Hemoroider, operasjon HAL
Når eigenbehandling mot hemoroidar er freista og dette ikkje hjelper, kan vi vurdere om du treng ein operasjon. Denne operasjonen skjer vanlegvis utan overnatting på sjukehuset.
Vi skil mellom indre og ytre hemoroidar. Det er dei indre som oftast blør, og dei kan sige nedover analkanalen i ulik grad (grad 1–4). Dersom du ikkje opplever betring av eigenbehandling med salver, stikkpiller og sunne toalettvanar, kan fastlege tilvise deg til spesialist.
Vi prøver oftast strikkbehandling først. Dersom ikkje dette hjelper, kan du bli tilvist til operasjon. Det finst to hovudoperasjonar. Kva som er best for deg vil du og spesialisten vurdere saman etter den kliniske undersøkinga.
Samval
Når du har blitt syk eller har eit helseproblem, er det ofte fleire ulike moglegheiter for både undersøkingar og behandling. Her finn du verktøy som kan hjelpe deg til å ta valet.
HAL/THD er ein alternativ operasjonsmetode for blødande indre hemoroidar, der ein ikkje har komme i mål med eigenbehandling, eller strikkbehandling. Metoden gir ofte mindre smerter ein den vanlegare operasjonen (hemoroidektomi).
Tilvising og vurdering
Fastlegen din kan tilvise deg til sjukehuset for vurdering.
Før
Du må tømme tarmen før operasjonen ved hjelp av miniklyster. Følg rettleiinga i innkallinga frå sjukehuset.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Under
Vi lokaliserer blodåra som fører blod til hemoroiden ved hjelp av eit proktoskop (eit spesielt undersøkingsrøyr med ultralyd på tuppen). Vi set eit sting rundt blodåra slik at blodforsyninga blir strupt. Det er nødvendig med opptil seks sting på ulike stader i endetarmskanalen. I tillegg er det vanleg å sy opp hemoroidane (pexi) slik at desse ikkje lenger kjem ut. Stinga fører til at hemoroidane skrumpar og det blir danna eit lite arr i slimhinna i løpet av 6–8 veker.
Operasjonen kan utførast utan bedøving, men oftast blir narkose føretrekt.
Etter
Dei fleste har lite smerter etter operasjonen, og kan vanlegvis gå på jobb etter 1–2 dagar. Om det også er utført oppheising av hemoroidane (pexi) kan det vere meir smertefullt i 3–7 dagar etter operasjonen.
Du blir observert nokre timar etter narkose. Du vil da få mat og drikke. Før du kan reise heim sjekkar vi også at du har tissa etter operasjonen. Du får med deg resept på smertestillande tablettar.
Det er vanlegvis ikkje behov for spesiell kontroll på sjukehuset. Dersom du har vore operert for fleire og store hemoroidar kan det vere behov for å gjenta prosedyren etter ei tid. Plagene dine etter første operasjon er avgjerande for om nytt inngrep er nødvendig.
Ver merksam
Etter operasjonen er det viktig å unngå forstopping. Bruk av eit lett avføringsmiddel, for eksempel Visiblin, Movikol eller Parafin, er nødvendig til avføringa har komme greitt i gang utan behov for å trykke. Det er normalt med litt friskt blod i samband med avføring dei første dagane.
Det er liten risiko for komplikasjonar, men alvorleg bløding kan førekomme, spesielt hos pasientar som bruker blodfortynnande medisinar. Ta kontakt med sjukehuset dersom blødinga ikkje stoppar.
Kontakt
Odda sjukehus
Operasjon Odda
Ventetid: 3 - 9 uker
Ventetid: 3 - 9 uker
Kontakt Operasjon OddaOppmøtestad
Operasjon/dagkirurgi, 3. etasje.Odda sjukehus
Sjukehusvegen 10, 5750 Odda