Dei fleste pasientar som gjennomgår fedmeoperasjon får eit godt resultat i form av vekttap. Det er vanleg å oppnå 50-80 prosent reduksjon av overvekta i løpet av 1-2 år etter operasjonen. Dei fleste vil oppleve betring i fedmerelaterte tilleggssjukdommar og helserelatert livskvalitet etter operasjonen
Kontrollar etter operasjon
Kontrollane etter fedmeoperasjon skjer ved poliklinikk for sjukeleg overvekt ved Haugesund sjukehus. Du blir kalla inn til rutinemessig kontroll hos sjukepleiar der vi også tar blodprøvar 8 veker, 6 og 12 månadar, 2 og 5 år etter operasjonen. Pasientar kan få time med kirurg og eventuelt ernæringsfysiolog etter behov. Vi oppfordrar sterkt til å følje desse timane for å optimalisere effekt av operasjonen og forebygge komplikasjonar og mangelsjukdommar som kan komme lang tid etter operasjonen.
Etter operasjonen skal du ta blodprøve hos fastlegen kvar 3. månad det første året, deretter kvar 6. månad livet ut. Alle som er fedmeopererte er utsett for å få mangeltilstandar, og det er derfor veldig viktig at du tar kosttilskota som tilrådd. Etter at dei faste kontrollane ved Haugesund sjukehus er over, er det særs viktig med jamlege kontrollar hos din fastlege. Du må vere innstilt på livslang oppfølging hos fastlege av ernæringstilstanden samt på å ta kosttilskot livet ut. Mange mangeltilstandar utviklar seg først mange månadar til år etter overvektsoperasjonen.
Lærings- og mestringssenteret i Helse Fonna tilbyr éindags meistringskurs for overvektsopererte og dine pårørande. Du får automatisk tilvising til dette av overvektsteamet når du har gjennomgått operasjon. Det er frivillig å delta. Meistringskurset er svært populært hvor ein får et tverrfaglig tilnærming til endring av livsstils vanar etter operasjonen. Her vil ernæringsfysiolog, psykolog, fysioterapeut, sjukepleiar, samt representant frå frisklivssentral og ein brukarrepresentant delta (ein som er tidligare operert). Vi oppfordrar deg til å delta.
Mat etter operasjonen
Etter operasjonen vil magesekken vere så liten at du kjenner deg mett etter svært små porsjonar med mat. Den første tida etter operasjonen er magesekken veldig følsam og vi ønsker at du skal være forsiktig med porsjonar den første tida. Du vil få ein samtale med ernæringsfysiolog heimreise dagen vor kosthaldet etter operasjonen gjennomgås.
Dagen etter operasjonen medan du framleis er på sjukehuset skal du berre drikke vatn og klare drikkar som buljong, saft og juice. Resten av væskebehovet ditt blir dekka med intravenøs væske.
Dei første vekene etter operasjonen tilrår vi at du spiser etter følgjande hovudprinsipp:
- Første dag etter operasjonen: Kun væsker/drikke
- Første veke etter operasjonen: Flytande kost
- Dei neste tre vekene: Most kost
- Gå gradvis over til normal kost. Ver merksam på porsjonane. Du får skriftleg informasjon før du reiser heim.
Den første veka etter operasjonen og gjerne dei tre neste vekene skal du drikke ein proteinrik næringsdrikk dagleg fordelt utover dagen. Desse får du kjøpt på apotek.
Kosttilskot
Alle som har gjort ein fedmeoperasjon skal ta følgjande kosttilskot livet ut:
• Multivitamin- og mineraltilskot x 1 dagleg
• Vitamin B12-sprøyte kvar 3. månad
• Calcigran Forte (kalsium 1000 mg/vitamin D 800 IE) tyggetablett x 1 dagleg (skal ikkje takast samtidig med jerntablett. Desse tablettane må du ta til ulike tider på døgnet)
• Niferex (jerntilskot) 100 mg x 1 dagleg (kan vurderast etter behov).
I tillegg tilrår vi å ta tran/omega 3 dagleg, anten som kapsel eller flytande.
Ved hårtap/svake negler tilrår vi B-kompleks x 1 dagleg.
Medisinar
Det er auka risiko for at du får magesår dei første vekene etter operasjonen. Dette kan du førebygge ved å ta syredempande medisin (Somac 40 mg) dagleg i 10 veker. Dette får du resept på. Viss du kuttar ned på kaffi og reduserer røyking eller sluttar å røyke, vil det bidra til å redusere denne risikoen.
Pasientar med høg risiko for å få blodpropp, vil også få opplæring i bruk av blodfortynnande sprøyter som skal takast i 10 dagar etter heimreise.
Dei fleste som blir behandla med tablettar for diabetes type 2, kan slutte med desse dagen etter operasjonen. Dei pasientane som må bruke insulin for diabetes type 2, vil få hjelp av diabetessjukepleiar til korleis medisinane skal endrast etter operasjonen. Endring av andre medisinar som for eksempel blodtrykks- og kolesterolsenkande medisinar må eventuelt bli gjort etter undersøking hos fastlegen.
Vanlege plager etter operasjon
Dei vanlegaste plagene etter operasjonen er kvalme, oppkast, gulping, luftsmerter, sure oppstøyt, forstopping og diaré. Nokre av desse plagene oppstår først og fremst dersom du har spist for mykje eller for fort. Det kan kjennast som at maten "stoppar opp". Kalsiumtablettar og jerntablettar kan også gi biverknadar og plager frå mage og tarm.
Forstopping
Det er normalt å ikkje ha avføring dagleg etter ein fedmeoperasjon. Du spiser lite mat og dermed lite fiber. Avføring sjeldnare enn kvar tredje dag blir rekna som forstopping. Dette kan du førebygge ved å drikke rikeleg med vatn og vere i aktivitet.
Viss du er blitt forstoppa, kan du behandle det på forskjellige måtar:
• Drikk Biola eller sviskesaft
• Spis svisker som har lege i vatn over natta
• Legg 1 spiseskjei knuste linfrø i eit halvt glass vatn over natta. Spis alt saman, gjerne med Biola til
• Ved behov kan du kjøpe laktulose på apoteket og ta 15-30 ml dagleg i to-fire dagar før du prøver om du får normal avføring utan laktulose.
Diaré
Det er mange moglege årsaker til at du kan få diaré. Det kan mellom anna komme av intoleranse for melkesukker (laktose), feittintoleranse, eller at ein ikkje tåler sukker, kunstige søtstoffer eller fiber like godt som før. Får du diaré bør du ikkje drikke søt melk eller spise mat som er laga av søt melk, som grøt, brunost og prim. Ver også ekstra varsam med feitt i kosten.
Luftplager og luftsmerter
Oppblåst mage, rumling og meir promping er vanleg etter fedmeoperasjon. Éi av forklaringane på dette er at det nye spisemønsteret gjer at mange svelger meir luft enn dei gjorde før operasjonen. Andre forklaringar på luftplager kan vere at noko av maten du spiser ikkje blir skikkeleg brote ned i mage og tynntarm. Nokon opplever også at dei ikkje tåler melkesukker (laktose) som før, og dette kan også føre til luftplager.
Du kan førebygge luftplager ved å spise og drikke sakte, tygge maten godt, unngå drikke med kolsyre, tyggegummi og harde drops.
Mange toler Biola, Cultura og yoghurt betre enn vanleg melk, men prøv deg fram. Luftplager kan også førebyggast og lindrast ved å spise mindre av det som gir deg plager, midlertidig reduksjon av fiberrik mat, spise sakte og vere fysisk aktiv.
Dumping
Dumping eller "tidleg dumping" kjem av at mat og drikke med sukker trekker væske inn i tynntarmen. Dette gir symptom som magesmerter, kvalme, oppkast, diaré, slappheit, hjertebank, kaldsvetting og svimmelheit. Desse symptoma oppstår som regel innan ein halvtime etter måltidet. Symptoma er ufarlege men kan vera ubehagelige.
Du kan førebygge dumping ved å unngå raske karbohydratar (mat og drikke med sukker og mat laga av kvitt mjøl), og ved hyppige og små protein- og fiberrike måltid. Det kan også vere lurt å skile mat og drikke, for eksempel ved å unngå drikke i perioden frå ein halv time før til ein halv time etter måltidet. Plager med dumping avtar med tida.
Lågt blodsukker (hypoglykemi)
Dette er også kalla "sein dumping" og skjer truleg når bukspyttkjertelen skiller ut for mykje insulin etter eit måltid. Lågt blodsukker kan oppstå ein til tre timar etter matinntak og symptoma kan minne om dumping.
Du kan førebygge lågt blodsukker kan ved å spise relativt små, hyppige og fiberrike måltid og ved å unngå raskt absorberbare karbohydratar (sukker og kvitt mjøl). Enkelte kan få store plager med lågt blodsukker og anna type behandling kan bli nødvendig.
Psykiske plager, spiseforstyrring og livskvalitet
Psykiske plager og livskvalitet blir som regel betre etter fedmeoperasjon. Det er likevel viktig å være klar over at enkelte kan utvikle eller få tilbakefall av tidlegare plager eller sjukdommar. Pasientar med alvorleg psykisk sjukdom treng tett oppfølging frå sjukehus og fastlege. Aktuelle instanser for oppfølging etter operasjon er i kommunen fastlege, frisklivssentralen eller psykisk helsehjelp som psykisk helsearbeidar og psykiatrisk sjukepleiar. I spesialisthelsetenesta har distriktspsykiatrisk senter tilbod om behandling i gruppe eller individuelt. Privatpraktiserende psykologar og Nærland rehabilitering er andre tilbod i spesialisthelsetenesta.