Koloskopi
Koloskopi er ei undersøking av tjukktarmen. Dette blir gjort for å sjå etter sjukdommar eller sår i tjukktarmen, og nedste del av tynntarmen. Vi kan ta vevsprøve (biopsi) frå slimhinna, fjerne polyppar og behandle blødingar.
Utstyret som blir brukt ved koloskopi er ein bøyeleg slange, omtrent like tjukk som ein peikefinger, og det inneheld eit videokamera, med eit lite kamera og lys innebygde i tuppen.
Før
Under
Sjølve undersøkinga varer vanlegvis mellom 15 og 45 minutt. Koloskopet blir ført inn i tjukktarmen og blir trekt så langsamt tilbake og slik at vi får sett innsida av heile tjukktarmen.
Koloskopi er i varierande grad ubehageleg og medfører av og til ein del knipsmerter. Dei som er kjenslevare for dette kan før undersøkinga få avslappande og/eller smertelindrande medisinar. Om du på førehand trur du treng dette, gi beskjed når du melder deg ved framkomst. Om du har fått smertestillande eller avslappande medisinar kan du køyre bil tidlegast dagen etter undersøkinga.
Du må gjerne ha med følge.
Etter
Vanlegvis reiser du frå sjukehuset rett etter undersøkinga.
- Etter undersøkinga vil det vere litt CO2-gass igjen i tarmane dine, derfor kan du kjenne deg litt oppblåst eller få litt mageknip etter undersøkinga.
- Dersom det er tatt vevsprøve i samband med undersøkinga, blir desse sende til nærare undersøking i mikroskop.
- Om du har fått medisinar, og det eventuelt er utført behandling, vil vi ofte at du skal vere til observasjon 1–2 timar etter behandlinga.
Resultat av undersøkinga
Resultatet av undersøkinga, forslag til vidare utgreiing og/eller behandling, får du som regel vite med ein gong.
Legen som undersøker deg sender også brev til fastlegen din, med resultatet av undersøkinga. Dersom det er tatt vevsprøver, tar det oftast fleire veker før resultatet er klart.
Er du innlagd på sjukehuset, og skal ha koloskopiundersøking, vil du få oppfølging på den avdelinga du høyrer til eller av legen som undersøkte deg. Skriftleg rapport blir send til avdelinga di rett etter at undersøkinga er ferdig.
Oppfølging
Du får oppfølging enten hos fastlegen din eller hos legen på sjukehuset.
Refusjon av apotekutgifter/utgifter til preparat
Har du fått skriftleg beskjed i innkallingsbrevet om at du må kjøpe preparat før du skal til time på sjukehuset, så kan du få refundert utlegget. Eksempel på preparat er tømmingsmidlar før gastromedisinske undersøkingar.
Slik får du refusjon for tømmemiddel
Nokre undersøkingar krev at du førebur deg ved å tømme tarmen. Det kan vere:
- Koloskopi
- Rektoskopi
- CT tykktarm
Ei tømming av tarmen krev bruk av eigne middel. Du som er pasient hos oss, eller hos privat aktør som har avtale med Helse Vest RHF, kan få igjen utlegg du har hatt til tømmemiddel.
- Du kan ta med kvittering for kjøpet og fylle inn refusjonsskjema når du er hos oss
- Bruk skjema du finn på denne sida og send inn via edialog
Bruk av skjema og innsending digitalt
- Skriv ut skjema for refusjon (PDF) og fyll ut
- Legg ved dokumentasjon – vi treng innkallingsbrev og kvittering frå apotek. Du kan bruke kamera på mobilen din for å skanne dei
- Send inn skjema via edialog
Merk, hugs bankkontonummer
Du må skrive bankkontonummer for refundering i skjema. Dersom bankkontonummer ikke står, kan vi ikke behandle søknaden.
Vi vil refundere utlegg til tarmtømmingsmiddel så snart som mogeleg.


