du bur eller behandlast.

    Vardesentra

    Vardesentra er opne for alle som er, eller har vært, rørt av kreft. Sentra, som drives av dei største sjukehusa og Kreftforeininga i fellesskap, tilbyr både individuell samtale og eit stort utval av aktiviteter, kurs og temamøter. På Vardesenteret kan pasientar møte og snakke med andre i same situasjon. Målet er å bidra til at kreftramma får et aktivt kvardagsliv med eller etter kreftsjukdom eller behandling.

    Les meir om Vardesentra

    Økonomi og rettar (sosionomtenester)

    Alvorleg og langvarig sjukdom kan påverke livssituasjonen på mange områder i livet. Nokon kan også oppleve praktiske utfordringar knytt til utdanning, arbeidsliv, økonomi, bustad eller heimesituasjon.

    Sosionomar knytt til sjukehusa kan hjelpe deg med å meistre desse endringane og gi råd og rettleiing om kva ordningar som passer for deg og kva rettigheter du har. Sosionomane kan også gi tilbod om støttesamtalar.

    Dersom du ønsker å snakke med ein sosionom, kan du be din behandlande lege eller kontaktsjukepleiar om å tilvise deg.

  3. Etter

Gå til Rehabilitering og mestring ved kreftsjukdom

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Apotek Haugesund sjukehus

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Kantine og kiosk Haugesund sjukehus

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




Kva bør du ha med til sjukehusopphaldet?

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Minibank Haugesund

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkering

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​


Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.

Fann du det du leita etter?