Øre-nese-hals

Fjerning av halscyster

Halscystar er medfødd. Dei kan enten vere midt framme (median halscyste) eller på sida (lateral halscyste) i halsen. Plasseringa av halscysten er avgjerande for korleis ein planlegg operasjonen.

Innleiing

Tilvising og vurdering

Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Før

Før operasjonen må vi vete om du har sjukdommar eller allergiar og om du bruker medisiner. Dette kan ha relevans for operasjonen eller narkosen og det kan vere aktuelt å bli vurdert av anestesilege før operasjonsdagen.

Alle må på førehand fylle ut "Egenmeldingsskjema om helsetilstand" . Dette er for at sjukehuset skal vete om sjukdommar eller symptomer som må vurderast før operasjonen og for å vurdere om du skal leggast inn før eller etter operasjonen.

Har de tidlegare hatt spesielle erfaringar frå bedøving eller narkose, vil vi gjerne at de fortel oss om det. Har det vore problem med anestesi ved andre sjukehus, bør de om mogleg skaffe kopi av anestesijournal og ta den med til oss.

Ta med medisinlisten din til sjukehuset dersom du har det. Gi også beskjed om du bruker naturmedisiner eller kosttilskudd. Det er anestesilegen som avgjer kva for medisiner du kan ta før operasjonen.

Faste
Du skal faste før operasjonen. Det betyr at du ikkje kan ete fast føde eller drikke mjølkeprodukt (dette inkluderer yoghurt) etter kl. 24.00 kvelden før operasjonen. Du kan drikke litt klare væsker som saft, tynn juice utan fruktbitar og vatn frem til 2 timar før oppmøtetid på operasjonsdagen. Etter dette kan du ikkje ete eller drikke noko. Du kan heller ikkje bruke drops eller tyggegummi. Du bør ikkje bruke røyk eller snus dei siste 6 timane før operasjonen.

Hygiene
Det er viktig at du dusjar og vaskar håret heime på operasjonsdagen eller kvelden før.
Du kan ikkje ha på deg ringer, klokker, piercinger, kontaktlinser, sminke eller neglelakk før operasjonen. Briller og høyreapparat kan du ha på. 

Sjukehuset må vite om du har tannproteser, bro, krone, stift eller lause tenner. Proteser kan du behalde til du er inne på operasjonsstuen. Dei må takast ut før du sovnar.

Oppmøte
På sjukehuset møter du personell som tek i mot deg og du får utdelt sjukehusklede og seng. Vi har garderobeskap med lås kor du kan oppbevare eigendelane dine. Førebu deg på at det kan bli venting denne dagen.
For å redusere smerte etter operasjon vil du få smertestillande.


Under

Operasjonen blir utført i narkose. Anestesisjukepleiar og anestesilege passer på at du søv godt og får rett mengde bedøving. Blodtrykk, puls og mengde surstoff i blod vert målt kontinuerleg.   

Under operasjon av ein halscyste framme i halsen tek vi bort midtre del av tungebeinet. Når halscyste på sida i halsen vert operert bort hender det at halsmandelen (tonsillen) på den same sida også vert fjerna. 

Operasjonen tek mellom 1,5-3 timar.

Etter

Etter operasjonen må du vere på oppvakningsrommet i minst 2 time. Du vil få medisinar for smerte og eventuelt for kvalme dersom du treng det. 

Heimreise
De fleste  som får utført denne operasjonen ligg ei natt på sjukehuset etter av operasjonen. Det skyldast at vi ofte legg inn eit dren i såret. Dette tek vi  vanlegvis bort neste dag.

Dersom du ikkje har dren, kan du reise heim same dag. Du skal ikkje forlate sjukehuset aleine, du må avtale at nokon kan komme og hente deg. Du skal heller ikkje vere aleine fyrste kveld og natt etter operasjonen. 

Pasientar som har meir enn 1 time reiseveg, overnattar med ein vaksen pårørande på pasienthotell. 

Smertelindring
Før heimreise vil legen og sjukepleiar snakka med deg om kva du må passe på etter operasjon. Du vil og få informasjon om bruk av smertelindring. Legen sender elektronisk resept på smertestillande som du kan hente på apoteket. Det er lurt å kjøle ned nasen den første kvelden. Du kan pakke inn is i ein pose eller ein klut. Hold den på nasen så lenge du orker. Det er vanleg at det renn litt blod frå nasen dei første dagane.

Mat og drikke
Unngå varm mat og drikke dei første 2-3 dagane etter operasjonen. Elles kan du ete og drikke normalt. 

Dusj/bad
Du kan dusje men må ikkje bli våt i bandasjen. Varmt badevann aukar blodsirkulasjonen og kan gje auka risiko for bløding. Bytt bandasje dersom den er våt eller det er synleg blod på den.

Sjukmelding
Det er vanleg med sjukemelding i om lag 2 veker.  Be om sjukemelding eller fråværserklæring dersom du treng det.

Aktivitet og trening
Etter operasjonen skal du ta det med ro. Unngå fysisk aktivitet (sport/gym) og tunge løft dei første 14 dagane.

Kontroll / oppfølging
Sting i såret skal fjernast etter ca 10 dagar hos fastlege dersom ikkje noko anna er bestemt.
Under operasjonen vert det tatt prøve frå cysten. Legen sender deg svar når dette er klart. 

Ver merksam

Om du skulle få infeksjon i såret må du ta kontakt med oss. Forbigåande lamming i ansiktet skjer i nokre tilfelle, vedvarande lamming er svært sjeldan.

Kontaktinformasjon

Transport Haugesund sjukehus

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apotek Haugesund sjukehus

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Finne fram på Haugesund sjukehus

For å finne enklaste veg til avdelinga du skal på, kan du bruke vårt interaktive kart. Det kan vise deg trappefri adkomst og oversikt over inngangar og heisar. Gå til interaktivt kart.

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Kantine og kiosk Haugesund sjukehus

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




Kva bør du ha med til sjukehusopphaldet?

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Minibank Haugesund

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkering

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 


Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren, skriv inn telefonnummer og godta vilkåra
3. Brukar og passord blir sendt til deg på SMS, og er gyldig i 24 dagar
4. Opne nettlesaren igjen og logg på. 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

Om du ikkje finn nettv​erket:

Ikkje alle sjukehus i Helse Fonna har trådlaust nett tilgjengeleg, men arbeidet med å byggje dette ut er i gong.

God surfing.

Fann du det du leita etter?