Kalorisk prøve
Kalorisk prøve blir gjort for å undersøke funksjonen i buegangane og balansenerva i det indre øyret.
Under prøven blir øyregangen varma opp eller kjølt ned ved hjelp av vatn eller luft. Dette utløyser væskestraum i buegangane i det indre øyret og kan gi svimmelheit og spesielle bevegelsar i auget (nystagmus). Desse augebevegelsane kan målast og resultatet kan seie noko om det er skade eller sjukdom i det indre øyret.
Før
- Viss du bruker medisin mot svimmhelheit, må du ikkje ta desse same dagen som du skal til undersøking.
- Viss du bruker medisinar, ta med oppdatert medisinliste (oversikt over medisinane dine).
- Undersøkinga kan gi forbigåande kvalme. Det er derfor ikkje lurt å ete rett før undersøkinga.
- Viss du er plaga med øyrevoks, kan du få dette fjerna før du kjem til undersøking. Dette kan du gjere hos lege. Mykje voks kan gi feilaktige resultat.
- Dersom du treng følgje til undersøkinga, for eksempel grunna store plager med svimmelheit eller dårleg balanse, bør du diskutere dette med fastlegen din før undersøkinga.
Under
Du kan få på deg videobriller som måler augebevegelsane dine.
Stimulering med vatn eller luft blir gjort på begge sider, i 30-45 sekund på kvart øyre. Deretter observerer vi ufrivillige augebevegelsar (nystagmus).
Det er vanleg med eit par minutt av forbigåande svimmelheit. Denne reaksjonen varierer frå person til person.
Etter
Resultata blir tolka av lege.
Du kan vere i aktivitet som vanleg etter undersøkinga.
Ver merksam
Undersøkinga kan medføre forbigåande kvalme og svimmelheit. Smerter i øyret under stimuleringa er uvanleg, men kan skje.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Øre-nese-hals
Oppmøtestad
Våre lokalar er i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Du kan bruke hovudinngangen og passere resepsjonen og sjukehusapoteket - du finn oss heilt i enden av korridoren.
Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande.
Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund