Sjukdom, allergiar eller reaksjon på bedøving
I forkant av operasjonen må det avklarast om barnet har andre sjukdommar eller allergiar og om barnet bruker medisiner. Dette kan ha relevans for operasjonen eller narkosen og det kan vere aktuelt å bli vurdert av anestesilege før operasjonsdagen.
Alle må på førehand fylle ut "Egenmeldingsskjema om helsetilstand" . Dette er for å fange opp sjukdommar eller symptomer som må vurderast før operasjonen og for å vurdere om barnet skal leggast inn før eller etter operasjonen.
Har de tidlegare hatt spesielle erfaringar frå bedøving eller narkose, vil vi gjerne at de fortel oss om det. Har det vore problem med anestesi ved andre sjukehus, bør de om mogleg skaffe kopi av anestesijournal og ta den med til oss.
Sjukepleiarsamtale
Nokre dagar før operasjonsdagen ringer sjukepleier ved ØNH-poliklinikk for å høyre om barnet er friskt og klar til operasjon. Barnet må ikkje vere forkjøla eller ha andre nyleg oppståtte tilstandar dei siste par vekene før operasjonen. Sjukepleiar vil gi informasjon om operasjonen og kva som skal skje på sjukehuset operasjonsdagen. Viss det er behov for innlegging eller overnatting på hotell, blir dette ordna med.
Faste før operasjonsdagen
Barnet må ikkje spise fast føde eller drikke melkeprodukt (dette inkluderer yoghurt) etter kl. 24.00 kvelden før operasjonen. Barnet kan drikke litt klare væsker inntil 2 timar før oppmøtetid på operasjonsdagen. Klare væsker er saft, tynn juice utan fruktbitar og vatn. Etter dette må barnet ikkje ete eller drikke noko som helst, heller ikkje drops eller tyggegummi.
Hygiene
Det er viktig at barnet er nydusja eller bada og har på seg reine klede når de kjem til sjukehuset.
På operasjonsdagen
Barnet møter på ØNH-poliklinikk, 1.etg. Her vil vi ta imot dykk og barnet vil få utdelt sjukehusklede og seng. Vi har låsbare skap til personlege ting. Det kan bli ein del venting.
Dersom barnet bruker medisinar eller inhalasjonar, må de ta desse med til sjukehuset. Anestesilegen avgjer kva for medisinar barnet skal ta denne dagen. Dersom barnet har lause tenner, må de gi oss beskjed om dette før narkosen blir gitt.
Ta gjerne med eit kosedyr eller noko anna barnet kjenner seg trygg med.
Barnet får bedøvelseskrem på hendene og innsida av albuen. Det er fordi barnet skal få ei venekanyle som er eit lite plastrøyr inn i ei blodåre. I denne blir medisinar til narkose gitt. Legen som skal operere vil undersøkje barnet før operasjonen.
Barnet vil få smertestillande medisinar før, under og etter operasjonen.
Éin pårørande kan følgje barnet inn på operasjonsstova til barnet sovnar. Deretter må de vente utanfor. Du blir seinare henta inn på oppvåkninga når barnet er ferdig med operasjonen.