Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Kneprotese, revisjon

Første gong ein set inn ei kneprotese kallast det ei primær kneprotese. Kneprotese er aktuelt for personar med slitasje og skader i kne. Målet med kneproteseoperasjon er å lindre smerter og bedre funksjonen i kneet. 90 prosent av kneproteser held i 10 år. Dersom ein kneprotese ikkje lenger fungerer tilfredsstillande kan det vere aktuelt å skifte protesen. Dette kan gjerast ved å bytte heile protesen eller deler av den. Ein slik protesebytteoperasjon, også omtala som revisjonsoperasjon, er naturleg nok meir omfattande enn den første (primære) proteseoperasjonen.

Teikn som kan tyde på at protesen må bytast ut, kan vere aukande smerter og/eller hevelse i kne, som ikkje har vore tidligare, følelsen av at kneet er ustabilt eller sviktar når du går.

Årsaker til dette kan vere, mekanisk løysning, iInfeksjon i ledd, beinbrot, manglande stabilitet, slitasje av ein eller fleire delar, havari av implantatet/protesa.

Tilvising og vurdering

Dersom du har knesmerter bør du i første omgang gå til fastlege, som vil undersøke det smertefulle området. Dersom det er indikasjon for det, vert du tilvist til røntgen. Om røntgenbilder viser forandring i kneprotesa eller leddet vert du tilvist ortopedisk poliklinikk.

Før

Kirurgen som planlegg operasjonen informerer deg om behandlingsforløp, opptrening etter operasjonen og forventa resultat. Han vil og informere om eventuelle komplikasjonar som kan skje i høve med operasjonen. 

Når operasjonsdatoen er bestemt skal du ta kontakt med fysioterapeut for å planlegge opptrening etter at du er komen heim. Du må legge tilhøva til rette i heimen din og evnentuellt rekvirere naudsynte hjelpemidlar gjennom hjelpemiddelsentralen i den kommunen du bur i.

Blodprøver og andre undersøkingar blir gjennomførd. Din allmenne helsetilstand blir undersøkt. 

Under

På operasjonsavdelinga blir du tatt i mot av operasjonssjukepleiar og anestesisjukepleiar. Du vil bli flytta over i operasjonsseng og anestesilegen gir deg bedøving. Den vanlegaste bedøvinga ved revisjon av protese er ryggbedøving. Der ryggbedøving ikkje kan nyttast kan det vere aktuelt å gi narkose. Det blir og sett smertelindring i form av spøryter i sjølve leddet under operasjonen.


Etter

Etter operasjonen vil du køyrt til oppvakingsavdelinga. Det er naudsynt med god smertelindring. Dette får du i form av smertestillande medikament, smerteplaster eller også såkalla smertekateter i rygg eller lyske. 

Du vil bli køyrt til sengeposten etter 2-4 timar. Etter operasjonen må du ta blodfortynnande medisinar. Dette for å redusere risikoen for blodpropp. Denne blir gjeven anten som ei sprøyte i mageskinnet eller som tablett, vanlegvis for eit tidsrom på 2-6 veker. 

Av og til må du bruke kompresjonsbandasje på foten 2-4 dagar etter operasjonen, dette avklarast på sjukehuset. 

Fysioterapeut sjekkar aktivt mobiliteten og vil gå gjennom søvingar med deg. Det er viktig med fysioterapi for å vedlikehalde mobilitet i leddet. Du vil få rettleiing av fysioterapeut angåande eigentrening. Lengda på sjukehusopphaldet varierer vanlegvis mellom 2 og 7 dagar.

Når du kjem heim

Du får med deg resept på nødvendig smertestillande og betennelsesdempande medisin. Du får og resept på blodfortynnande tablettar eller sprøyter.

Dersom sjukemelding er nødvendig vil dette avtalast med utskrivande lege.

Etter operasjonen kan det opererte kneet som regel belastast fullt. Du vil likevel ha trong for krykker den første tida for stabiliteten si skuld. Bilkøyring bør du vente med til du ikkje lenger er avhengig av krykker og foten kjennast sterk nok. Du skal heller ikkje køyre bil så lenge du brukar medisinar med rød varseltrekant på.

Vanlegvis vert du kalla inn til poliklinisk kontroll etter 3 mnd.

Ver merksam

Dersom du skulle oppleve feber, få aukande smerter/hevelse eller rødme i operasjonskneet er det viktig å ta umiddelbar kontakt med lege for vurdering.

Kontakt

Haugesund sjukehus Ortopedi, Haugesund

Kontakt Ortopedi, Haugesund

Oppmøtestad

1. etasje
Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​