Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fysisk trening ved psykiske lidelser

Fysisk trening inneber regelmessig og strukturert styrke- og uthaldstrening, med intensitetsnivå og belastning som er tilpassa den fysiske forma di og kva for trening du liker. Det er anbefalt at du trener minst 150 minutt per veke fordelt på to–tre treningsøkter over ein periode på minst åtte–tolv veker.

Fysisk trening har god effekt på angst, uro, depresjonssymptom, psykosesymptom, konsentrasjon, merksemd, minne, livskvalitet, sosial fungering og søvn.

Tilvising og vurdering

Deltaking i fysisk trening kan bli tilbydd som del av behandlingstilbodet ved lokalt DPS eller i kommunen. Behandlaren din tilviser deg til instruktør for treningstilbodet, som igjen kontaktar deg og avtalar ein eigen time der informasjon om tilbodet blir gitt.

Før

Vi anbefalar at du saman med treningsinstruktøren går gjennom eventuelle sjukdommer du har, så treninga kan bli tilpassa di fysiske styrke. Det er viktig at du er motivert for tilbodet.

Under

Saman blir vi einig om mål og metode for behandlinga. Det er viktig at du gir tilbakemeldingar på korleis du opplever treningsprogrammet og rammene elles, slik at vidare fysisk trening best mogleg kan bli tilpassa deg. Ved oppstart av programmet vil du gjennomføre ukike fysiske tester.

Etter kvart som trening blir ein del av rutinen din, og kroppen samtidig venner seg til den auka belastninga, vil treninga gradvis auke i intensitet. Samtidig vil treninga heile tida bli tilpassa den individuelle progresjonen din og preferansane dine. 

Du vil få tilbod om å føre treningslogg under deltakinga i treningstilbodet. I tillegg vil du få tilbod om å gjennomføre fysisk testing lik den du gjennomførte i forbindelse med oppstart av trening, for å undersøke effektane av trening på styrke og uthald undervegs i treningsperioden din.

Du kan når som helst undervegs i treningsperioden be treningsinstruktøren din om å hjelpe deg med å tilpasse treninga etter kvart som du får fleire eller nye behov eller preferansar.

Etter

Etter avslutta deltaking i fysisk trening blir du anbefalt å fortsette med regelmessig fysisk trening.

Kontakt

Haugaland DPS

Kontakt Haugaland DPS

Oppmøtested

Floravegen 75
5535 Haugesund

Oppmøtested

Asaldalvegen 1
4250 Kopervik

Oppmøtested

Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Haugesund sjukehus, 1. etasje

Oppmøtested

Kirkegaten 103
5528 Haugesund