Cancer mammae
Kirurgisk behandling av brystkreft
Operasjon for brystkreft inneber enten brystbevarande operasjon eller fjerning av brystet. Det kan også vere ein operasjon i armhola med fjerning av ein vaktpostlymfeknute (sentinel node) eller fjerning av lymfekjertlar i armhola (aksilledisseksjon). Hos nokre pasientar kan det vere aktuelt med rekonstruksjon ved fjerning av bryst. Desse inngrepa blir som regel utførte i samarbeid med plastikkirurg.
Det er fleire aktuelle operasjonsmetodar ved brystkreft. Legen vil hjelpe deg med råd og rettleiing, og du vil få behandling tilpassa din type kreft. Dei fleste brystkreftoperasjonar skjer dagkirurgisk.
Før
Dei fleste pasientar møter til førebuande prøver og undersøkingar på sjukehuset dagen før operasjonen.
Denne dagen vil du få høve til å snakke med sjukepleiar, kirurg og narkoselege om operasjonen og tida etterpå. Det kan hende du skal ta blodprøver og hjarteprøve (EKG). Du kan reise heim når du er ferdig for dagen.
Dersom du ikkje kan opererast dagkirurgisk, vil du få individuelt tilpassa førebuingar og innlegging på sengepost.
Før operasjonen får du smertestillande tablettar og eit tynt plastrøyr lagt inn i ei blodåre på armen (venekanyle).
Under
Etter at du er klargjord til operasjon blir du køyrd i seng til operasjonsstua. Her blir du tatt imot av ein anestesisjukepleiar og ein operasjonssjukepleiar.
Sjølve operasjonen skjer i narkose og varer 1–2 timar.
Etter
Når operasjonen er ferdig, blir du køyrd i seng til dagkirurgisk avdeling. Her blir du observert til bedøvinga har gått ut, vanlegvis i 2–4 timar. Du kan ete og vere i aktivitet etter kort tid. Kirurgen kjem og snakkar med deg og vi ordnar alle papir du skal ha med deg heim. Om du har behov for sjukmelding og/eller rekvisisjon til fysioterapeut, ordnar vi dette før heimreise.
Etter operasjonen kan det samlast seg noko sårvæske i operasjonsområdet. Av og til kan det bli så mykje at du føler at det sprenger over arret. Dette er ikkje farleg, men det kan bli behov for å tappe ut væska. Dette er ein enkel prosedyre som lege/sjukepleiar ved sjukehuset kan gjere.
Dersom huda blir raud og varm, og du får aukande hevelse og/eller smerter, kan du ha fått ein sårinfeksjon. Det kan også komme gult puss ut av såret. Du må da ta kontakt med lege for vurdering for antibiotikabehandling eller eventuelt drenasje av underliggande byll.
Ver merksam
Ved eitt av desse symptoma skal du kontakte sjukehuset:
Bløding
Bløding skjer sjeldan og vanlegvis kort tid etter operasjonen, som regel innan det første døgnet. Du kan merke hevelse og smerte i form av at det sprenger i sårområdet. Av og til er det tilstrekkeleg å legge stram kompresjon over såra. Andre gonger må vi opne såret for å få stansa blødinga. Dette skjer på operasjonsstua i narkose.
Infeksjon
Dersom huda blir raud og varm, og du får aukande hevelse og/eller smerter, kan du ha fått ein sårinfeksjon. Det kan også komme gult puss ut av såret. Du må da ta kontakt med lege for vurdering for antibiotikabehandling eller eventuelt drenasje av underliggande byll.