Habilitering - Vansker knyttet til pubertet, seksualitet og identitet hos voksne med funksjonsnedsettelse
Når ein person med funksjonsnedsetting har omfattande vanskar knytte til kropp, pubertet, seksualitet og identitet kan fastlegen vise til habiliteringstenesta for vaksne. Vi tilbyr utgreiing, rettleiing og opplæring om forhold knytte til kropp, pubertet, seksualitet og identitet.
Tilvising og vurdering
Det er fastlegen eller anna spesialisthelseteneste som tilviser deg til habiliteringstenesta for vaksne (HAVO). Tilvisinga blir vurdert innan 10 dagar.
Før
Før du møter til utgreiing hos oss ber vi om at du tenker gjennom kva du synest er viktig for utviklinga di når det gjeld
- kommunikasjon og samhandling med andre personar
- pubertet
- seksuell funksjon
- seksuell åtferd
- eventuelle krenkingar/overgrep
Vi vil også stille deg spørsmål om sjukdommar og tidlegare sjukehusopphald.
Ved behov kan du ha med følgesperson. Den du eventuelt har med deg, bør kjenne deg godt.
Under
Møte med HAVO kan gå føre seg på sjukehuset, i kommunen din eller heime hos deg.
Møtet startar med at vi gir deg informasjon om kva som skal skje og kven du møter. Som regel vil du møte fagpersonar med ulik bakgrunn, for eksempel lege, psykolog, vernepleiar eller sjukepleiar.
Utgreiinga er sett saman av samtalar, observasjonar og undersøkingar. Heile eller delar av utgreiinga kan bli gjennomførte der du bur.
I løpet av utgreiinga kan det komme fram behov for å gjennomføre undersøkingar ved andre avdelingar i sjukehuset. Habiliteringstenesta for vaksne tilviser deg vidare.
Etter
Du får informasjon om resultata av utgreiinga.
Det er kommunen/bydelen du bur i som har ansvar for vidare tiltak og tilrettelegging. I tillegg kan det vere behov for oppfølging frå HAVO i kortare eller lengre periodar. Behovet for oppfølging blir vurdert i samråd i samråd med deg og dei som har ansvar for tilbodet i kommunen/bydelen.
Det blir utarbeidd ein rapport som samanfattar utgreiinga. Om det er behov for vidare oppfølging i HAVO, står det i rapporten. Den blir send både til deg og den som har vist deg til utgreiinga.
Kontakt
Habilitering
Oppmøtestad
Helse Fonna
Vi held til i Berg-bygget i Haugesund
- I dag 08:00 - 15:00