Zometa
Infusjonsbehandling med zoledronsyre ved brystkreft, nynorsk
Nokre pasientgrupper som er behandla for brystkreft, får tilbod om behandling med Zometa. Behandlinga blir gitt kvar 6. månad, vanlegvis i 5 år. Første behandling skal normalt sett givast innan 6 månader etter brystkreftoperasjon.
Forsking viser at behandling med Zometa vil redusere risikoen for tilbakefall av brystkreftsjukdom, samtidig som at risikoen for beinskjørheit blir redusert.
Før
Før du startar behandling med Zometa, bør du bestille deg ein tannlegetime for å undersøke tenner og kjeve. Du bør unngå tannbehandling under behandling med Zometa.
Før første behandling med Zometa må du ta blodprøver. Blodprøvene tar du på sjukehuset eller hos fastlegen din 1–2 dagar før undersøkinga. Blodprøver må deretter takast kvart år, det vil seie annankvar gong du kjem til behandling med Zometa.
På behandlingsdagen bør du i forkant av behandlinga drikke rikeleg.
Under
Zometa blir gitt som intravenøst i ei blodåre (vene), og infusjonen vil vare i minst 15–30 minutt. Totalt tar behandlinga cirka 1 time.
Det er ikkje vanleg å utvikle symptom under behandlinga.
Etter
Det kan førekomme influensaliknande symptom som feber, muskel- og leddsmerter og/eller hovudverk 1–2 døgn etter behandlinga. Desse er forbigåande og forsvinn som oftast heilt etter eit par behandlingar. Du kan ta Paracet (sjå dose på pakninga) om nødvending.
Nyrefunksjonen kan påverkast av behandlinga. Vi justerer dosen etter blodprøvene.
I svært sjeldne tilfelle kan det oppstå forandringar i kjevebeinet, som kan gi smerter.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Medisinsk poliklinikk
Oppmøtestad
Vi held til på Haugesund sjukehus. Ta heisen ved resepsjonen opp til 5. etasje. Hold høgre når du går ut av heisen. Gå til ventesone 5A.
Vi ber deg vente i ventesonen til du får tildelt behandlingsrom.

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund