Før
Det er viktig at du følgjer instruksjonane om korleis du skal kome godt førebudd til sjukehuset. Dersom du ikkje følger reglar om faste og røyking, kan du risikere at vi må utsetje operasjonen.
Du skal ikkje ete fast føde eller drikke mjølk i 6 timar før operasjonen. Du kan gjerne drikke klare væsker (vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te, kaffi utan mjølk/fløyte) inntil 2 timar før planlagt operasjon. Unngå røyk, snus, tyggegummi og sukkertøy i 2 timar før operasjonen. Ved spesielle inngrep kan det vere andre rutinar som gjeld. Dette blir du orientert om på sjukehuset før operasjonen.
Smykke, piercing, neglelakk, gelenegler og lause negler skal fjernast før innlegging. Dersom piercing er vanskeleg å fjerne, kan du risikere at den blir klipt. Betennelse/hudreaksjon rundt piercing som er nær operasjonsfeltet skal behandlast før operasjonen. Vi kan ikkje operere pasientar med smykker/piercing, då det kan føre til brannskade på både pasient og personale.
Dersom du bruker blodfortynnande medisinar må det avtalast med lege om du skal slutte med dette føre operasjonen. Om ikkje anna er avtalt møter du fastande. Med mindre legen har gitt annan beskjed skal du ta faste medisinar om morgonen på operasjonsdagen saman med 1/2 glas vatn. Ta med liste over dei faste medisinane når du kjem til sjukehuset.
På morgonen operasjonsdagen skal du også ta ein grundig dusj med hårvask. Du skal ikkje ha på krem eller sminke etter at du har dusja.
Det er vanleg å barbere området som skal opererast. Dette blir gjort på sjukehuset.
Under
Operasjonen blir rutinemessig utført med kikholsmetode (laparoskopisk teknikk). Gjennom bukveggen lagar vi fire små innstikk. Deretter fyller vi opp med gass i bukhola. Vi løyser og hentar ut galleblæra (med steinane i). Gassen blir fjerna, og dei små såra sydde igjen.
Vi utfører inngrepet i narkose. I sjeldne tilfelle er det av tekniske grunnar ikkje mogleg å gjennomføre operasjonen med kikholsmetode. Alternativet er å legge eit litt lengre snitt under ribbeinet på høgre side.
Sjølve operasjonen tar vanlegvis 1–1,5 time.
Etter
Under og etter operasjonen får du væske intravenøst. Du får drikke og ete når du har våknar.
Du kan stå opp innan ein time, og vanlegvis kan ein reise heim etter 2–4 timar. Utifrå tilstanden din og når på dagen du vart operert vurderer kirurgen også om du må overnatte på sjukehuset.
Før du reiser heim får du muntleg og skriftleg informasjon. Du skal ikke vera aleine når du kommer heim fram til morgonen etter operasjonen.
Dersom stinga må fjernast skal dette gjerast sju til tolv dagar etter operasjonen hos fastelegen din. Dersom det er brukt sjølvoppløseleg tråd trenger du ikkje fjerne stinga.
Smerter
I dei neste dagane kan du kjenne ubehag på grunn av gassen som vert sett inn i bukhola under operasjonen. Det er derfor naturleg å føle seg oppblåst i magen, kjenne smerter i skuldrene og oppleve at det er tungt å trekke pusten første tida. Plagane gir seg gradvis og vert heilt borte etter tre til fem dagar. Du får smertestillande etter behov når du er på sjukehuset. I tillegg får du med nokre smertestillande tablettar heim, i tillegg til resept.
Sjukmelding
Det er ikkje skadeleg med aktivitet etter operasjonen. Lytt til kroppen din og auk den fysiske aktiviteten etterkvart. Unngå tunge løft i to til fire veker.
Ein blir vanlegvis sjukmeld i ei veke etter operasjonen ved kikholskirurgi. Ved open operasjonsteknikk blir ein vanlegvis sjukmeld i to til tre veker. Dersom du treng forlenging av sjukmeldinga di kan du ta opp dette med fastlegen din.
Kosthald og fordøyelse
Du kan ete vanleg mat etter å ha fjerna galleblæra. Unngå store og feittrike måltid dei to første månadene. Det er ikkje unormalt å bli litt treig i magen og ha luft i tarmane. Du kan sjølv hjelpe til ved å halde deg i aktivitet, samt få i deg rikeleg med drikke og gjerne fiberrik mat.
Hygiene
Dersom du er operert med kikholskirurgi kan du dusje etter 2 dagar. Ta av bandasjen etter dusjing. Såra bør lufttørke før du set på nye sterile bandasjar. Dersom såra er tørre etter 4 dagar er det ikkje nødvendig å bruke bandasje.
Transport
Du kan ikkje køyre heim sjølv etter operasjonen. Husk at du kan ha rett på tilrettelagt transport eller å få dekt reiseutgiftene dine. Les meir om pasientreiser (helsenorge.no)
Oppfølging
Det er ingen rutinemessig kontroll hos kirurg eller hos fastlege etter operasjonen, men det blir gitt individuell oppfølging tilpassa ditt behov. Galleblæra som opererast ut blir sendt til histologisk undersøking.