Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kapselendoskopi

Ved kapselsendoskopi kan vi undersøkje om det er sjukdommar i tynntarmen. Det er vanlegast ved mistanke om bløding der andre undersøkingar ikkje har gitt noka god forklaring. Du svelgjer ein kapsel (11 x 26 mm) med innebygd kamera som tek bilete gjennom tynntarmen. Undersøkinga varer i 12 timar og bileta blir lagra i ei biletboks som du ber på deg.

Før

Tarmtømming er heilt avgjerande for resultatet. 

Føresetnaden for ei vellykka tarmundersøking er at tarmen er heilt rein, det vil seie at avføringa er vasstynn og har tilnærma klar/lys farge. 

I innkallingsbrevet står det kva tarmtømmingsmiddel du skal bruke (for eksempel Picoprep, Plenvu, Citrafleet med fleire). Det er viktig å følge instruksane i innkallingsbrevet. Dersom du har tendens til forstopping, kan det vere behov for ekstra tarmtømming i forkant. 

Bruker du jerntablettar, må desse ikkje takast i ei uke før undersøkinga. 

Under

Du vil ikkje kjenne noko ubehag etter at kapselen er svelgt. 

Etter

Du må faste 2 timar etter at du har svelgt kapselen. Etter 2 timer kan du drikke klare væskar og etter 4 timer kan du ete eit lett måltid. 

Under undersøkinga må du halde deg borte frå sterke magnetiske felt som MR, for å unngå at bilde går tapt. Det er fint om du også kan avgrense bruk av mobil.

Ver merksam

Viktig informasjon: 

  • dersom du har pacemaker, må du gi beskjed til avdelinga når du kjem. 

  • du må kontakte oss dersom du får uforklarlege magesmerter, kastar opp eller har andre symptom som kan tyde på forstopping i etterkant.   

Kontakt

Haugesund sjukehus Gastromedisinsk poliklinikk
Ventetid: Ikke oppdatert

Ventetid: Ikke oppdatert

Kontakt Gastromedisinsk poliklinikk

Oppmøtestad

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Gå til ventesone 7 når du har registrert deg.

Sjå informasjon om sjølvbetjent innsjekk nedafor.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Ventetid

Ikke oppdatert ventetid for undersøkelse

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.