Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Hemoroider, operasjon

Når ein først har prøvd eigenbehandling mot hemoroider, og det ikkje hjelper, kan ein vurdere operasjon. Operasjonen blir vanlegvis utført utan overnatting på sjukehuset.

Tradisjonell operasjonsmetode er godt eigna ved ytre hemoroider, kombinerte, og interne hemoroider grad 3-4.

Inndeling av hemoroider

  • Grad 1 blør, den buker ikkje ut og er ikkje synleg ved inspeksjon av endetarmen, men den kan påvisast ved kikkertundersøking.
  • Grad 2 buker ut når du pressar, men glir tilbake av seg sjølv
  • Grad 3 buker alltid ut, og må skyvast inn
  • Grad 4 buker ut og let seg ikkje skyvast på plass (sjeldan tilstand)

Bløding er det hyppigaste symptomet ved grad 1-2 hemoroider, mens slim, smerter, kløe, irritasjon og hygieneproblem er dei hyppigaste symptoma ved grad 3-4 hemoroider. Ved hemoroider grad 4 kan det også bli lekkasjeproblem.   

 

Før

Du må tøme tarmen før operasjonen ved hjelp av miniklyster. Følg rettleiinga i innkallinga frå sjukehuset.

Under

Du får oftest narkose eller ryggbedøving (spinalbedøving). Dersom det kun er éin hemoroide som skal fjernast i lokalbedøving, kan vi gjere det i lokalbedøving.

Vi fjerner hemoroidar med overliggande hud blir fjerna, og vi syr stinga ved basis av hemoroidane. Inntil tre større hemoroidar kan fjernast i ein seanse. Såret rundt endetarmen blir som eit kløverblad i form.

Etter

Noko smerter er vanleg etter operasjonen. Du får med deg resept på smertestillande tablettar. Du blir observert nokre timar etter narkosen, får mat og drikke og sjekk på at du får til å urinere før du kan reise heim. 

Det tar ofte nokre veker før ein er heilt bra etter operasjonen.

Det er vanlegvis ikkje behov for spesiell kontroll på sjukehuset etter operasjonen. Viss du har fått operert fleire store hemoroider kan det vere behov for å gjenta prosedyren etter ei tid. Det blir i tilfellet avtalt kontroll på poliklinikk etter 6 - 8 veker i første omgang. Det er plagene dine etter første operasjon som er avgjerande for om det er nødvendig med eit nytt inngrep. 

Behov for sjukmelding blir vurdert individuelt. 

Smerter ved avføring er vanleg etter operasjonen, og du må rekne med å bruke smertestillande tablettar i nokre dagar. Vi anbefaler å bruke handdusj, og eventuelt eit mjukt toalettpapir med god sugeevne som kan dyttast mot sårflata utan å gni, for reingjering etter kvar avføring.

Ver merksam


Etter operasjonen er det viktig å halde avføringa mjuk for å unngå forstopping. Bruk eit lett avføringsmiddel, for eksempel Visiblin, Movikol eller Parafin til avføringa er kome greitt i gang utan behov for å trykke. Det er normalt med litt friskt blod i samband med avføringa dei første dagane.

Det er liten risiko for komplikasjonar, men alvorleg bløding kan forekome spesielt hos pasientar som bruker blodfortynnande medisinar. Ta kontakt med sjukehuset ved feber, frysingar eller dersom blødinga ikkje stoppar.

Kontakt

Odda sjukehus Operasjon Odda

Kontakt Operasjon Odda

Oppmøtestad

Operasjon/dagkirurgi, 3. etasje.
En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

Transport

​For informasjon om lokalrutetilbod til Odda sjukehus, sjå www.skyss.no. For ekspressbuss, sjå www.nor-way.no.

Praktisk informasjon

​Næraste daglegvare er Bunnpris, 700 meter frå sjukehuset. Adressa er Hjøllo 1, 5750 Odda.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina ligg i U-etg.
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 10.00-12.30

Det ligg ein kiosken ved hovudinngangen
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 10.00-18.00.

Kiosken har ikkje betalingsterminal.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Det er ikkje minibank ved sjukehuset. ​Næraste minibank ligg i Odda sentrum.

Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.
Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Det er gratis parkering.

Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen.

Reservert plass for blodgivar er på parkeringsplassen sør for sjukehuset.

Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.



Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.