Helsenorge

Koloskopi

Koloskopi er ei undersøking av tjuktarmen. Dette blir gjort for å kunne sjå etter sjukdommar eller sår i tjukktarmen, og nedste del av tynntarmen. Vi kan ta vevsprøve (biopsi) frå slimhinna, fjerne polyppar og behandle blødingar.

Ventetider

Innleiing

Utstyret som blir brukt ved koloskopi er ein bøyeleg slange, omtrent like tjukk som ein peikefinger, med eit lite kamera og lys i tuppen.

Før

Det er svært viktig at du les godt det som står om førebuingar i innkallingsbrevet!

Tarmtømming er heilt avgjerande for resultatet.
Føresetnaden for ei vellykka tarmundersøking er at tarmen er heilt rein, det vil seie at avføringa er vasstynn og har tilnærma klar/lys farge.
I innkallingsbrevet står det kva tarmtømmingsmiddel du skal bruke (for eksempel Picoprep, Plenvu, Citrafleet med fleire).
Dersom du har tendens til forstopping, kan det vere behov for ekstra tarmtømming i forkant.

Om du bruker viktige medisinar om morgonen, for eksempel hjarte eller lungemedisin, skal du ta desse saman med vatn slik du elles bruker å gjere.
Om du har diabetes, skal du ikkje ta morgonmedisin, insulin eller diabetestablettar.

Blodfortynnande medisinar skal ein som oftast slutte med frå 2-10 dagar før inngrepet. Kor mange dagar vil avhenge av kva medisinar du bruker. Dersom dette ikkje er klart ut frå innkallingsbrevet du har mottatt, ta kontakt med fastlegen din eller sjukehuset i god tid.
Viss du står på Albyl-E treng du ikkje slutte med dette før inngrepet.
Pasientar med mekanisk hjarteklaff eller nyleg koronarstent skal ikkje slutte med blodfortynnande medisinar.

Under

Sjølve undersøkinga varer vanlegvis mellom 15 og 45 minutt. Koloskopet blir ført inn i tjukktarmen og blir så trekt langsamt tilbake og vi får då sett innsida av heile tykktarmen.

Det er viktig at du konsentrerer deg om å puste normalt og ikkje stramme musklane i magen.

Når skopet blir ført forbi svingar på tarmen kan du kortvarig kjenne knipliknande smerte. Sjukepleiar trykker ofte på magen din for å minske ubehaget.

Avslappande og/eller smertelindrende medisinar bruker vi av og til. Viss du på førehand trur du treng dette, gi beskjed når du melder deg. 

Du må gjerne ha med følge.

Viss du har fått smertestillande eller avslappande medisinar kan du tidlegast køyre bil dagen etter undersøkinga.

Etter

Vanlegvis reiser du frå sjukehuset rett etter undersøkinga.

Har du fått medisinar, og det eventuelt er utført behandling, vil vi ofte at du skal vere til observasjon 1-2 timar etter behandlinga.

Etter undersøkinga vil det vere litt CO2-gass igjen i tarmane dine, derfor kan du kjenne deg litt oppblåst eller få litt mageknip etter undersøkinga.

Dersom det er tatt vevsprøve i samband med undersøkinga blir desse sendt til nærare undersøking i mikroskop.

Resultat av undersøkinga

Resultatet av undersøkinga, forslag til vidare utgreiing og/eller behandling, får du som regel vite med ein gang.

Legen som undersøker deg sender òg brev til fastlegen din, der han samanfattar resultatet av undersøkinga. Resultatet av vevsprøver som er tatt vil som oftast vere klart innan 4 veker, kopi av resultatet blir sendt til fastlegen og som regel pasienten sjølv.

Er du innlagt på sjukehuset, og skal ha koloskopiundersøking, vil du få oppfølging på den avdelinga  du høyrer til eller av legen som undersøkte deg. Skriftleg rapport blir sendt til avdelinga di rett etter at undersøkinga er ferdig.

Oppfølging

Du får oppfølging anten hos fastlegen din eller hos legen på sjukehuset.

Ver merksam

Skader på tjukktarmen av sjølve instrumentet skjer svært sjeldan.

Faren for komplikasjonar er størst viss det blir utført behandling, til dømes at vi må fjerne store polyppar eller må blokke tronge parti.

Viss du får magesmerter som aukar på, eller teikn på bløding, må du raskt ta kontakt med sjukehuset.

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.

Fann du det du leita etter?