Undersøking
Gangtest
Under ein gangtest måler vi kor mange meter du klarer å gå på flatt underlag i 6 minutt. Vi måler oksygeninnhald i blodet, puls og grad av kor tungpusten du er når du kviler under og etter testen.Før
For at testen skal gi mest mogleg korrekt resultat er det viktig at du:
- ikkje anstrenger deg rett før undersøkinga, det vil seie inntil 1 time før
- har på deg lette og behagelege treningsklede og sko
- unngår å spise eit større måltid 1 time før undersøkinga
- unngår bruk av tobakk på undersøkingsdagen
- tar alle dine faste medisinar, inkludert inhalasjonsmedisinar.
Under
Du blir spurt om grad av kor tungpusten du er. Du skal gå i oppmålt lengde, fram og tilbake, så langt du klarer å gå på denne tida. Du skal ikkje snakke under testen.
Du går med eit pulsoksymeter på fingeren. Det måler oksygeninnhald og puls. Du kan senke farta, stoppe og eventuelt sette deg ned om du har behov for det.
g_54b058af_1d49_4a99_84fc_87e850b830cb
Etter
Du skal sitte å kvile på ein stol nokre minutt etter gangtesten. Du får spørsmål om grad av kor tungpusten du er. Resultatet av testen blir vurdert av oss.
Ver merksam
Vanlegvis innberer ikkje testen nokon risiko.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Lungepoliklinikk, Haugesund sjukehus
Kontakt Lungepoliklinikk, Haugesund sjukehus
Oppmøtestad
Vi har felles ekspedisjonsluke med hjertepoliklinikken i 2. etasje. Dersom du tar heisen ved resepsjonen i 1. etasje, finn du luka vår i korridoren til høgre når du kjem ut av heisen.Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund