Hemoroider, operasjon
Når eigenbehandling mot hemoroidar er freista og dette ikkje hjelper, kan vi vurdere om du treng ein operasjon. Denne operasjonen skjer vanlegvis utan overnatting på sjukehuset
Tradisjonell operasjonsmetode er godt eigna ved ytre hemoroider, kombinerte, og interne hemoroider grad 3-4.
Hemoroidar
Vi skil mellom indre og ytre hemoroidar. Det er dei indre som oftast blør, og dei kan sige nedover analkanalen i ulik grad (grad 1–4). Dersom du ikkje opplever betring av eigenbehandling med salver, stikkpiller og sunne toalettvanar, kan fastlege tilvise deg til spesialist.
Vi prøver oftast strikkbehandling først. Dersom ikkje dette hjelper, kan du bli tilvist til operasjon. Det finst to hovudoperasjonar. Kva som er best for deg, vil du og spesialisten vurdere saman etter den kliniske undersøkinga.
Samval
Når du har blitt syk eller har eit helseproblem, er det ofte fleire ulike moglegheiter for både undersøkingar og behandling. Her finn du verktøy som kan hjelpe deg til å ta valet.
Konvensjonell hemoroidektomi, eller Milligan-Morgan
Er gullstandard operasjonsmetode for større, indre hemoroidar som sig ut mot endetarmsopning. Det er også metoden som blir føretrekt for ytre hemoroidar.
Før
Du må tømme tarmen ved hjelp av miniklyster før operasjonen. Følg tilvisingar i innkallinga frå sjukehuset.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Under
Du får oftast narkose eller ryggbedøving (spinalbedøving). Om det berre er éin hemoroide som skal fjernast, kan det gjerast med lokalbedøving.
Vi fjernar hemoroide med overliggande hud, og syr sting ved basis av hemoroiden. Inntil tre større hemoroidar kan fjernast i ein seanse. Såret rundt endetarmen blir som eit kløverblad i form.
Etter
Det er vanlegvis ikkje behov for spesiell kontroll på sjukehuset. Om fleire og store hemoroidar er opererte, kan det vere behov for å gjenta prosedyren etter ei tid. Plagene dine etter første operasjon er avgjerande for om nytt inngrep er nødvendig.
Smerter ved avføring er vanlege etter operasjonen. Du må rekne med å bruke smertestillande tablettar i fleire dagar. Etter kvar avføring blir bruk anbefalt av handdusj for reingjering. Tørk varsamt med mjuk klut/handkle.
Ver merksam
Etter operasjonen er det viktig å unngå forstopping. Bruk av eit lett avføringsmiddel, for eksempel Visiblin, Movikol eller Parafin, er nødvendig til avføringa har komme greitt i gang utan behov for å trykke. Det er normalt med litt friskt blod i samband med avføring dei første dagane.
Det er liten risiko for komplikasjonar, men alvorleg bløding kan førekomme spesielt hos pasientar som bruker blodfortynnande medisinar. Ta kontakt med sjukehuset ved feber, frysningar eller dersom blødinga ikkje stoppar.
Kontakt
Odda sjukehus
Operasjon Odda
Ventetid: 3 - 9 uker
Ventetid: 3 - 9 uker
Kontakt Operasjon OddaOppmøtestad
Operasjon/dagkirurgi, 3. etasje.Odda sjukehus
Sjukehusvegen 10, 5750 Odda