Det er viktig at du fjernar alt metall som smykker, ringar, klokker, piercing før inngrepet, fordi operasjonen blir gjord med straumførande instrument (diatermi).
Inngrepet blir som regel gjort i lokalbedøving. Dersom inngrepet blir utført i narkose, må du faste før behandlinga. Du vil få beskjed før operasjonen. Generelle reglar for faste:
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
- Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
- Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det.


