Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hjartesvikt

Hjartesvikt er ein tilstand der pumpeevna til hjartet er redusert. Symptoma er redusert pumpekraft (slite, dårleg fysisk yteevne), men også at hjartet ikkje «tar unna» blod fort nok, slik at lungene blir væskefylte og tunge å puste med. Kroppen reagerer blant anna med å halde tilbake væske, noko som igjen medfører hevelsar. Behandlinga tar sikte på å korrigere årsaker til hjartesvikt og å avlaste av hjartet med medisinar slik at restfunksjonen blir utnytta betre.

Hjertesvikt betyr at pumpefunksjonen til hjertet er nedsatt. Hjertesvikt kan være akutt, forbigående eller kronisk, og den graderes fra lett til alvorlig. Det finnes god behandling, og mange lever lenge med hjertesvikt.

Les meir på helsenorge.no

Behandling av hjartesvikt består av livsstilsendringar, medikamentell behandling og kirurgiske eller kateterbaserte inngrep. Har du hjartesvikt treng du som oftast livslang behandling og oppfølging.

Tilvising og vurdering

For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser. I nokre tilfelle kan anna helsepersonell tilvise deg, for eksempel til bildeundersøkingar (MR, CT eller røntgen).

Når vi har fått tilvisinga, vil du få svar på om du har rett til utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta.

Utgreiing

Utgreiing av hjartesvikt kan vere vanskeleg, men det er viktig å stille rett diagnose fordi tilstanden inneber livslang oppfølging og behandling.

For å stille diagnosen hjartesvikt må tre kriterium oppfyllast:

  • Du har teikn og symptom på hjartesvikt: Tung pust, hevelsar i beina og redusert arbeidstoleranse
  • Du har forhøgde nivå av ei blodprøve på hjartestress (BNP)
  • Vi ser typiske funn som ved hjartesvikt, på ulike undersøkingar
  • Det er haldepunkt for strukturelle eller funksjonelle forstyrringar ved avbilding av hjartet, vanlegvis med ultralyd (ekkokardiografi).

Tung pust og redusert arbeidstoleranse er også vanlege symptom ved lungesjukdommar, fedme, låg blodprosent og ei rekke andre lidingar. Ein viktig del av utgreiinga er derfor å utelukke andre tilstandar som gir desse symptoma.

Vi kan få ein mistanke om hjartesvikt ut frå sjukehistoria og kartlegging av helsa di. Deretter tar vi som oftast ein blodprøver og EKG. Vi må så ta ultralyd av hjartet for å bekrefte eller avkrefte diagnosen. Deretter følger undersøkingar med tanke på å finne årsaka til hjartesvikten.

Det finst mange årsaker til hjartesvikt. Dei vanlegaste årsakene er:

  • nytt eller gammalt hjarteinfarkt
  • hjartemuskelsjukdom (kardiomyopati) som kan vere genetisk fundert
  • sjukdom i hjarteklaffane og langvarig høgt blodtrykk
  • hjarterytmeforstyrringar

Pumpefunksjonen til hjartet minkar med alderen, og eldre menneske kan derfor ha lettgradig hjartesvikt som følge av den normale aldringsprosessen. Ei rekke tilstandar og sjukdommar som ikkje rammar hjartet direkte kan forverre eller framkalle svikt, slik som låg blodprosent, særleg høgt blodtrykk, fedme, diabetes, nyresvikt, hjarterytmeforstyrringar og stoffskiftesjukdommar.

EKG høyrer med ved mistanke om hjartesvikt. Legen ser blant anna på hjarterytme og hjartefrekvens, overleiing av elektriske impulsar og teikn på hjarteinfarkt (gammalt eller nytt). Det er sjeldan at EKG er heilt normalt ved hjartesvikt.

Blodprøver er viktige for å stille diagnose, vurdere alvorsgrad og for å følge utviklinga. Den viktigaste blodprøva er BNP eller NT-proBNP som seier noko om stress på hjartet. I tillegg bør du få ei brei utgreiing som inkluderer hemoglobin, kvite blodlekamar, blodplater, elektrolyttar, nyre- og leverfunksjonsprøver, stoffskifteprøver, langtidsblodsukker og feittstoff, inkludert kolesterol.

Dei fleste pasientar med mistenkt hjartesvikt bør undersøkast med ultralyd av hjartet, såkalla ekkokardiografi. Dette er ei undersøking som tar omtrent ein halv time. Du ligg vanlegvis på sida på ein benk mens undersøkaren bevegar ein ultralydprobe på utsida av brystet. Ved hjelp av den tar ein levande bilde som kan brukast til å vurdere størrelsen og funksjonen til hjartet.

Røntgen av brystkasse (toraks) kan gi viktig informasjon om hjartestørrelse og eventuell lungesjukdom, lungestuvning eller væskesamling.

Hjertekateterisering med kransåresundersøking, såkalla koronar angiografi, kan vere nødvendig for å avgjere om hjartesvikten kjem av tronge kransårar, og om dette i tilfelle skal behandlast.

Gangtest er ein enkel test som gir eit brukbart inntrykk av fysisk funksjonsnivå. Du går så langt du kan i 6 minutt og vi noterer avstanden du går. Ein distanse under 300 meter er uttrykk for sikkert redusert funksjon, medan unge menneske gjerne klarer over 600 meter. Testen kan kombinerast med måling av oksygenmetting. Den fell sjeldan ved hjartesvikt, medan vi oftare ser eit fall i oksygenmetting ved lungesjukdom.

Andre undersøkingar

Computertomografi (CT) og magnetisk resonansbiletdanning (MR) kan gi verdifull tilleggsinformasjon om hjartesjukdom, og blir brukt hos somme pasientar for å finne ut kva som ligg bak hjartesvikten.

Arbeidsbelasting med måling av oksygenopptak er nyttig både for diagnose, vurdering av prognose og oppfølging av pasientar med hjartesvikt. Dette blir gjort best på ergometersykkel eller tredemølle.

Høgresidig hjertekateterisering blir av og til brukt for å måle trykkforholda i hjartet og kan kombinerast med vevsprøvar (biopsi) frå hjartemuskelen for å finne ei presis årsak til hjartesvikt.

Langtidsregistrering av hjarterytmen blir gjord hos pasientar der legen mistenkjer hjarterytmeforstyrring. Du får sett på eit EKG-apparat som du kan ha i snor rundt halsen eller i beltet, og som er kopla til elektrodar på kroppen. Apparatet blir teke av etter eitt til sju døgn.

Behandling

Behandlinga ved hjartesvikt har som mål å korrigere årsaker til hjartesvikt, å avlaste hjartet slik at restfunksjonen blir utnytta betre og å behandle tilleggssjukdommar. Det er tre hovudtypar av behandling: Livsstilsendringar, medikamentell behandling og kirurgiske eller kateterbaserte inngrep.

Du bør følgje livsstilsråd og dei fleste bør i tillegg bruke hjartesviktmedikament. Kirurgiske inngrep eller kateterbaserte inngrep er aktuelt for å korrigere spesifikke årsaker til hjartesvikt, slik som klaffefeil eller tette kransårar.

Å leve med hjartesvikt vil for mange bety avgrensingar i dagleglivet og dermed redusert livskvalitet. Kunnskap om sjukdommen og om enkle prinsipp som kan redusere symptom og plager er derfor viktig for både deg og dine pårørande. Du må sjølv ta ansvar for sjukdommen og bør følgje dei råda som blir gitte, med tanke på eigabehandling. Dette er ofte det viktigaste tiltaket du kan gjere for å unngå hyppige innleggingar på sjukehuset.

Store studiar har vist betring av både symptom og prognose ved bruk av moderne medisinar mot hjartesvikt.

Kirurgisk og kateterbasert behandling er aktuelt der det er ein spesifikk (del)årsak til hjartesvikten som lèt seg korrigere, eller der symptoma og prognosen er svært dårleg utan hjartekirurgi, innsetjing av hjartestartar, hjartesvikt-pacemaker eller hjartepumpe.

Biventrikulær pacemaker (CRT= cardiac resynchronizaton therapy) tek sikte på å synkronisere samantrekkinga av hjartet. Vi bruker tre leidningar, ein til høgre framkammer, og ein til kvart av hjartekammera. Personar som er aktuelle for dette har vedvarande symptom trass adekvat medikamentell behandling, monaleg redusert pumpefunksjon og breie hjartekompleks i EKG.

Ein implanterbar hjartestartar (ICD), er ein pacemaker som kan gi støyt med høg energi (20-30 Joules) slik at ei alvorleg hjarterytmeforstyrring blir avbroten. ICD er dermed ein «forsikring» som kan nyttast hos personar med høg risiko for å utvikle slike hjarterytmeforstyrringar. ICD er aktuelt hos personar som har overlevd hjartestans, eller personar med redusert pumpefunksjon. Mange som er aktuelle for ICD vil også ha nytte av CRT, og det finst innretningar med begge modalitetar, såkalla CRT-D.

Kirurgisk behandling

Dei fleste med hjartesvikt bør før eller seinare få kartlagt blodforsyninga til hjartet med hjertekateterisering eller CT. Vi vurderer då for kvar enkelt pasient moglegheita for å betre blodforsyninga anten med koronar by-pass eller PCI.

PCI blir gjord som ei forlenging av koronarangiografi, som er ei røntgenundersøking av kransårane til hjartet (sjå utgreiing). PCI (utblokking) er ein teknikk som blir brukt for å utvide tronge område i kransarteriane til hjartet.

By-pass-operasjon er eit større kirurgisk inngrep i full narkose. Brystkassa blir opna og overfladiske årar frå leggen eller årar frå innsida av brystkassa blir brukte for å omgå dei tronge områda av kransårane.

Dersom klaffesjukdom er ei viktig årsak til hjartesvikten din eller klaffelidinga bidreg til symptom, kan det bli aktuelt å behandle klaffesjukdommen. Tradisjonelt har dette vore utført med open hjartekirurgi i full narkose, men klaffeutskifting kan no også gjerast med kateterteknikk. Val av metode blir bestemt individuelt for kvar enkelt pasient.

Mange pasientar med akutt hjartesvikt treng forbigåande behandling med ulike typar hjartepumper medan dei ligg på sjukehuset. Eit lite utval av pasientar med hjartesvikt og svært dårleg prognose kan få lagt inn ei kunstig hjartepumpe som du kan leve eit relativt normalt liv med i påvente av ein hjartetransplantasjon, eller dersom hjartetransplantasjon av ulike grunnar ikkje er aktuelt.

Hos nokre pasientar med hjartesvikt i endestadiet, dårleg prognose og god organfunksjon elles er hjartetransplantasjon eit alternativ når legane ikkje når målet med anna behandling. Hjartetransplantasjon blir gjord etter svært omfattande utgreiing og krev livslang innsats både frå pasienten og frå helsevesenet.

Hjartetransplantasjon på Rikshospitalet (på oslo-universitetssykehus.no)

Kliniske studiar

2 kliniske studiar er opne for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.

Sjå fleire kliniske studiar

Oppfølging

Hjartesvikt krev oftast livslang eigeninnsats, behandling og oppfølging. Oppfølginga blir tilpassa kvar enkelt person. Mange pasientar blir symptomfrie eller nesten symptomfrie på behandling og kan følgjast av fastlegen.

Blodtrykk, hjarterytme, vekt, langtidsblodsukker, nyrefunksjon og saltverdiar i blodet bør kontrollerast regelmessig. Dei fleste stabile pasientar med lette symptom kan gå til kontroll kvart halve år. Dersom du har vedvarande symptom eller ustabil sjukdom med fleire tilbakefall, bør du kontrollerast oftare. Då blir du ofte følgt opp på ein hjartesviktpoliklinikk på lokalsjukehuset.

Pasientar med kunstige hjarteklaffar, pacemaker, hjartestartar, kunstig hjartepumpe eller hjartetransplantat følgjer eigne oppfølgingsrutinar.

Livskvalitet, symptombyrde, funksjonsnivå og prognose blir betre av eigeninnsats. Har du først fått hjartesvikt, har du i dei fleste tilfella ein kronisk sjukdom som krev livslang innsats for å unngå årsaker til hjartesviktforverring og for å halde kroppen i form.

Kontakt

Haugesund sjukehus Medisinsk intermediær overvaking (MIO)

Kontakt Medisinsk intermediær overvaking (MIO)

Oppmøtestad

MIO held til i Vestblokka. Gå inn hovudinngangen på Haugesund sjukehus, ta heisen ved Narvesen kiosken til 2. etasje. Gå til høgre og ring på ringeklokka. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.