Du vil vere til overvaking i nokon timar etter operasjonen. Du kan drikke og eventuelt ete på operasjonsdagen, avhengig om du kjenner deg kvalm. Før heimreise vil du få informasjon om kva som blei funne og kva som blei gjort under operasjonen. Ofte reiser ein heim dagen etter operasjonen, men i blant kan det bli nødvendig å ligge på avdelinga lenger.
Litt bløding frå skjeden er vanleg. Dei første dagane kan du kjenne deg oppblåst i magen og eventuelt ha vondt i skuldrane. Dette er irritasjon frå gassen som blei sett inn i bukhola under operasjonen. Dette kan som oftast lindrast med reseptfrie, smertestillande medikament.
Dersom livmora er fjerna, må du på grunn av operasjonssåret i skjeden unngå karbad, svømmebasseng, bruk av tampong og samleie dei første 6-8 vekene. Dersom du ikkje har smerter eller andre plagar, kan du vere i vanleg fysisk aktivitet etter operasjonen, men unngå tunge løft over 5 kg dei første to vekene.
Såra på magen er lukka med metallstifter (agraffar) eller sjølvoppløyseleg tråd. Agraffane fjernast etter 7 dagar hos fastlegen din. Etter 7 dagar, dersom du framleis litt av tråden, kan du klippe den forsiktig vekk.
Etter 2 døgn trenger ikkje operasjonssårena på magen vere tildekka, og bandasje kan brukast etter behov. Bandasjer får du kjøpt på apoteket.
Dersom noko er fjerna under inngrepet, blir det sendt til mikroskopisk undersøking. Svara er vanlegvis klare etter nokre veker. Du vil få informasjon om svar ved poliklinisk konsultasjon, per telefon eller brev. Fastlegen din får kopi av svaret og brev om inngrepet.
Du får sjukemelding ved heimreise. Lengda på sjukemeldinga er avhengig av storleiken på inngrepet, og forventa tid du treng å komme deg på etter operasjonen. Sjukemeldinga kan bli forlenga av fastlegen din ved behov.
For å minske risiko for blodpropp blir du mest sannsynleg anbefala blodfortynnande sprøyter som du skal sette sjølv i opptil 30 dagar etter operasjonen. Du får resept på disse før du reiser heim, og resept på smertestillande tabletter.