Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Operasjon framfall av livmor

Framfall av skjede og/eller livmor er ein tilstand der delar av skjedeveggen eller livmortappen søkk nedover i skjeden og kan komme delvis ut av vagina når ein sit lenge, har stått eller gått mykje. Operasjonen blir som regel utført via skjeden og skjer gjerne ved spinalanestesi.

Avhengig av type framfall blir enten fremre skjedevegg stramma opp og blæra løfta tilbake til sin naturlege plass, bakre skjedevegg stramma opp og forsterka. Av og til blir også livmortappen eller heile livmora fjerna. I nokre sjeldne tilfelle blir skjedeveggen forsterka med eit nett laga av kunststoff.

Det er viktig å vite at dersom livmortappen blir fjerna heilt eller delvis, aukar dette risikoen for å føde for tidleg. Slik operasjon bør derfor gjerast etter at du er ferdig med fødslane dine.

Om du ønsker å få sett inn spiral under operasjonen må du undersøke på førehand om dei har dette ved sjukehuset, eller om du må ha med denne sjølv.

Tilvising og vurdering

Fastlegen din eller anna helseteneste tilviser deg til utgreiing på sjukehus.

Før

Tømming av tarmen 

Vi anbefaler at du tar eit klyx (avføringsmiddel) dagen før operasjonen for å unngå unødig trykking rett etter operasjonen. Dette får du kjøpt utan resept på apoteket.

​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.

Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.Det får du i så fall beskjed om. 

Bedøving

Før inngrepet får du bedøving, enten spinal eller epiduralanestesi der store deler av kroppen blir bedøvde, eller du får narkose (der du søv djupt).

Under

Dette blir gjort under inngrepet

  • Det blir lagt inn eit urinkateter i blæra di, og av og til blir det lagt inn tampongar i skjeden.
  • Fremre skjedevegg blir stramma opp og blæra blir løfta til sin naturlege plass.
  • Livmorhalsen eller heile livmora blir fjerna.
  • Bakre skjedevegg blir stramma opp, og av og til blir musklane i bekkenbotnen trekt saman for å styrke bakre skjedevegg.
  • I nokre sjeldne tilfelle blir skjedeveggen forsterka med eit nett laga av kunststoff.

Etter

Etter operasjonen blir du køyrd i seng frå operasjonsrommet til oppvakningsavdelinga der du blir til du er heilt vaken eller til spinalbedøvinga har slutta å verke. Ein lege informerer deg om korleis inngrepet har gått etter at operasjonen er over. Når du er tilbake på sengeposten får du hjelp til å komme deg opp av senga.

Aktivitet

Når du er tilbake frå operasjon får du hjelp til å komme deg opp av senga.

Smerter

Det er normalt å ha smerter bak mot endetarmen, men dette gir seg vanlegvis etter 1–2 veker. Du får smertestillande regelmessig og ved behov. Du bør ha Paracetamol og Ibux heime til bruk ved behov. Treng du andre typar smertestillande i tillegg så får du med deg resept frå sjukehuset når du blir skriven ut.

Vannlatning

Etter operasjonen kan det nokre gonger vere vanskeleg å tømme blæra. Urinkateteret vil derfor ligge inne inntil ein dag etter operasjonen. Urinkateter og eventuelt tampongar som er lagde inn i skjeden blir fjerna etter klarering frå gynekolog.

Når urinkateteret er fjerna, vil vi kontrollere at du tømmer blæra tilfredsstillande. For å vere sikker på at du får tømt blæra di skikkeleg etter inngrepet vil du bli kontrollert med ein blæreskannar/ultralyd eller eit eingongs-urinkateter etter operasjonen. Du får reise heim når det går greitt å tømme blæra som normalt. Som regel er dette same dag, eller inntil to dagar etter operasjonen.

Sting

Stinga er sydde med ein spesiell tråd som forsvinn av seg sjølv. Det kan komme ut trådbitar i nokre veker framover, noko som er normalt.

Bløding

Småblødingar er vanlege dei første dagane etter operasjonen og kan vare i opptil eit par veker. Deretter vil du ha auka utflod som kan vere blanda med blod, i inntil 6 veker.

Liggetid

Vanlegvis blir du skrive ut første eller andre dag etter operasjonen.

Sjukmelding

Sjukmelding er vanlegvis på 2–4 veker. Det kan vere aktuelt med lengre sjukmelding avhengig av kva slags arbeid du har.

Komplikasjonar 

Ved alle kirurgiske inngrep er det ein risiko for komplikasjonar. Dei vanlegaste ved denne operasjonen er blodsamlingar i operasjonsområdet, infeksjon i operasjonsområdet eller blærekatarr. Sjeldne komplikasjonar er blodpropp og alvorleg infeksjon.

Seinare kan det vere vanleg med smerter under samleie ei tid, og kjensle av for trong skjede. Dette kjem av arrvev som kan vere stivt. Vanlegvis går dette over. Nokon kan også bli plaga med auka urinlekkasje.

Etter operasjonen

Dei første 6 vekene etter operasjon bør du unngå: 

  • tunge løft (meir enn 5 kg)
  • tungt arbeid (golvvask, støvsuging)
  • hard trening
  • aktivitet som utløyser smerte
  • forstopping og kraftig trykking som kan øydelegge resultat av operasjonen
  • samleie
  • unngå bruk av tampong i fire veker

Forstopping 

Du bør unngå forstopping da kraftig trykking på toalettet kan bidra til at operasjonen blir mislykka. Det er anbefalt å kjøpe laktose reseptfritt på apoteket for å unngå forstopping etter heimreise.

Seksuelt samliv 

Du bør ikkje ha samleie dei første 6 vekene etter operasjonen, Er du sår eller tørr i skjeden kan du etter 6 veker bruke glidekrem eller hormonkrem/vagitorier (Ovestering) Dette blir kjøpt utan resept på apoteket.

Karbading/bading i basseng 

Du bør ikkje ta karbad eller svømme dei første vekene etter inngrepet eller så lenge du blør. Dette kan medføre ein auka risiko for infeksjon.

Hormonkrem 

Vi anbefaler at du bruker hormonkrem eller stikkpiller i skjeden to gonger i veka etter operasjonen (frå 2–3 månader til 1 års bruk). Du bør starte behandlinga 4 veker etter operasjonen. Er du i overgangsalderen, skal du sannsynlegvis halde fram med dette resten av livet. Både østradiol hormonkrem (Ovesterin) og østradiol vaginaltablettar (Vagifem) får du kjøpt reseptfritt på apoteket eller på resept via fastlegen din. Om du er i tvil om du kan bruke tablettane over lengre tid, kan du snakke med lege om dette før du reiser heim etter operasjonen.     

Bilkøyring 

Du skal ikkje køyre bil dei første 24 timane etter operasjonen eller om du bruker sterke smertestillande medisinar (opiat). 

Aktivitet

Sjølv om du har auka behov for kvile i tida etter ein operasjon, bør du komme i gang med dei vanlege, daglegdagse aktivitetane dine så snart som mogleg. Normal aktivitet som ikkje er smertefull er ikkje farleg. Den første tida etter operasjonen bør du unngå tunge løft og tungt arbeid som ikkje er absolutt nødvendig.

Gode råd

  • Drikk rikeleg, et fiberrikt kost og hald deg i aktivitet så godt det lèt seg gjere.
  • Du bør bruke avføringsmiddel (Duphalac/Lactulose). Dette kan kjøpast reseptfritt på apoteket, men bør ikkje brukast samanhengande i meir enn 4 veker.
  • Du kan ha samleie tidlegast 6 veker etter operasjonen.

Kontroll

Dersom du har generelle og/eller praktiske spørsmål, kontakt avdelinga som har skrive deg ut eller fastlege. 

Ver merksam

Ved behov for vurdering av akutt helsehjelp som ved sterke smerter, større blødingar eller akutt feber, kontakt behandlande avdeling ved sjukehuset.

Dei første 14 dagane etter operasjonen bør du kontakte oss dersom:

  • du får problem med vasslating, delvis eller heilt.
  • du får feber over 38 grader celsius og nedsett allmenntilstand som ikkje går over i løpet av to dagar
  • du opplever aukande trykk og press i underlivet
  • du opplever pågåande kraftig bløding (som ein menstruasjon)
Sist faglig oppdatert 06.01.2026

Kontakt

  • Ventetid: 24 - 59 uker

    En høy vinkel av en bygning

    Haugesund sjukehus

    Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

    Transport

    Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

    www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

    www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

    Ventetid

    24 uker til utredning

    35 uker til dagbehandling (59 totalt)

    Praktisk informasjon

    Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har tre ladeuttak.

    Reserverte parkeringsplassar

    Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

    Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

    Parkeringsavgift

    Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Parkering i Haugesund sentrum

    Sjå P-kart - Haugesund Parkering

     

    Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

    helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

    Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

    Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

    Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

    Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
    Laurdag: 9.00-20.00
    Søndag: 10.00-20.00 




    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

  • Ventetid: 8 uker

    Kontakt Operasjon og anestesi, Odda

    Oppmøtestad

    Vi held til i 3. etasje på Odda sjukehus.

    En bygning med et fjell i bakgrunnen

    Odda sjukehus

    Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

    Transport

    ​For informasjon om rutetilbod til Odda sjukehus, sjå skyss.no og kolumbus.no. For ekspressbuss, sjå www.nor-way.no.

    Du kan ta kontakt med pasientreiser for informasjon om reiser til og frå offentleg godkjent behandling.

    Ventetid

    Praktisk informasjon

    Meld deg i ekspedisjonen ved hovudinngangen i 1. etasje når du kjem. Du kan betale i luka eller med Vipps. 

    Logg inn på helsenorge.no for å endre eller avbestille time. Dersom det er mindre enn to arbeidsdagar til timen din, må du kontakte kontaktsenteret vårt på telefon 52 73 90 00.

    Pasientar med behov for overnatting kan ta kontakt med kontaktsenteret vårt på telefon 53 65 10 00. Du må gi beskjed i god tid på førehand. 

    Vi kan tilby rom med enkel standard i vårt hybelhus, som ligg ca. 50 meter frå sjukehuset. Rommet har telefonforbindelse med kirurgisk overvakingspost. Det har også ei ekstra seng dersom du har med deg pårørande.

    I hybelhuset er det tilgang til felles kjøkken og bad. Har du behov for kveldsmåltid, må dette bringast med.

    Du hentar nøklar i ekspedisjonen, som ligg rett ved hovudinngangen i 1. etasje på sjukehuset. Ekspedisjonen er betjent frå kl. 07.30 til 18.00 måndag til fredag. Kjem du etter kl. 18.00, kan du ringe på døra. Personalet vil då kome for å hjelpe deg.

    Du vil få faktura for overnatting på hybelhuset. 

    Du kan ta kontakt med pasientreiser for informasjon om reiser til og frå offentleg godkjent behandling.

    Alternativ overnatting i Odda

    Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.
     
    Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Der kan du parkere gratis.

    Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

    Reserverte parkeringsplassar

    Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen. 

    På parkeringsplassen sør for sjukehuset finn du reserverte plassar for blodgivarar. 

    Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

    Viss du fått beskjed om å ta blodprøvar, kan du gå til laboratoriet i underetasjen (U-etasje) på Odda sjukehus.

    Opningstider: kvardagar kl. 09.00-14.00

    Trekk kølapp når du kjem.

    Nokre pasientar/pasientgrupper blir prioritert for blodprøvetaking og vi ber om forståing for det. 

    ​Kantina ligg i underetasjen (U-etasje).


    Opningstider

    Måndag-fredag kl. 10.00-12.30

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    Slik gjer du:

    1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
    2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

    Bruk av trådlaust nett er gratis.
     
    Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

    God surfing.

    Det er ikkje minibank ved sjukehuset. ​Næraste minibank ligg i Odda sentrum.

    ​Næraste daglegvare er Bunnpris, 700 meter frå sjukehuset. Adressa er Hjøllo 1, 5750 Odda.

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.