HELSENORGE
Lungemedisin

Kols

Kronisk obstruktiv lungesjukdom (kols) er fellesnemninga for kronisk bronkitt og emfysem. Sjukdommen fører til hindra luftstraum gjennom luftvegane og nedsett elastisitet i lungevevet. Sjukdommen kan førebyggast, og når ein startar tidleg med behandling kan ein bremse utviklinga. Kols er eit folkehelseproblem, og førekomsten er aukande både i Noreg og i resten av verda.

Innleiing

Behandlingsprogrammet skal sikre god kvalitet og lik praksis på utgreiing, diagnostisering, behandling og oppfølging for deg som har kols.

Tilvising og vurdering

Det er fastlegen som tilviser til utgreiing. Tilvisinga skal vurderast av overlege ved lungemedisinsk avdeling. Når tilvisinga er vurdert, får du innkalling til utgreiing. Kor alvorlege plagene dine er, er avgjerande for når du får legetime.

Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Helsepersonell

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Utgreiing

Kols-diagnosen kan stillast ut frå sjukehistorie, symptom og resultat av legeundersøkingar. Diagnosen må stadfestast med følgjande undersøkingar:

Les meir om Pusteprøve spirometri

Pusteprøve spirometri

Spirometri er ei undersøking som måler lungefunksjonen din. Den gir primært informasjon om luftveienes tilstand. Lungefunksjonsprøven måler kor mykje luft du maksimalt får til å puste ut og kor raskt du får til å puste ut lufta.
  1. Før

    For at testen skal kunne gi eit så rett svar som mogleg er det viktig at du:
    • Ikkje ete eit stort måltid 1 time før undersøkinga
    • Unngår bruk av tobakk før undersøkinga på undersøkingsdagen
    • Ikkje anstreng deg siste timen før undersøkinga
    • Du blir målt og veid før undersøkinga
    • Bruker du inhalasjonsmedisin, tar du desse med til undersøkinga
    • Om du har ein luftvegsinfeksjon, nylig gjennomgått en operasjon eller andre medisinske forhold, bør du ta kontakt med lungepoliklinikken på førehand for å vurdera om undersøkinga skal utsettast
    Om mogleg - unngå å ta luftvegsopnande inhalasjonsmedisin:
    • 6 - 48 timer timar før undersøkinga, avhengig av inhalasjonsmedisin.
    Eventuelle inhalasjonssteroider kan brukast som vanleg. Alle andre faste medisinar tas som vanlig.
    Dersom du føler deg dårlig, kan du ta inhalasjonsmedisinen din. Då er det viktig at du skriv ned når du tok medisinen. Nokre medisinar kan påverke resultatet av pusteprøven, derfor bør du alltid på førehand opplyse om kva dor medisinar du bruker.
    Alt dette vil du få informasjon om frå helsepersonell før undersøkinga.

  2. Under

    Høgde og vekt målast før spirometrien blir tatt. Under undersøkinga sitt på en stol. Du får på en naseklemme og skal deretter puste gjennom eit røyr, så mykje og så fort du kan. Dette gjer du fleire gonger. Sjukepleiar vil heile tida forklare kva du skal gjere. Riktig utført spirometri kan vere anstrengande. Undersøkinga er smertefri.
    Dersom du er tungpustet kan vi ta ein ny test etter at du har pustet inn ein medisin. Dette gjer vi for å sjå korleis medisinen verkar på deg. Dette kallast "Spirometri med reversibilitetstest". Då ser vi om pusten er betre etter at du har fått luftvegsutvidande medisin.

  3. Etter

    Etter undersøkinga vil legen tolke verdiane i forhold til forventa verdiar og sjå dette i samanheng med sjukdomsbilete og andre undersøkingar

Ver merksam

Nokon kan bli svimmel og synes det er ubehagelig. Nokon kan få litt hoste av undersøkinga.

Gå til Pusteprøve spirometri

Les meir om Blodprøve

Blodprøve

Ved blodprøver tappar vi litt blod og undersøker det. Vi analyserer blodet for å få eit bilete av kva som skjer i kroppen din. Det kan vi sjå ved å studere antal blodceller og samansettingar av ulike biokjemiske stoff. Ei blodprøve blir tatt for å finne normale eller sjukelege forhold i kroppen. Vi kan også bruke blodprøva til å sjå om du har fått i deg legemiddel eller giftstoff.

  1. Før

    Enkelte analysar blir direkte påverka av måltid og/eller kosthald. Det er difor viktig at du følgjer retningslinene frå den som har bestilt blodprøva. Dersom du har spørsmål om faste eller diett, kan du spørje legen din (tilvisande lege).

    Ta med legitimasjon

    Du må ta med deg legitimasjon. Rekvisisjon kan vera sendt til laboratoriet før prøvetaking, om du har fått ein papirrekvisisjon må du ta med denne. Du treng ikkje bestille time for blodprøvetaking, berre møt opp i opningstida.

    Du betalar ikkje eigendel for å ta blodprøve.

    Merk at tilsette ved laboratoriet ikkje kan ta fleire prøver enn det legen som har tilvist deg har bestilt.

    Blodprøver av barn

    Det er viktig at du førebur barnet som skal ta blodprøve. Fortel barnet at det kjem eit stikk og at det går fort over. Dersom barnet er roleg, og arma blir heldt i ro, aukar sjansen for ei vellukka prøvetaking, og barnet slepp fleire forsøk. Som pårørande må du vere med inn, og det kan vere lurt å la barnet sitte på fanget.

    Ofte er vi to som er med når vi tar blodprøver av barn. Ein som tar prøva og ein som støttar arma og avleier barnet. Gråt er ein naturleg reaksjon hos nokre barn, anten fordi dei er redde, blir heldt fast, eller fordi det er vondt. Di oppgåve under prøvetakinga er å halde rundt barnet, trøyste og skryte av det. Det er viktig at du som følgjer barnet er roleg under heile prosessen. Det gjer ofte situasjonen tryggare for barnet og lettare for alle.

    Ei fin hjelp for barnet er plaster eller krem med bedøving. Dette kan ein kjøpe på apoteket utan resept, og sette på minst ein time før blodprøvetakinga. Bruk av smertelindring kan hindre at barn gruer seg til framtidige prøvetakingar.

    Du kan lese meir om smertelindring i samband med blodprøvetaking her

    Verken plaster eller krem fungerer ved stikk i hæl eller finger.

    Ofte stilte spørsmål
    Korleis skal eg førebu meg?
    Analyseresultatet blir påverka av ei rekkje forhold, følg derfor instruksane om faste, diett eller fysisk aktivitet som lege/sjukepleiar gir i forkant av blodprøvetakinga.
    Kvifor skal eg sitje i 15 minutt før prøvetaking?
    Kroppsstillinga påverkar blodvolumet i kroppen. Det er ein fordel at du sit i 15 minutt før blodprøvetakinga, slik at blodvolumet blir stabilisert.
    Kva vil det seie å vere fastande?
    Å faste vil seie at du ikkje skal ete eller drikke dei siste åtte til tolv timane før blodprøvetakinga.
    Kan eg ta medisinar før blodprøvetakinga?
    Dersom du ikkje har fått andre instruksjonar, kan du ta medisinar som vanleg. Ved terapikontroll av medikament blir blodprøven vanlegvis teken rett før neste dose, men det finst unntak. Legen vil informere om det.
    Kan eg trene før blodprøvetakinga?
    Du bør unngå fysisk aktivitet utover vanleg gange før prøvetakinga, like eins hard trening og hardt kroppsarbeid i dagane før prøvetakinga.
    Tidspunkt for blodprøvetaking?
    Nokre komponentar i blodet varierer i løpet av døgnet. Følg retningslinjene du får frå legen. Dersom du har spørsmål om prøvetakingstidspunktet, kontaktar du rekvirerande lege.
    Skal eg ta med rekvisisjon?
    Dersom du har fått rekvisisjon(ar) frå legen/avdelinga, må du ta dei med til Poliklinikk for blodprøvetaking. Pasientar som er tilvist frå primærhelsetenesta (f. eks. fastlege) må ha med utfylt papirrekvisisjon dersom denne ikkje er sendt laboratoriet elektronisk.
    Gjer det vondt?
    I dei fleste tilfelle er blodprøvetaking uproblematisk og lite smertefullt. Enkelte kan likevel føle det ubehageleg og bli uvel under blodprøvetakinga. Gi beskjed til prøvetakaren dersom det gjeld deg, slik at forholda kan leggjast til rette for ei god prøvetaking. Lokalbedøving kan nyttast til venepunksjon, men må smørjast på huda éin til to timar før blodprøvetakinga.
    Korleis går blodprøvetakinga for seg?
    Prøvetakaren spør om pasientens fulle namn og fødselsdato/fødselsnummer. Blodprøven blir vanlegvis teken i armen, og det er en fordel å ha klede som er lette å rulle opp på overarmen. Prøvetakaren strammar eit band rundt overarmen for å få fram tydelege blodårer, deretter blir kanylen ført inn i blodåra. Det blir brukt sterilt eingongsutstyr ved blodprøvetaking. Prøvetakingsrøyret blir automatisk fylt med blod når kanylen er godt plassert i blodåra. Vanlegvis blir det tappa éin til fem prøvetakingsrøyr med blod, avhengig av kor mange analysar legen har bestilt.
    Korleis går blodprøvetakinga på barn for seg?
    Det er alltid ein fordel at barnet er førebudd. Prøvetakinga kan skje ved stikk i armen (venepunksjon) eller som eit stikk i fingeren/hælen (kapillær prøvetaking). Prøvetakaren avgjer kva måte som er best for barnet ditt. Snakk gjerne med legen til barnet eller laboratoriepersonalet om eventuell bedøving av huda før venøs blodprøvetaking. Det finst smertestillande krem eller plaster som kan smørjast på huda. Kremen skal smørjast inn éin til to timar før prøvetakinga.
    Kor lang tid tek det å ta ein blodprøve?
    Sjølve blodprøvetakinga tek vanlegvis nokre få minutt. Det er tilrådd å sitje i ro i om lag 15 minutt før prøvetakinga. Glukosebelastingar og andre belastingsprøvar må avtalast på førehand og går for seg i løpet av eit par timar ved at det blir teke fleire blodprøvar i løpet av denne tida.
    Når får eg analyseresultatet?
    Analyseresultatet blir rapportert til rekvirerande lege eller avdeling. Dersom du er innlagd på sjukehuset eller tilknytt ein av poliklinikkane til sjukehuset, vil analyseresultata vere tilgjengelege elektronisk like etter analyseringa. Dei fleste analyseresultata blir ferdige same dagen, mens nokre analyseresultat tek lengre tid.
    Laboratoriet kan ikkje oppgi analyseresultatet til pasienten. Det er legen som informerer om analyseresultata. Det er berre dei komponentane som legen har bestilt, som blir analyserte.
    Skal eg betale eigendel?
    Det er ingen eigendel ved blodprøvetaking.

  2. Under

    Du blir spurt om namn og fødselsnummer (11 siffer) før vi tar blodprøva. Dette gjer vi for å sikre at prøvene blir riktig merka.

    Dei fleste prøvene blir tatt på innsida av olbogen.Du får eit stramt band rundt overarma slik at blodåra blir godt synleg og lett å stikke i. Vi stikk med ei tynn nål og blodet blir tappa på små rør.

    Sjølve blodprøvetakinga tek vanlegvis berre nokre få minutt, og blir gjort mens du sit i ein stol. Viss det er mogleg bør du sitte i ro i minst 15 minutt før du tar blodprøva. Vi tappar vanlegvis 1 - 5 små rør med blod, avhengig av kor mange analysar legen din har bestilt.

    Sei ifrå om du bli uvel undervegs

    For dei fleste er det uproblematisk å ta blodprøve. Det kan gi litt ubehag når nåla blir stukken inn i huda, men det går fort over. Nokre kan bli uvel under prøvetakinga. Viss du veit at dette kan gjelde deg, er det fint om du seier ifrå til den som skal ta prøva.

  3. Etter

    Etter at prøva er tatt, legg vi eit lite kompress på stikkstaden. Den skal du trykke lett på for å hindre blødingar.

    Ein sjeldan gang blir blodprøva tatt frå ein arterie. Da vil du få beskjed om å klemme hardt og lenge på stikkstaden for å hindre blødingar.

    Dersom du brukar blodtynnande medisinar bør du klemme litt lenger på stikkstaden.

    Resultat av undersøkinga

    Resultat på blodprøva blir sendt til den som har bestilt prøven for deg. Tilvisande lege informerer deg om prøveresultatet. Laboratoriet har diverre ikkje høve til å formidle prøvesvar direkte til deg.

    Det er ulikt kor lang tid det tek å analysere blodprøvene. Medan nokre resultat vil vere ferdig på få minutt, vil andre vere klar etter få timar, seinare same dag eller neste dag. For enkelte prøver kan det ta dagar før svaret føreligg. For prøver som vi må sende til andre sjukehus kan svartida variere frå dagar til veker.

    Dersom du er innlagd på sjukehuset, eller har time på ein av poliklinikkane, er mange prøveresultat klare like etter analyseringen.

    Dersom prøvesvaret blir sendt i posten til for eksempel fastlegen din, kan det ta nokre dagar før du får svar.

Gå til Blodprøve

Les mer om EKG

EKG

EKG er en metode vi bruker for å registrere den elektriske aktiviteten i hjertet. Det er særlig de elektriske impulsene som utvikles når hjertemuskelen trekker seg sammen som fanges opp.

Ved hjelp av EKG kan vi se om hjertet slår regelmessig, om det er rytmeforstyrrelse eller ekstraslag. Hastigheten og utbredelse av de elektriske impulsene sier også noe om skade av hjertemuskelen og tykkelse eller størrelse av hjertet. EKG er viktig ved utredning og kontroller av alle slags hjertelidelser.

  1. Før

    Det kreves ingen spesielle forberedelser før EKG.

  2. Under

    Under undersøkelsen ligger du på en benk eller i en seng, og du må ta av deg klærne på overkroppen.

    Vi fester klistrelapper på huden. Du får en lapp på hver arm og fot, og seks lapper på brystet. Ved behov barberer vi bort hår i området hvor vi skal feste klisterlappene. Deretter fester vi ledninger fra EKG-apparatet til klistrelappene, og de elektriske impulsene i hjertet blir registert.

    Selve undersøkelsen tar cirka fem minutter og er helt smertefri. Du merker ikke at registreringen foregår og resultatet blir best om du ligger stille.

  3. Etter

    Det er ingen observasjonstid etter EKG.

Gå til EKG

Les meir om Gangtest

Gangtest

Under ein gangtest måler vi kor mange meter du klarer å gå på flatt underlag i 6 minutt. Vi måler oksygeninnhald i blodet, puls og grad av kor tungpusten du er når du kviler under og etter testen.

  1. Før

    For at testen skal gi mest mogleg korrekt resultat er det viktig at du:

    • ikkje anstrenger deg rett før undersøkinga, det vil seie inntil 1 time før
    • har på deg lette og behagelege treningsklede og sko
    • unngår å spise eit større måltid 1 time før undersøkinga
    • unngår bruk av tobakk på undersøkingsdagen
    • tar alle dine faste medisinar, inkludert inhalasjonsmedisinar.

  2. Under

    Du blir spurt om grad av kor tungpusten du er. Du skal gå i oppmålt lengde, fram og tilbake, så langt du klarer å gå på denne tida. Du skal ikkje snakke under testen.

    Du går med eit pulsoksymeter på fingeren. Det måler oksygeninnhald og puls. Du kan senke farta, stoppe og eventuelt sette deg ned om du har behov for det.

  3. Etter

    Du skal sitte å kvile på ein stol nokre minutt etter gangtesten. Du får spørsmål om grad av kor tungpusten du er. Resultatet av testen blir vurdert av oss.

Ver merksam

Vanlegvis innberer ikkje testen nokon risiko.

Gå til Gangtest

 

 

Behandling

Med kols trenger du livslang oppfølging og behandling. Måla for behandlinga er å lindre plager (symptom), bremse utvikling av sjukdommen og førebygge akutte forverringar.

Ved stabil kols får du oppfølging av fastlegen din 1 - 2 gongar i året, avhengig av kor alvorleg du er ramma. Du får medikamentell behandling i form av luftvegsutvidande- og betennelsedempande medisinar.

Pasientar med kols opplev av og til forbigåande forverring (exacerbasjon). Ei forverring inneber at du blir meir tungpusten, får meir hoste og meir oppspytt, med eller utan farge, og/eller andre øvre og nedre luftvegssymptom. Då må du få behandling straks. Dei fleste kan få behandling og oppfølging hos fastlegen sin, men ved alvorleg akutt forverring kan det vere nødvendig med innlegging på sjukehus.

  • Medikamentell behandling består som regel av medisinar som verkar avslappande på musklane i luftvegane, betennelsedempande medisinar (steroider) og antibiotika ved infeksjon.
  • Surstoff/oksygen behandling og/eller pustestøtte kan bli gitt ved teikn på lungesvikt.

Oppfølging

Pasientar som har vore innlagt på sjukehus på grunn av kolsforverring, bør få kontroll hos fastlegen innan 2 - 4 veker etter utskiving. Ved stabil kols får du oppfølging av fastlegen din 1 - 2 gongar i året, avhengig av kor alvorleg du er ramma. Nokre pasientar blir fulgt opp av lege ved poliklinikk eller privat spesialist.

Lungerehabilitering kan også vere aktuelt for enkelte. Lungerehabilitering omfattar trening, opplæring til eigenmeistring av sjukdommen og rådgiving. Fleire yrkesgrupper er involverte, som for eksempel lege, sjukepleiar, fysioterapeut og ergoterapeut. Vi lagar eit program som er tilpassa kvar enkelt deltakar. Både fastlege og lungespesialist kan tilvise til lungerehabilitering, dersom pasienten er utgreidd og optimalt behandla med medisinar.

Helsepersonell

Sjekkliste for utskriving - fastlege eller anna helsetjenste overtek som primærkontakt

fastlege eller anna helsetjenste overtek som primærkontakt

Faresignal

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Apotek Haugesund sjukehus

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Kantine og kiosk Haugesund sjukehus

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




Kva bør du ha med til sjukehusopphaldet?

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Minibank Haugesund

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkering

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​


Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.

Fann du det du leita etter?