Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

FACT - fleksibel aktivt oppsøkende behandling

FACT (Flexible Assertive Community Treatment) står for fleksibel aktivt oppsøkjande behandling der du bur og oppheld deg. Behandlinga er eit tilbod til deg som har alvorleg psykisk liding og/eller rusmiddelproblem, og som treng hjelp på fleire område i livet. Dette kan vere knytt til bustad, økonomi, arbeid eller utdanning og sosialt nettverk. FACT gir det meste av oppfølginga og behandlinga du treng via eit tverrfagleg team. Teamet består av psykolog, psykiater, sjukepleiar, sosionom, erfaringskonsulent (brukarspesialist), russpesialist og jobbspesialist. Behandling og oppfølging blir flytta ut av kontoret og til heimen og nærmiljøet.

Du som er i målgruppa til FACT har ofte behov for hjelp og hjelp frå mange instansar. Du har kanskje ikkje hatt tilstrekkeleg nytte av dei ordinære tenestene. Du kan ha opplevd at det er mange instansar å forhalde seg til, som ikkje er samkøyrde. Det kan vere vanskeleg å møte opp til avtalar. Du opplever at du har behov for langvarig og samordna hjelp og oppfølging frå fleire tenester og fagpersonar.

FACT skal på ulike måtar bidra til at du som er i målgruppa kan leve livet ditt så godt som mogleg i samfunnet. FACT-teamet skal sørgje for heilskapleg behandling og individuell oppfølging i tråd med behova og ønska dine, i samarbeid med deg og dine pårørande.

I staden for at du må forhalde deg til mange instansar, skal du få dei aller fleste tenestene frå teamet. I dei tilfella der andre tenester bidreg, skal teamet koordinere desse og ha eit overordna ansvar for behandlinga og oppfølginga.

Eit FACT-team skal tilby:

  • behandling og utgreiing etter faglege retningslinjer
  • oppfølging av sjukdoms- og symptomutvikling
  • samtaleterapi
  • behandling med medisinar og oppfølging av medisinbruk
  • hjelp til å få rett oppfølging av somatisk helse
  • råd og rettleiing når det gjeld bustad og økonomi
  • støtte til å komme i ordinært arbeid eller utdanning
  • praktisk hjelp i heimen og i kvardagen
  • rettleiing og opplæring til kvar enkelt brukar og pårørande
  • støtte til å delta i aktivitetstilbod og fritidsaktivitetar
  • støtte til kontakt med familie og sosialt nettverk
  • koordinering av tenester frå andre instansar
  • hjelp til samarbeid med pårørande

Les meir om FACT-team (helsedirektoratet.no)

Tilvising og vurdering

Utredning

FACT-teamet greier kva ut som er behova dine, mål og ønske for behandling og oppfølging. Teamet skal sørgje for god informasjon undervegs i utgreiinga. Det kan vere aktuelt å greie ut ulike tema, som til dømes:

  • psykisk helse
  • rusmiddelbruk
  • kognitiv fungering
  • fysisk helsetilstand
  • bruk av medisinar
  • traumatiske erfaringar
  • fungering og meistring
  • livssituasjon og levevanar
  • familieforhold og sosialt nettverk
  • busituasjon
  • økonomi
  • skule/utdanning/arbeid og arbeidserfaring
  • kulturbakgrunn og religion

Teamet skal også hente inn informasjon frå pårørande og tidlegare utgreiingar i samråd med den det gjeld.

Teamet skal utarbeide ein behandlingsplan saman med deg. Planen skal innehalde ein kort gjennomgang av resultata frå utgreiinga, og ei beskriving av behova dine, mål og tiltak.

Dersom du ønskjer det, kan planen også diskuterast og bli justert i samråd med pårørande.

Behandling

FACT skal gi eit behandlingstilbod som er tilpassa ønska og behova dine. Det er viktig for teamet å formidle håp og rette merksemd mot meistringsområda og ressursane dine. FACT-teamet kan gi oppfølging utanfor kontoret: Heime, på arbeidsplassen, på kafé eller andre stader ein blir samde om.

Teamet samarbeider med deg for å finne rett oppfølging. I nokre periodar kan det vere behov for dagleg oppfølging, medan i andre periodar kan det halde med oppfølging sjeldnare.

FACT vekslar mellom regelmessig oppfølging og intensiv oppfølging, ut frå livssituasjon. I stabile periodar får ein regelmessig oppfølging frå ein hovudkontakt. I ustabile periodar får ein intensiv oppfølging frå heile teamet.

Teamet skal utarbeide ein kriseplan saman med deg. Ein kriseplan skal innehalde informasjon om tidlege teikn på ei krise, kva tiltak som skal bli sette i verk og kven som kan bli kontakta.

Behandlingstilbodet er ein kombinasjon av ulike behandlingsformer og er retta mot fleire område, som symptom på den psykiske lidinga, rusmiddelproblem, bustad, relasjonar til andre, økonomi, arbeid eller andre aktivitetar.

Dette kan vere samtaleterapi (til dømes kognitiv terapi), medikamentell behandling, rusbehandling (til dømes IDDT), eksponeringsterapi, musikkterapi, individuell jobbstøtte (IPS), støtte i bustad og sosial ferdigheitstrening.

Oppfølging

FACT er eit langvarig behandlingstilbod. Du kan få oppfølging frå teamet over lang tid. Intensiteten på oppfølginga vil variere ut frå behova dine.

Kontakt

  • Haugaland DPS, Haugesund

    Floravegen 75

    5535 Haugesund

    Transport

    ​Det er busshaldeplass like ved Haugaland DPS, Haugesund. Søk på haldeplassen "Lysskar" i reiseplanleggaren. Ruteinformasjon finn du på www.kolumbus.no

    Praktisk informasjon

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede.

    Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

    ​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor bygget. Alle oppmerka parkeringsplassar kan nyttast. Parkering er gratis

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

  • Kontakt Stord DPS

    Oppmøtestad

    Stord DPS og BUP (barne- og ungdomspsykiatrisk) held til i lokale som ligg like ved Stord sjukehus.

    Stord DPS

    Transport

    ​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no. OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.

    Praktisk informasjon

    ​Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.

    ​Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​Publikumskantine finn du i underetasjen.
    Opningstider:
    Måndag-fredag kl. 11.00-14.00.
    Stengt i helger og heilagdagar.

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede.

    Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

    ​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Nærmaste minibank Stord sjukehus: Sparebanken Vest, Leirvik sentrum.

    ​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.

    Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

  • Kontakt Folgefonn DPS

    Oppmøtestad

    Poliklinikk og døgnavdeling på Valen: Sjukehusvegen 15, 5451 Valen
    Poliklinikken i Odda: Sjukehusvegen 8, 5750 Odda

    Folgefonn DPS

    Sjukehusvegen 8, 5750 Odda

    Sjukehusvegen 15, 5451 Valen

    Praktisk informasjon

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede.

    Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

    ​Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.

    Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Det er gratis parkering.

    Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

    Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen.

    Reservert plass for blodgivar er på parkeringsplassen sør for sjukehuset.

    Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.



    Parkering for pasientar og besøknade ligg sentralt på sjukehusområdet. Parkering er gratis.


    Parkeringsplassen har 2 ladestasjonar.


    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.