Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Halsmandlane (tonsillane) sit på kvar side i svelget og er ein del av kroppen sitt immunforsvar. Dei bidrar til å beskytte mot bakteriar og virus som kjem inn gjennom munn og nase, og produserer antistoff som bidrar til å motverke infeksjonar. Mandlane er ein del av lymfesystemet og har størst betydning i barneåra. Hos nokon kan mandlane gi helseplagar, og då kan det vere nødvendig å fjerne dei.
Det kan vere aktuelt å fjerne mandlane dersom du har
Det finst ikkje haldepunkt for at fjerning av mandlane svekker immunforsvaret.
Fjerning av mandlane blir utført i narkose. Etter operasjonen er det ein risiko for etterbløding. Slike blødingar kan vere alvorlege. Du må derfor vere grundig utgreidd før operasjonen.
I forkant av inngrepet må det avklarast om du har andre sjukdommar, eller om du bruker medisinar som kan ha noko å seie for operasjonen eller narkosen.
Dersom du bruker blodfortynnande medisinar, må du avklare med fastlegen din om du kan slutte med desse før operasjonen.
Du må dusje og vaske håret, enten på operasjonsdagen eller kvelden før.
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her, må personalet få vite det.
Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Hvis du bruker faste medisinar, skal disse ikkje tas om morgenen operasjonsdagen. Ta medisinane med til sjukehuset saman med ei oppdatert liste over medisinane du bruker. Du får beskjed om kva for nokre faste medisinar du kan ta før operasjonen. Inhalasjonsmedisin kan brukast som vanlig og takast med til sjukehuset.
For å redusere smerter etter operasjonen, vil du få smertestillande medisinar i forkant.
Ver førebudd på at det kan bli noko venting før det er klart til operasjon.
Fjerning av mandlange (tonsillektomi) blir utført i narkose og blir vanlegvis gjort som dagkirurgi. Mandlane blir fjerna gjennom munnen, og ein munnsperre held munnen open under inngrepet.
Operasjonen varer vanlegvis 20-50 minutt.
Etter operasjonen blir du observert på oppvakningsavdelinga. Kirurgen vil informere om operasjonen og forholdsreglar etter operasjonen. Du kan vanlegvis reise heim etter 3 timar. Du må ha følge heim, og kan ikkje køyre bil sjølv. Du kan ikkje vere aleine den første kvelden og natta etter operasjonen, og må derfor ha ein vaksen person over 18 år hos deg.
Tilleggssjukdommar eller andre forhold kan føre til at du må leggast inn på sjukehuset.
Du får sjukmelding/fråværserklæring i 14 dagar (legen fyller ut skjema før du reiser heim).
Dei fleste har ein del smerter i halsen etter operasjonen. Ta smertestillande medisin etter tilrådingar frå legen.
Det er ikkje uvanleg å få øyresmerter cirka 2 dagar etter operasjonen. Øyresmertene kjem av hevelse rundt nervane som går frå halsen opp til øyret. Ubehaget kan reduserast ved at du ligg med overkroppen heva.
Det er viktig at du drikk ofte i 7 dagar etter operasjonen. Det kan hindre danning av harde skorper på sårflatene, som kan gi auka smerter.
Du vil få reseptar på smertestillande medisinar (eResept) .
Det er ikkje uvanleg med noko slim blanda med blod, den første tida etter operasjonen. Prøv kaldt omslag på halsen/nakken og å suge på ein isbit, ete is eller drikke kaldt vatn. Dersom du blør (meir enn blod i spytt), må du ta direkte kontakt med ambulanse på telefon 113. Dette gjeld både når du er heime og når du overnattar på pasienthotell.
Bløding etter fjerning av mandlar kan vere alvorleg. Ta kontakt ved den minste tvil og ha låg terskel for å ringe 113.
Dei første 24 timane etter operasjonen bør du ikkje
Unngå å anstrenge deg fysisk (sport/kroppsøving), tunge løft og seksuell aktivitet i 14 dagar etter operasjonen. Når blodtrykket stig, utvidar blodkara seg og dermed aukar blødingsfaren. Etter 14 dagar kan du starte forsiktig og auke treninga gradvis. Det beste er å begynne med uthaldstrening og deretter varsamt med styrketrening.
Unngå varmt vatn (over 37 grader) i dusj og/eller bad i 7 dagar etter operasjonen.
Unngå varm mat og drikke, og mat med skarpe kantar (som knekkebrød, brødskorper, nøtter og liknande) i 7 dagar etter operasjonen.
Generell risiko og komplikasjonar
Ta kontakt ved bløding, dersom du har feber som varer meir enn 2 dagar og er 38,5 eller høgare (dette kan vere teikn på infeksjon) eller har problem med å få i deg drikke.
Det er ikkje uvanleg med noko slim blanda med blod, men dersom du blør (meir enn blod i spytt) må du ta direkte kontakt med ambulanse på telefon 113.
Bløding etter fjerning av mandlar kan vere alvorleg. Ta kontakt ved den minste tvil og ha låg terskel for å ringe 113.
Ventetid: 26 - 52 uker
Kontakt Øre-nese-halsHaugesund: ØNH-avdelinga og høyrselsentralen held til i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Bruk hovudinngangen og gå forbi resepsjonen og sjukehusapoteket. Du finn oss i enden av korridoren.
Stord: Høyrselsentralen ligg i 1. etasje i den kvite bygningen ved sida av hovudbygget til Stord sjukehus.
Odda: ØNH-poliklinikken ligg i 1. etasje på Odda sjukehus. Poliklinikken har eige venterom.
Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund