Hemoroider, strikkbehandling
Strikkbehandling av hemoroidar er eit velprøvd og godt val ved behandling av mindre hemoroidar. Behandlinga blir ofte utført samtidig som du er til undersøking på poliklinikk.
Før
Det kan vere behov for at du tar miniklyster før undersøking på poliklinikk. Følg tilvisingar i innkallinga du får frå sjukehuset. Strikkbehandling er lite smertefullt og kan gjerast utan bedøving.
Under
Kirurgen festar gummistrikk rundt slimhinna som dekker hemoroiden. Når strikken er på, blåser slimhinna som dekker hemoroiden seg opp, blodforsyninga i slimhinna blir strupt, og strikken med slimhinne fell av etter 10–12 dagar. Det står da att eit lite arr der strikken har sete. Dette arret fikserer slimhinna slik at hemoroiden ikkje sig ned.
Etter
Det er vanleg å kjenne trykk og ubehag i endetarmen i 1–2 dagar.
Gummistrikken fell av etter 10–12 dagar og blir ofte følgd av ei lita frisk bløding.
Det er vanlegvis ikkje behov for spesiell kontroll.
Dersom det er fleire og store hemoroidar, kan det vere behov for å gjenta prosedyren etter ei tid. Det blir da avtalt kontroll på poliklinikk etter 6–8 veker i første omgang. Pasientens plagar etter første behandling er avgjerande for om nytt inngrep er nødvendig.Ver merksam
Ved sterke smerter eller stor bløding må du ta kontakt med legevakt/sjukehus.
Kontakt
Odda sjukehus
Operasjon Odda
Oppmøtestad
Operasjon/dagkirurgi, 3. etasje.Odda sjukehus
Sjukehusvegen 10, 5750 Odda