Oppvaking
Etter operasjonen blir barnet overflytta til eit oppvakingsrom. Barnet kan vere uroleg etter narkosen. Det kan skyldast narkosemedisinen og treng ikkje å vere på grunn av ubehag eller smerter etter operasjonen.
Det er viktig at barnet får ro i denne fasen. Vi anbefaler difor at kun ein pårørande er med barnet på sjukehuset.
Barnet får behandling for smerter og eventuelt kvalme.
Det er vanleg å vere på oppvakinga/intensiv i ca 2 timer etter operasjonen.
Smertelindring
Før heimreise vil legen som opererte og sjukepleier på oppvakinga snakke med dykk om kva ein må passe på etter operasjonen. De vil få informasjon om bruk av smertestillande medisin. Legen sender elektronisk resept til apoteket på medisinar som de kan hente ut på apoteket her før heimreise. Dei fleste har ein god del smerter i halsen etter operasjonen. Smerter kan stråle frå halsen opp mot øyrene. Gje smertestillende medisin etter legen si anbefaling.
Det er vanleg å ha litt feber første døgn etter operasjonen. Dersom barnet har feber som varer lenger enn det første døgnet etter operasjonen, kan det vere teikn på infeksjon og de må tak kontakt med oss.
I nokre tilfelle kan legen avgjere at barnet bør leggjast inn på barneposten etter operasjonen. Barnet er der til observasjon til neste dag og kan ha ein pårørande med seg.
Det er viktig at barnet drikker ofte for å holde slimhinnene fuktige og hindre dannelse av harde skorper på sårflatene då dette kan gje aukande smerter.
Danning av skorper i halsen
Der mandlane er fjerna dannar det seg sårflatar med skorper. Desse skorpene treng ca 5 døgn før dei er klare til å falle av. Derfor skal ikkje barnet ete hard mat som kan skrape bort i desse. Når skorpene starter å falle av, kan det opplevast som smerter i halsen. Dette kan vare fra 1 til 3 dager. Gje smertestillande dersom det er behov. I denne fasen er det ei viss auke i fare for å byrja å blø og barnet skal derfor fortsatt ta det med ro.
Mat og drikke
Barnet skal drikke ofte og spise is. Dette er smertestillande og kan redusere faren noko for bløding. Den fyrste veka etter operasjonen anbefaler vi at barnet et mat som er mjuk og kald. Unngå varm mat/drikke og mat med skarpe kantar (knekkebrød, brødskorper, nøtter etc.) den fyrste veka.
Leik under oppsyn
Barnet bør ikkje leike utan tilsyn og vi anbefaler at ein vaksen søv på same rom som barnet. Sjekk barnet regelmessig for bløding fra munn eller nase. Barnet bør drikke mykje dei første dagene. Gje smertestillande ein gong første natt etter operasjonen.
Fysisk aktivitet
Unngå fysisk aktivitet (sport/gym) og tunge lyft i 14 dager. Når blodtrykket stig utvider blodkarene seg og dermed aukar faren for bløding.
Dusj/
bad
Barnet kan dusje som normalt, men unngå karbad den første uken. Varmt badevann aukar blodsirkulasjonen og kan gje aukt risiko for bløding.
Fråvær fra barnehage/skole
Anbefalt fråvær frå barnehage/skole er 3 dager etter operasjonen og fritak frå gymnastikk i 2 uker. Be om erklæring dersom du treng det.
Foreldre har krav på pleiepenger i 3 dager i tillegg til operasjonsdag
Legen fyller ut søknadskjema om pleiepenger før heimreise. Foreldrene må sjølv sende inn søknaden til NAV dersom dei ønsker å nytte seg av pleiepenger. Elles kan de bruke eigenmelding for sjukt barn.
Fare for bløding etter fjerning av halsmandlar gjeld i 2 uker. Bløding oppstår sjeldan, men kan vere alvorleg. Då skal de ringe 113.
Kontroll / oppfølging
Vi ringer dykk dagen etter operasjonen for å høyre korleis det går. Ta gjerne kontakt med oss dersom de har fleire spørsmål.