Myringoplastikk
Hull på trommehinnen - rekontruksjon av trommehinne, nynorsk
Hol på trommehinna kan oppstå etter infeksjon i øyret, skader eller etter behandling med ventilasjonsrøyr (dren). Hol som ikkje vil gro kan bli lukka kirurgisk.
Hol i trommehinna kan gi noko tap av høyrsel og det kan renne frå øyret når du er forkjøla. Holet gjer øyret meir sårbart for infeksjonar, for eksempel ved bading. I sjeldne tilfelle kan hud på utsida av trommehinna vokse gjennom holet og inn i mellomøyret. Dette kan gi infeksjonar og risiko for skade på dei små mellomøyreknokla.
Tetting av holet blir kalla myringoplastikk. Det blir gjort for å få ein heil trommehinne som toler vatn og bading betre, og eventuelt for å hindre at det renn frå øyret. I nokre tilfelle blir det gjort for å betre høyrsla.
Før
Operasjonen blir gjort i narkose. Du må vere frisk før operasjonen, og ikkje vere forkjøla eller ha hoste. Viss du blir sjuk, må du gi oss beskjed og operasjonen må utsettast.
Før operasjonen er det nødvendig å barbere bort litt hår like bak og over øyret, ca 1-2 fingerbreidder.
Under
I dei aller fleste tilfelle vil ein lage eit snitt bak øyret for å hente muskelhinne som brukast til å tette trommehinna. Det blir fylt gelatinliknande bitar i mellomøyret for å halde den nye trommehinna på plass. På utsida av trommehinna blir det også lagt liknande bitar, og ein salvestrimmel.
Etter
Etter operasjonen blir du observert i nokre timar. I dei fleste tilfelle kan du reise heim same dag. I nokre tilfelle kan det bli aktuelt med sjukhusinnlegging eller overnatting på hotell.
Bandasjen rundt hovudet blir fjerna 1-2 dagar etter operasjonen.
Første døgn kan det vere litt sårsmerter, men generelt er det relativt lite smerter etter inngrepet.
Det gelatinliknande stoffet og salvestrimmelen fører til at høyrsla blir forbigåande dårlegare like etter operasjonen. Gelatinbitane i mellomøyret løyser seg opp etter nokre veker. Bandasjen i øyregangen må fjernast etter ca 1-3 veker, og høyrsla vil gradvis bli betre igjen dei første 6-8 vekene.
Du skal ta det med ro den første veka etter operasjonen. Du skal ikkje løfte tungt, få vatn i eller på øyret og unngå all for form for fysisk aktivitet som gir auka puls og blodtrykk. Du skal ikkje fly dei første 4 vekene.
Ved første kontroll blir eventuelle sting fjerna. Du kan då dusje, men pass på å ikkje få vatn inn i øyregangen. Dette kan du forebyggje ved å bruke ein bomullsdott med vaselin.
Normalt blir neste kontroll 3 månadar etter operasjonen. Det vil då bli gjennomført ny høyrselstest. Vidare kontrollar blir avtalt individuelt.
Avhengig av yrke må du rekne med sjukemelding i 2-4 veker.
Ver merksam
9 av 10 operasjonar er vellukka etter myringoplastikk
- Det er 85 % sjanse for uendra eller betre høyrsel. Det er ein liten risiko for dårlegare høyrsel.
- Øyret kan stå litt meir ut på den opererte sida. Følesansen på ytterøyret blir ofte noko endra.
- Det er ein svært liten risiko for skade av ansiktsnerve eller balanseorganet. Smaksnerva til deler av tunga går gjennom mellomøyret og kan i nokre tilfelle bli skada. Det kan også i sjeldne tilfelle oppstå infeksjonar eller bløding etter inngrepet.
- Viss du får smerter i eller renning frå øyret eller føler deg svimmel, ta kontakt med sjukehuset.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Øre-nese-hals
Ventetid: Ikke oppdatert
Ventetid: Ikke oppdatert
Kontakt Øre-nese-halsOppmøtestad
Øyre-Nase-Hals
1. etasje, Haugesund sjukehus
Telefon: 52 73 24 60
Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund