Individuell jobbstøtte (IPS)
IPS (Individual Placement and Support) eller individuell jobbstøtte på norsk, er ei kunnskapsbasert tilnærming til arbeidsrehabilitering for menneske med alvorlege psykiske lidingar. Tilnærminga er systematisk og integrert med behandlingstilbodet som blir gitt frå helsetenesta. Målet er å finne vanleg lønt arbeid. Dei som tar imot IPS blir omtalte vidare i teksten som jobbsøkar.
Samarbeid mellom fleire
I Noreg gir vi ofte tilbod om IPS i eit samarbeid mellom helsetenesta og IPS-jobbspesialist tilsett i NAV. Tenesta frå ein IPS-jobbspesialist blir da tilbode som eit arbeidsmarknadstiltak regulert gjennom forskrift i NAV, men i tett samarbeid med helsetenesta.
IPS-prinsipp kan også brukast av tilsette i helsetenesta som blir kalla arbeids- og utdanningsspesialistar, og tilbodet er da fullt integrert i helsetenesta.
Åtte grunnleggande prinsipp
- Målet er ordinært, lønt arbeid.
- Deltaking på bakgrunn av jobbsøkars ønske.
- Individuell jobbstøtte er ein integrert del av behandlinga.
- Jobbsøk skjer ut frå interesser og ferdigheiter.
- Individuelt tilpassa rådgiving om økonomiske ytingar.
- Aktivt jobbsøk startar med éin gong og seinast etter 1 månad.
- Systematisk jobbutvikling.
- Oppfølging er uavgrensa i tid og individuelt tilpassa jobbsøkar.
Tilvising og vurdering
Individuell jobbstøtte er ein integrert del av behandlinga til menneske med alvorlege psykiske lidingar, og baserer seg på ønsket til den enkelte om bistand til jobb eller utdanning.
Samarbeid med rettleiar i NAV er ofte naturleg.
Før
For å få tilbod om IPS må du ha eit ønske om å komme i lønt arbeid og du må vere i behandling for ei psykisk liding eller rus-/og avhengnadsproblematikk ved sjukehuset.
Under
Ved oppstart av behandling blir alle pasientar spurde om nåverande status for jobb eller utdanning, og om eventuelle ønske om hjelp til det. Dersom individuell jobbstøtte er ein del av den behandlinga du ønsker, vil du bli sett i kontakt med ein jobbspesialist. Saman jobbar de med:
- Ein-til-ein-kontakt for å tilpasse til behovet ditt
- Dine ønsker i forhold til arbeid
- Hjelp til å forme ut CV, søknadsbrev, trene på intervjusituasjonar og så vidare
- Hjelp til å finne eigna jobbar og oppsøke arbeidsgivarar om dette er ønskeleg
- Skape godt samarbeid med NAV
- Jobbe med ein handlingsplan for å finne jobb
- Openheit og ærlegdom når vi jobbar med tema knytt til jobb
Varigheit av behandling
I denne behandlinga blir det jobba direkte ut mot ordinært arbeid, så snart dette er ønskeleg. Samarbeidet med ein arbeids- og utdanningsspesialist eller IPS-jobbspesialist kan vare like lenge som du har oppfølging frå behandlaren din.
Etter
Oppfølging frå arbeids- og utdanningsspesialist eller IPS-jobbspesialist skal tilpassast behovet ditt og vere integrert i behandlingsplanen. Oppfølginga etter utskriving blir avtalt mellom deg og arbeids- og utdanningsspesialisten eller IPS-jobbspesialisten, behandlar, arbeidsgivar og NAV. Dersom dette høyrest interessant ut for deg, ta kontakt med behandlaren din for meir informasjon.