Endoskopisk ultralyd
EUS (Endoskopisk Ultralyd undersøking) er ei undersøking ved bruk av eit tynt, bøyeleg instrument, EUS-skop, som blir ført gjennom munnen og ned i matrøyr, magesekk og tolvfingertarm. EUS-skopet har kamera og ultralydprobe som overfører bilete til to skjermar.
Kvifor gjer vi undersøkinga?
Ved å gå via fordøyingskanalen kan EUS-skopet plasserast nær indre organ og gi nøyaktige bilete av desse. Vi kan også ta væske- og vevsprøver (cytologi/biopsi) og utføre ulik behandling.
Før
Du må møte fastande, magesekken må vere heilt tom før undersøkinga.
- Ikkje ete eller drikke noko dei siste 6 timane før undersøkinga.
- Er du veldig tørst, kan du drikke 1–2 glas vatn inntil 2 timar før undersøkinga. Etter dette kan du skylje munnen utan å svelgje noko.
Har du diabetes og bruker insulin, kan du kontakte oss for å få timeavtale tidleg på dagen. Tek du livsviktige medisinar som ikkje kan utsetjast, kan du kontakte oss for å få ein tidleg timeavtale. Gi oss beskjed dersom du er allergisk mot nokre medikament. Vi ønskjer at du tek med deg oppdatert medisinliste.
Blodfortynnande medisinar
Bruker du blodfortynnande medisinar er det risiko for at det kan oppstå større blødingar enn normalt. Derfor er det ønskjeleg at du mellombels sluttar med blodfortynnande medisinar.
Les innkallingsbrevet eller meir informasjon på denne sida for å sjå kva for nokre blodfortynnande medisinar du må slutte med, og kor lang tid før undersøkinga du må gjere dette:
Ta kontakt med avdelinga, dersom du har kunstig hjarteklaff.
Under
Under sjølve undersøkinga ligg du i venstre sideleie. Har du tannprotesar må desse takast ut. Du får eit munnstykke mellom tennene. Når EUS-skopet blir ført inn i munnen får du beskjed om å svelgje. Sjølv om dette kan opplevast ubehageleg er det viktig å slappe av og puste roleg medan undersøkinga går føre seg. Du kan puste normalt gjennom nase og munn under heile undersøkinga.
Gjer det vondt?
Undersøkinga kan vere ubehageleg, men gjer vanlegvis ikkje vondt. Du vil få tilbod om ein roande og smertestillande sprøyte før undersøkinga startar.
Kor lenge varer undersøkinga?
Sjølve undersøkinga tek vanlegvis mellom 30 og 45 minutt. Det er ofte to legar og to sjukepleiarar til stades under undersøkinga.
Vanlegvis må du observerast på sjukehuset 1–3 timar etter avslutta undersøking. Det kan også bli aktuelt at du blir til dagen etter.
Etter
Dersom det blir teke prøvar, kan du ikkje ete eller drikke dei 2–3 første timane etter undersøkinga. Du vil få nærare informasjon om dette etter undersøkinga. Du kan ikkje sjølv køyre bil før dagen etter, då det ofte blir gitt roande og smertestillande medisinar under undersøkinga.
Etter undersøkinga kan du kjenne deg litt oppblåse og ha noko mageknip. Det er vanleg å ha litt sår hals dei første dagane etter undersøkinga.
Når får eg resultatet?
Det tek cirka 4–6 veker å få svar på eventuelle prøver som er tekne. Resultatet og eventuelle prøvesvar vil bli sende til legen som har tilvist deg.
Ver merksam
Komplikasjonar ved EUS er sjeldan. I heilt spesielle tilfelle kan det oppstå bløding eller hol på matrøyr, magesekk eller tolvfingertarm. Operasjon kan då bli nødvendig. Om du får sterke magesmerter eller blodig oppkast etter at du har komme heim, må du kontakte sjukehuset.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Gastromedisinsk poliklinikk
Oppmøtestad
Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Gå til ventesone 7 når du har registrert deg.
Sjå informasjon om sjølvbetjent innsjekk nedafor.
Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund