HELSENORGE
Øre-nese-hals

FJerning av deler av mandler hos vaksne

Mandlane liknar på to klumpar som du ser på kvar side bak i halsen. Mandlane er det som blir kalla lymfatiske organ og er i tidleg barndom med på å lage immunstoff og utvikle immunforsvaret i kroppen. Desse immunstoffa varer heile livet. Fjerning av mandlane påverkar derfor ikkje immunforsvaret i kroppen.




Innleiing

Tonsillotomi betyr at delar av ekte mandlar blir fjerna med operasjon dersom dei er for store. Operasjonen blir berre gjort på pasientar som ikkje har hatt hyppige mandelbetennelsar. Vanlegvis slit desse pasientane med munnpust, svelgvanskar og gjerne pustevanskar/snorking om natta. Dette er fordi dei store mandlane stenger for passasjen.

Tilvising og vurdering

Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Helsepersonell

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Før

Før operasjonen må vi vite om du har sjukdommar eller allergiar og om du bruker medisiner. Dette kan ha relevans for operasjonen eller narkosen og det kan vere aktuelt å bli vurdert av anestesilege før operasjonsdagen.

Alle må på førehand fylle ut "Egenmeldingsskjema om helsetilstand". Dette er for at sjukehuset skal vete om sjukdommar eller symptomer som må vurderast før operasjonen og for å vurdere om du skal leggast inn før eller etter operasjonen.

Har du tidlegare hatt spesielle erfaringar frå bedøving eller narkose vil vi gjerne at du fortel oss om det. Har det vore problem med anestesi ved andre sjukehus, bør de om mogleg skaffe kopi av anestesijournal og ta den med til oss.

Medisinar
Det er viktig at sykehuset veit kva for medisinar du bruker, spesielt gjeld dette blodfortynnande medisinar (for eksempel Albyl, Plavix, Efient, Brilique, Marevan, Xarelto, Eliquis, Pradaxa, Persantin).Ta med medisinlista di til sjukehuset dersom du har det. Gi også beskjed om du bruker naturmedisiner eller kosttilskudd. Det er anestesilegen som avgjer kva for medisiner du kan ta før operasjonen.

Faste
Du skal faste før operasjonen. Det betyr at du ikkje kan ete fast føde eller drikke mjølkeprodukt (dette inkluderer yoghurt) etter kl. 24.00 kvelden før operasjonen. Du kan drikke litt klare væsker som saft, tynn juice utan fruktbitar og vatn frem til 2 timar før oppmøtetid på operasjonsdagen. Etter dette kan du ikkje ete eller drikke noko. Du kan heller ikkje bruke drops eller tyggegummi. Du bør ikkje bruke røyk eller snus dei siste 6 timane før operasjonen.

Hygiene
Det er viktig at du dusjar og vaskar håret heime på operasjonsdagen eller kvelden før. 

Du kan ikkje ha på deg ringer, klokker, piercinger, kontaktlinser, sminke eller neglelakk før operasjonen. Briller og høyreapparat kan du ha på.

Sjukehuset må vite om du har tannproteser, bro, krone, stift eller lause tenner. Proteser kan du behalde til du er inne på operasjonsstuen. Dei må takast ut før du sovnar.

Oppmøte
De skal møte på øyre-nase-hals polilkinikken i 1.etg. Der møter du personell som tek i mot deg og du får utdelt sjukehusklede og seng. Vi har garderobeskap med lås kor du kan oppbevare eigendelane dine. Førebu deg på at det kan bli venting denne dagen.


Under

Narkose 
Operasjonen blir gjort i narkose. Narkose er den vanlegaste formen for bedøving. Du får sovemedisin direkte i ei blodåre på armen, du sovnar raskt og vil vere smertefri under heile operasjonen. Anestesisjukepleiar og anestesilege passar på at du søv godt og får rett bedøving.

Når vi opererer blir munnen halde open med eit instrument kalla gag. Det blir brukt ulike metodar for å fjerne deler av mandelen. Oftast blir det brukt diatermisaks, laser, eller nål. Då blir vevet fjerna ved hjelp av varmeenergi. Øyre-nase-hals-legen opererer vekk halsmandlane. Såret i halsen blir ikkje sydd, men skal gro av seg sjølv.


Etter

Oppvakning
Etter at operasjonen er ferdig, må du vere på oppvakningsrommet i rundt 2 timar. Då kan du dra heim dersom alt er i orden. Du får behandling for smerter og eventuelt kvalme. Kvalme er vanleg etter narkose.

Smertelindring
Før heimreise vil legen som opererte deg og sjukepleiar på oppvakninga snakke med deg om kva du må passe på etter operasjonen og du vil få informasjon om bruk av smertestillande medisin. Legen sender elektronisk resept til apoteket på det du treng.

Dei fleste har smerter i halsen etter operasjonen. Det er vanleg at drøvelen og slimhinna i halsen hovnar litt opp etter operasjonen. Smerte kan stråle opp mot øyrene. Ta smertestillande medisin etter legen sine råd.

Danning av skorper i halsen
Etter at deler av mandlane er fjerna, dannar det seg sår med skorper. Desse skorpene treng cirka 5 døgn før dei er klare til å falle av. Når skorpene starter å falle av, kan det opplevast som smerter i halsen. Smertene kan vare i 1 til 3 dagar. Fortsett med smertestillande dersom det er behov. 

Mat og drikke
Det er viktig å drikke ofte. Is verkar både smertestillande og kan hjelpe slik at du ikkje begynner å blø. Den fyrste veka etter operasjonen skal du unngå varm mat/drikke og mat med skarpe kantar som knekkebrød, brødskorper og nøtter.

Fysisk aktivitet
Unngå fysisk aktivitet (sport/gym) og tunge løft i 14 dagar. Ved fysisk aktivitet vil blodtrykket stige. Då utvidar blodkara seg og dermed aukar faren for bløding.

Fråvere frå jobb/skule
Det er vanleg med å vere vekke frå jobb/skule i 1-2 veker etter operasjonen. Be om sjukemelding eller fråverserklæring dersom du treng det. 

Generelt om heimreise
Alle som får utført tonsillotomi kan i utgangspunktet reise heim same dag. Pasientar som har meir enn 1 time reiseveg, overnattar med ein vaksen pårørande på pasienthotell. Vi bestiller dette. Ingen får forlate sjukehuset aleine etter ein operasjon, du må avtale at nokon kan komme og hente deg. Du skal ikkje være aleine første kveld og natt etter operasjonen.

Ver merksam

Faren for bløding etter operasjonen gjeld i 2 veker. Bløding oppstår sjeldan, men kan vere alvorleg. Då skal du ringe 113.

Ta kontakt ved bløding, nedsett allmenntilstand, feber, auka smerte eller problem med å drikke.

Kontaktinformasjon

Transport Haugesund sjukehus

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apotek Haugesund sjukehus

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Kantine og kiosk Haugesund sjukehus

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




Kva bør du ha med til sjukehusopphaldet?

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Minibank Haugesund

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkering

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 20 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 140 kroner.​


Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.

Fann du det du leita etter?