Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Gastroskopi med innlegging av stent i matrøyr eller tolvfingertarm

Eit gastroskop er eit bøyeleg instrument som er cirka 9 mm tjukt med kamera på tuppen som overfører bilete til ein skjerm. Gastroskopet blir ført inn gjennom munnen og ned i matrøyr, magesekk og tolvfingertarm. Ved gastroskopi kan vi undersøkje om det er sjukdom i matrøyr, magesekk eller tolvfingertarm. Ved forsnevring av matrøyr eller tolvfingertarm kan vi ved hjelp av gastroskopet leggje inn ein stent.

Årsaka til og føremålet med stent

Ein stent er eit røyr, vanlegvis utforma som eit nett i metall eller kunststoff. Stenten blir ført inn i det forsnevra området og blir aktivert slik at han utvidar seg. Det er ulike årsaker til at det kan vere trongt. Det kan vere grunna arrvev som har oppstått etter kirurgi, betennelse, eller på grunn av svulstar.

Formålet med plasseringa av stenten er å utvide innsnevringa og dermed auke plassforholda.

Foto av stent, eit røyr, vanlegvis utforma som eit nett i metall eller kunststoff.
Stent

Før

Du må møte fastande, magesekken må vere heilt tom før undersøkinga.

  • Ikkje ete eller drikke noko dei siste seks timane før undersøkinga
  • Er du veldig tørste kan du drikke eitt til to glas vatn inntil to timar før undersøkinga. Etter dette kan du skylje munnen utan å svelgje noko.

Blodfortynnande medisinar

Bruker du blodfortynnande medisinar er det risiko for at det kan oppstå større blødingar enn normalt. Derfor er det ønskjeleg at du mellombels sluttar med blodfortynnande medisinar.

Les innkallingsbrevet eller meir informasjon på denne sida for å sjå kva for nokre blodfortynnande medisinar du må slutte med, og kor lang tid før undersøkinga du må gjere dette:

Har du diabetes og bruker insulin eller tek livsviktige medisinar som ikkje kan utsetjast, kan du kontakte oss for å få timeavtale tidleg på dagen. Gi oss beskjed om du er allergisk for nokre medikament.

Om du bruker faste medisinar, ta med ei oppdatert medisinliste til undersøkinga.

Under

Under sjølve undersøkinga ligg du på venstre side. Har du tannprotesar, må desse takast ut. Du får eit munnstykke mellom tennene. Du kan puste normalt gjennom nase og munn under heile undersøkinga. Når gastroskopet blir ført inn i munnen får du beskjed om å svelgje. Sjølv om dette blir opplevd ubehageleg, er det viktig å slappe av og puste roleg under undersøkinga. Du vil på førehand og under behandlinga få smertestillande og roande medisinar.

Utblokkinga skjer ved at ein bruker spesielle blokkestavar i ulik storleik. Desse blir førte over ei rettesnor, og ein vil gradvis utvide det tronge området ved å gå opp i storleik på blokkestavane. Ein kan også bruke ein ballong som ein stegvis fyller med vatn, då vil trykkauken utvide det tronge området. Av og til bruker ein røntgengjennomlysing for å kontrollere blokkinga undervegs.

Gjer det vondt?

Det kan opplevast ubehageleg og vere litt smertefullt under blokkinga. Du vil få smertestillande medikament undervegs.

Kor lenge varer behandlinga/undersøkinga?

Sjølve undersøkinga tek vanlegvis mellom 30 og 45 minutt.  

Etter

Kva skjer etterpå?

Vanlegvis må du vere tre til fire timar til observasjon etter avslutta undersøking. Dei første to timane skal du liggje flatt i senga slik at stenten får festa seg. Du kan ikkje ete eller drikke dei to første timane etter undersøkinga.

Dersom undersøkinga er gjord ved dagkirurgi, kan du reise heim etter nokre timar. Du kan ikkje sjølv køyre bil same dag, då det blir gitt roande og smertestillande medisinar under undersøkinga.

Etter at stenten er plassert, tek det to til tre dagar før han er utvida til maksimal storleik. I denne perioden er det vanleg å vere litt uvel og ha noko smerter i mage- og brystregionen.

Den første dagen tilrår vi at du berre et flytande kost. Dagen etter behandlinga kan du prøve deg fram med mosa mat.

Det er viktig å drikke godt i samband med måltida. Du må sitje oppreist under måltida og ei stund etter at du har ete. Der stenten ligg er det ikkje normal skyverørsle av maten. Du bør tyggje godt og unngå store matbitar som kan tette stenten.

Om stenten blir plassert gjennom lukkemuskelen mellom matrøyr og magesekk, skal du bruke syrehemmande medisinar fast.

Ver merksam

Komplikasjonar etter steinting er sjeldne. I sjeldne tilfelle kan det oppstå bløding eller hol på matrøyret eller tynntarmen. Operasjon, eller annan type behandling kan då bli nødvendig. Forskyving av stenten kan finnast, eller han kan tettast igjen av matrestar eller at svulsten eller grovev veks inn i stenten. Dette kan normalt løysast ved å leggje ein ny stent.

Om du får sterke magesmerter eller blodig oppkast etter at du har komme heim, må du kontakte sjukehuset.

Kontakt

Haugesund sjukehus Gastromedisinsk poliklinikk

Kontakt Gastromedisinsk poliklinikk

Oppmøtestad

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Gå til ventesone 7 når du har registrert deg.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.