Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Fjerning av mandler hos barn

Mandlane ser ut som to klumpar på kvar side bak i halsen. Det kan bli nødvendig å fjerne dei dersom barnet har store plager med betennelse, svelge- og pustevanskar.

I tidleg barndom bidrar mandlane, som er såkalla lymfatiske organ, til å danne immunstoffer og utvikle immunforsvaret i kroppen. Desse immunstoffene varer heile livet. Fjerning av mandlane har derfor ingen innverknad på immunforsvaret i kroppen.

Fjerning av mandlane blir gjort dersom barnet har:

  • Gjentatte akutte betennelsar i mandlane.
  • Kronisk betennelse i mandlane med symptom som dårleg ånde, pussproppar frå mandlane eller lymfeknutehevelse på halsen.
  • Forstørra mandlar som gir svelge- og pustevanskar.
  • Abscess/byll i mandlane.

Hos barn kan det også vere nødvendig å fjerne polyppar i nasen. Desse heiter adenoider eller «falske mandlar». Dette er særleg aktuelt dersom barnet er plaga med tett nase og snorking. Dette blir gjort i same operasjon.

Les meir om fjerning av falske mandlar

Delvis fjerning av mandlane, såkalla tonsillotomi, kan vere eit alternativ i tilfelle der mandlane er store, men utan hyppige mandelbetennelsar.

Les meir om fjerning av deler av mandlane

Tilvising og vurdering

Både fastlege, avtalespesialist og andre sjukehus kan sende oss tilvising.

Før

Sjukdom, allergiar eller reaksjon på bedøving

I forkant av operasjonen må det avklarast om barnet har andre sjukdommar eller allergiar og om barnet bruker medisiner. Dette kan ha relevans for operasjonen eller narkosen og det kan vere aktuelt å bli vurdert av anestesilege før operasjonsdagen.

Alle må på førehand fylle ut "Egenmeldingsskjema om helsetilstand" . Dette er for å fange opp sjukdommar eller symptomer som må vurderast før operasjonen og for å vurdere om barnet skal leggast inn før eller etter operasjonen.

Har de tidlegare hatt spesielle erfaringar frå bedøving eller narkose, vil vi gjerne at de fortel oss om det. Har det vore problem med anestesi ved andre sjukehus, bør de om mogleg skaffe kopi av anestesijournal og ta den med til oss.

Sjukepleiarsamtale

Nokre dagar før operasjonsdagen ringer sjukepleier ved ØNH-poliklinikk for å høyre om barnet er friskt og klar til operasjon. Barnet må ikkje vere forkjøla eller ha andre nyleg oppståtte tilstandar dei siste par vekene før operasjonen. Sjukepleiar vil gi informasjon om operasjonen og kva som skal skje på sjukehuset operasjonsdagen. Viss det er behov for innlegging eller overnatting på hotell, blir dette ordna med.

Faste før operasjonsdagen

Barnet må ikkje spise fast føde eller drikke melkeprodukt (dette inkluderer yoghurt) etter kl. 24.00 kvelden før operasjonen. Barnet kan drikke litt klare væsker inntil 2 timar før oppmøtetid på operasjonsdagen. Klare væsker er saft, tynn juice utan fruktbitar og vatn. Etter dette må barnet ikkje ete eller drikke noko som helst, heller ikkje drops eller tyggegummi. 

Hygiene

Det er viktig at barnet er nydusja eller bada og har på seg reine klede når de kjem til sjukehuset.

På operasjonsdagen

Barnet møter på ØNH-poliklinikk, 1.etg. Her vil vi ta imot dykk og barnet vil få utdelt sjukehusklede og seng. Vi har låsbare skap til personlege ting. Det kan bli ein del venting.

Dersom barnet bruker medisinar eller inhalasjonar, må de ta desse med til sjukehuset. Anestesilegen avgjer kva for medisinar barnet skal ta denne dagen. Dersom barnet har lause tenner, må de gi oss beskjed om dette før narkosen blir gitt.

Ta gjerne med eit kosedyr eller noko anna barnet kjenner seg trygg med. 

Barnet får bedøvelseskrem på hendene og innsida av albuen. Det er fordi barnet skal få ei venekanyle som er eit lite plastrøyr inn i ei blodåre. I denne blir medisinar til narkose gitt. Legen som skal operere vil undersøkje barnet  før operasjonen.

Barnet vil få smertestillande medisinar før, under og etter operasjonen.

Éin vaksen og ingen søsken kan følgje barnet inn på operasjonsstova til barnet sovnar. Deretter må de vente utanfor. Du blir seinare henta inn på oppvåkninga når barnet er ferdig med operasjonen.

Vi ber om samtykke til registrering

Alle som får kirurgisk behandling for sjukdom og plager relatert til halsmandlane ("tonsillane") blir spurt om å delta i Norsk tonsilleregister. I dette registeret lagrar vi informasjon om behandlinga som blir brukt til kvalitetsforbetring. Det er frivillig å delta og informasjonen blir handtert konfidensielt. Les meir om Norsk tonsilleregister

Under

Under operasjonen er barnet i narkose og kjenner ingenting.

Anestesisjukepleiar og anestesilege er rett ved siden av barnet og passar på at barnet sover godt og får riktig mengde bedøving. Blodtrykk, puls og mengden surstoff i blodet blir heile tida målt og overvåka.

Det er ein øyre-nase-hals-lege og ein operasjonssjukepleiar som gjennomfører operasjonen. Såret i halsen blir ikkje sydd, men skal gro av seg sjølv.

Vi har laga ein film som viser kva som skjer under ein operasjon hos oss. Sjå gjerne filmen saman med barnet før de kjem til oss.

 


Etter

Etter operasjonen blir barnet observert på oppvåkningsavdelinga hos oss. Barnet kan vere uroleg etter narkosen. Årsaka kan vere sovemedisinen og treng ikkje å vere på grunn av ubehag eller smerter etter operasjonen. Barnet får behandling for smerter og eventuelt kvalme. Det er viktig at barnet får ro i denne fasen. Det er berre foreldre/føresette som bør vere med barnet på sjukehuset.

I utgangspunktet kan alle barn som får utført denne operasjonen reise heim samme dag. Pasientar som har meir enn 1 time reiseveg til sjukehuset, overnattar med pårørande på pasienthotell. I enkelte tilfelle kan legen vurdere at barnet bør leggas inn på barneposten til neste dag. Barnet kan ha en pårørende med seg. 

Smertelindring: Før heimreise vil legen som opererte og sjukepleiar gi informasjon om operasjonen og kva de må passe på vidare.  Dei fleste har ein del smerter i halsen etter operasjonen. Smertene kan stråle opp mot øyrene. Gi smertestillande medisin etter råd frå lege.

Der mandlane er fjerna, dannar det seg sårflater med skorper. Desse skorpene treng ca 5 døgn før dei er klare til å falle av. Derfor skal ikkje barnet spise hard mat som kan skrape borti dei. Det kan vere vondt når skorpene begynner å falle av. Dette kan vare i 1 til 3 dagar. Gi smertestillande ved behov. I denne fasen er det ei viss auke i faren for bløding, og barnet skal derfor ta det med ro.

Mat og drikke: Barnet skal motiverast til å drikke ofte og spise is. Dette er smertestillande og kan redusere blødingsfaren noko. Den første veka etter operasjonen bør barnet spise mat som er mjuk og kald. Den første veka bør barnet unngå varm mat og drikke og mat som har skarpe kantar, for eksempel knekkebrød, brødskorper, nøtter og liknande. Barnet bør drikke ofte for å halde slimhinnene fuktige og hindre danning av harde skorper på sårflatene, då dette kan gi meir smerte.

Fysisk aktivitet: Barnet skal unngå sport, gym, fysisk anstrenging og tunge løft i 14 dagar etter operasjonen. Dette er for å unngå auka risiko for blødning.

Dusj/bad: Barnet kan dusje som normalt, men unngå karbad den første veka. Dette er fordi varmt vatn kan gi auka blødningsfare.

Fråver: Barnet bør vere heime frå barnehage/skule i 10 dagar etter operasjonen og fritak frå gymnastikk i 14 dagar. Be oss om fråverserklæring dersom barnet treng det.  

Foreldre kan bruke eigamelding for sjukt barn eller søke Nav om pleiepengar. Dersom ein ønskjer å søke om pleiepenger, fyller legen ut søknadsskjema før de reiser heim, og foreldra sender sjølv inn søknaden til Nav.

Les meir om rett til pleiepenger for pleie av sjukt barn

Kontroll/oppfølging: Det er som regel ikkje nødvendig å avtale kontroll hos øyre-nase-hals-lege etter ein slik operasjon, men vi ringer dagen etter operasjonen for å høyre korleis det går. Ta gjerne kontakt med oss på poliklinikken om de har spørsmål.

Ver merksam

Barnet skal vere under oppsyn dei første dagane etter operasjonen: Barnet bør ikkje leike utan tilsyn og vi tilrår at ein vaksen sover på samme rom som barnet. Sjekk barnet jamleg for eventuell blødning frå munn eller nase.

Blødningsfaren etter fjerning av mandlar gjeld i 2 veker. Blødning er sjeldan, men kan vere alvorleg. Vi ønsker derfor at de tar kontakt så fort de er det minste i tvil. De skal ha låg terskel for å ringe 113.

Det er vanleg å ha litt høgare temperatur første døgn etter operasjonen. Dersom barnet har feber som varer ut over det første døgnet etter operasjon, kan det vere teikn på infeksjon og du må tak kontakt med lege for vurdering.

Ta kontakt dersom barnet får blødning, nedsett allmenntilstand, feber, aukte smerter eller problem med væskeinntak.

Kontakt

Haugesund sjukehus Øre-nese-hals

Kontakt Øre-nese-hals

Oppmøtestad

ØNH poliklinikk.
1. etasje, eigen inngang frå Karmsundgata.

Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​