Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Leversvikt

Levra har mange funksjonar. Den produserer galle, protein og koagulasjonsfaktorar. Levra er viktig for stoffskiftet og hormonbalansen. Den er òg eit viktig lagringsorgan for karbohydrat, feittstoff, jern og vitamin. Mange medisinar og giftstoff blir brotne ned i levra. Ved leversvikt er levercellene skadd og klarer ikkje å utføre dei normale oppgåvene sine.

To grader av leverskade eller leversvikt

Avhengig av kor mykje og kor raskt levercellene blir skadde kan ein skilje mellom to grader av leverskade eller leversvikt. Reservekapasiteten til levra er stor, så leversvikt er relativt sjeldan. Akutt leversvikt blir utvikla ved akutt og stor levercelleskade. Dette er ein alvorleg tilstand. Andre organ som til dømes nyrer kan òg bli påverka.

Den vanlegaste årsaka til akutt leversvikt i Noreg er paracetamolforgiftning. Andre årsaker er virusinfeksjonar eller stoffskiftesjukdommar.

Ved kronisk leversjukdom er skaden mindre og utviklar seg over tid. Sjukdommen kan vere mild til moderat i mange år, men kan utvikle seg til alvorleg kronisk leversvikt eller få ein akutt forverring (akutt på kronisk leversvikt).

Døme på sjukdommar som kan føre til kronisk leversvikt er autoimmune leversjukdommar, hepatitt B og C, langvarig alkoholoverforbruk og overvekt.

Ved leversvikt kan ein ha ei rekke symptom som skylder svikt i dei ulike funksjonane som levra har. Ein treng ikkje å ha alle symptoma, men ein kombinasjon av fleire er vanleg.

Vanlege symptom er gulskjær i huda og på det kvite i auga (gulsott/ikterus), væskesamling i magen (ascites) eller i beina, kløe, åreknutar på matrøyret (varicer), trøyttleik, forvirring (encefalopati), appetittløyse og vekttap.

Utredning

Vanlegvis vil pasienten oppsøke lege på grunn av symptom. Legen vil då som oftast gjennomføra fleire typar undersøkingar for å fastslå om du har leversvikt eller ikkje.
INR, bilirubin og albumin er stoff som blir målt i blodet, og er markørar for leverfunksjonen. Ved nedsett leverfunksjon vil INR og bilirubin stige og albumin synke. Det er òg vanleg med stigning i leverprøvar (ASAT og ALAT). Ei rekke andre blodprøvar kan vere forandra avhengig av kvar alvorleg leversvikten er.

Vevsprøve frå levra (biopsi) blir ofte gjort dersom diagnosen er usikker.

Av og til blir det òg gjort endoskopiske undersøkingar som til dømes undersøkingar av gallegangane (ERCP) eller innvendig ultralyd (endoskopisk ultralyd).

Behandling

Vi ønsker å behandle årsaka til sjukdommen om det er mogleg, rette opp igjen ubalansen som følgje av leversvikten og forhindre utvikling til meir alvorleg leversvikt. Legen tar utgangspunkt i årsaka til leversvikten og funn i utgreiinga ved val av behandling.

Aktuell behandling kan vere medikament (f. eks. vanndrivende), endoskopisk behandling (f. eks. gastroskopi) og drensbehandling (f. eks. ascitestapping).

I alvorlege tilfelle kan det vere behov for behandling på intensiv avdeling.

I nokre tilfelle kan levertransplantasjon vere einaste behandlingsutveg. Ein må gjennomgå ei omfattande utgreiing for å sjå om ein er aktuell for transplantasjon. Ikkje alle er kandidatar for transplantasjon av ulike grunnar.

Oppfølging

Ein blir som regel følgd opp av lege med jamlege konsultasjonar, blodprøvar og røntgenundersøkingar. Forløpet er individuelt. Nokon stabiliserer seg med tilfredsstillande leverfunksjon og kan kontrollerast vidare. Andre vil ha behov for levertransplantasjon.

Ved redusert, men stabil leverfunksjon, er det fint å vere i moderat fysisk aktivitet, helst litt kvar dag.
Eit generelt råd er å ha eit variert og sunt kosthald. Dersom ein er plaga med mykje væske i kroppen, kan det vere aktuelt å redusere saltinntaket. Du skal ikkje drikke alkohol.

Alle medisinar bør takast i samråd med lege.

Kan eg ta Paracetamol når eg har leversvikt?

Paracetamol bør berre takast i samråd med legen din og anbefalast ikkje eller i mindre dosar enn vanleg.

Kan eg bli frisk av leversvikt?

Ein kan bli frisk av leversvikt, viss den til dømes er alkoholrelatert og ein sluttar å drikke alkohol. Mange er stabile over lang tid utan forverring.

Kontakt

  • Kontakt Gastromedisinsk poliklinikk

    Oppmøtestad

    Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Gå til ventesone 7 når du har registrert deg.

    Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

    Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

    En høy vinkel av en bygning

    Haugesund sjukehus

    Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

    Transport

    Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

    www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

    www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

    Praktisk informasjon

    Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har tre ladeuttak.

    Reserverte parkeringsplassar

    Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

    Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

    Parkeringsavgift

    Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Parkering i Haugesund sentrum

    Sjå P-kart - Haugesund Parkering

    Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

    helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

    Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

    Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

    Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

    Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
    Laurdag: 9.00-20.00
    Søndag: 10.00-20.00 

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

  • Kontakt Medisinsk poliklinikk

    Oppmøtestad

    Vi held til på Haugesund sjukehus. Ta heisen ved resepsjonen opp til 5. etasje. Hold høgre når du går ut av heisen. Gå til ventesone 5A. 

    Vi ber deg vente i ventesonen til du får tildelt behandlingsrom.  