Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kronisk lymfatisk leukemi

Kronisk lymfatisk leukemi er den vanlegaste typen blodkreft. Sjukdommen oppstår ved vondarta celledeling av såkalla B-lymfocyttar, som er ein type modne kvite blodceller. Det er 300 nye tilfelle årleg i Noreg.

Tilvising og vurdering

Når fastlegen har grunngitt mistanke om kreft, skal du bli tilvist direkte til eit pakkeforløp for kreft. Eit pakkeforløp er eit standardisert pasientforløp som beskriv organiseringa av utgreiing og behandling, kommunikasjon/dialog med deg og dine pårørande og dessutan ansvarsplassering og konkrete forløpstider.
 
 
Forløpskoordinatoren sørgjer for å setje opp timane du skal ha i utgreiinga.

Utgreiing

I løpet av utgreiinga blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje. Du blir undersøkt av lege. Vi tek blodprøvar og eventuelt også beinmargsprøve og røntgenundersøkingar.
 
Ein spesialanalyse (immunfenotyping) av blod kan oftast fastslå om det er kronisk lymfatisk leukemi. Svar på denne kjem oftast få dagar etter at prøven er teken. I nokre tilfelle behøver vi kartlegging av genetiske forhold ved sjukdommen, eller CT-undersøkingar. I slike tilfelle kan det ta rundt tre veker før kartlegginga er fullført.
 
Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil vi som oftast kunne avklare om du har kreft eller ikkje, og vi stiller ei diagnose. Har du ikkje kreft, avsluttar vi pakkeforløpet.

 



​​​Pakkeforløp heim​

Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.

Pakkeforløp heim for kreft (helsenorge.no)​

Behandling

Dersom du har kreft, planlegg vi no om behandling er nødvendig, eventuelt kva behandling som er best for deg.

Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.

Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:

  1. ​Kva alternativ har eg?
  2. Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
  3. Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?

Les meir om samval på helsenorge.no

Kronisk lymfatisk leukemi treng ofte ikkje behandling i starten. Mange som får sjukdommen påvist ved tilfeldig blodprøve, treng ikkje behandling før etter mange år, og i nokre tilfelle aldri.

Cellegift eller antistoff er den vanlegaste behandlinga. Nokre pasientar får store lymfeknutar, og det kan i visse tilfelle vere aktuelt med strålebehandling av desse. Ein sjeldan gong gjennomgår pasientar stamcelletransplantasjon, også kalla beinmargstransplantasjon.

Vi behandlar berre når pasienten får symptom. Av erfaring synest mange pasientar dette er vanskeleg å forstå ettersom det er vanleg å tenke at behandling av kreft bør starte raskt. Bakgrunnen for at vi behandlar først dersom sjukdommen gir plager, er at tidlegare behandling ikkje gir forlenga overleving, berre auka biverknadar.

Det meste av behandlinga tek sikte på å slå sjukdommen tilbake, slik at han ikkje gir plager. Foreløpig er det berre stamcelletransplantasjon som kan kurere sjukdommen. Slik behandling er likevel forbunde med så store biverknader at den berre blir anbefalt til nokre få pasientar med særleg aggressivt kreftforløp.

Lindrande behandling

Ved langtkommen kreft der ein ikkje kan kurere sjukdommen, finst det no ei rekkje moglegheiter både til livsforlengande behandling og god symptomforebygging og symptomlindring.

Mange pasientar kan leve bra i årevis med kreft som har spreidd seg, og mange døyr av heilt andre årsaker.

Kliniske studiar

2 kliniske studiar er opne for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.

Sjå fleire kliniske studiar

Oppfølging

For pasientar som ikkje er i aktiv behandling, skjer dei fleste kontrollar hos fastlege med jamlege blodprøver. Det er vanleg å komme til kontroll også hos indremedisinar eller spesialist i blodsjukdommar med lengre mellomrom, men dette er ikkje alltid nødvendig.
 
Antalet kontrollar og kor lenge pasienten skal komme til kontroll etter behandlinga, varierer, og vi avtaler dette individuelt for den enkelte.

Rehabilitering og meistring ved kreftsjukdom

Det finst ei rekkje tilbod som kan vere til hjelp for å kome tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenkje rehabilitering og meistring av sjukdommen heilt frå sjukdomsstart og begynnelsen av behandlinga. Målet er å kunne fungere og leve med eller etter kreftsjukdom, med så god livskvalitet som mogleg.

 

 

Ver merksam

Utilsikta vekttap, store lymfeknutar, nattesveitte, auka infeksjonstendens og trøyttleik eller andre teikn på låg blodprosent kan vere symptom på tilbakefall av kronisk lymfatisk leukemi.

Ta kontakt med fastlegen dersom du opplever symptom på tilbakefall.



Kontakt

Haugesund sjukehus Medisinsk poliklinikk

Kontakt Medisinsk poliklinikk

Oppmøtestad

Vi held til på Haugesund sjukehus. Ta heisen ved resepsjonen opp til 5. etasje. Hold høgre når du går ut av heisen. Gå til ventesone 5A. 

Vi ber deg vente i ventesonen til du får tildelt behandlingsrom.  

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.