Rituxmab-behandling mot systemisk vaskulitt
Immundempande behandling ved autoimmun sjukdom
Systemisk vaskulitt er ein autoimmun sjukdom. Det vil seie at kroppen sitt eige immunforsvar angrip eigne celler. Systemisk vaskulitt blir behandla med immundempande behandling, ofte infusjonar.
Diagnose
Blodårebetennelsar (vaskulittar) er ei ueinsarta gruppe sjukdommar der det er betennelse (inflammasjon) og skade på blodåreveggane. Vaskulitt kan skade organa han angrip, som til dømes hud, lunger eller nyrer. Dersom du har vaskulitt i nyrene medfører det nyresvikt.
Tilvising og vurdering
Det er revmatolog som følgjer deg opp, og som vil vurdere om du skal behandlast med Rituksimab.
Før
Når det er bestemt at du skal ha denne behandlinga, må du ta blodprøvar. Du får vite kva for nokre blodprøvar du skal ta, og når du skal ta dei. Dersom du har teikn til infeksjon eller feber på behandlingsdagen, må behandlinga utsetjast til du er frisk.
Du vil få nokre tablettar (lett smertestillande + allergimedisin) som du må ta på førehand, omlag 30 –60 minutt før behandlinga. Du får lagt inn ein kanyle (tynt plastrøyr) i ei blodåre på armen. Før vi startar sjølve infusjonen, får du forbehandling med ein liten dose kortison intravenøst.
Under
Når vi skal gi deg sjølve behandlinga, gir vi det først sakte inn i blodet ditt. Etter kvart vil farten auke.
Berekna infusjonstid er 1 – 3 1/2 time, avhengig av den dosen du skal ha og helsetilstanden din. Du må berekne litt ventetid før sjølve infusjonen startar.
Etter
Du må vere til observasjon i 30 – 60 minutt etter at behandlinga er avslutta. Ein sjukepleiar vil heile tida vere i nærleiken.
Lette biverknadar som frostkjensle, "forkjøling" kan finnast.
Du vil få denne behandlinga fleire gonger, ofte kvar 6. månad.
- Kor lenge du må behandlast med Rituximab er avhengig av kva type vaskulitt du har, og kor godt du responderer på behandlinga.
- Kor ofte du får behandling i perioden, avheng av kva type vaskulitt du har.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Medisinsk poliklinikk
Oppmøtestad
Vi held til på Haugesund sjukehus. Ta heisen ved resepsjonen opp til 5. etasje. Hold høgre når du går ut av heisen. Gå til ventesone 5A.
Vi ber deg vente i ventesonen til du får tildelt behandlingsrom.

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund