Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Elektroencefalografi

EEG Elektroencefalografi

EEG (elektroencefalografi) er ei undersøking som registrerer elektrisk aktivitet/signal i hjernen. Dette gjer vi ved hjelp av elektrodar som er festa på hovudet. Signala blir bearbeidd og kan sjåast i form av bølger på ein skjerm. Under undersøkinga gjer vi eit videoopptak av deg. EEG er heilt smertefritt.

Kvifor gjer vi undersøkinga?

EEG er ei nyttig undersøking for utgreiing av ulike tilstandar som avsvimingar, epilepsi, koma, personlegdomsforandring, spiseforstyrring, søvnforstyrring og etter ulike hendingar.

Ved elektrokonvulsiv terapi, også kalla elektrosjokkbehandling, blir brukt EEG som overvaking.

Før

Det er viktig at du et før du kjem til undersøkinga. Faste medisinar skal du ta som vanleg. Møt opp med nyvaska hår, bruk berre sjampo, ingen andre hårprodukt.

Barn

Små barn som bruker bleie, bør vere reine og tørre. Ta gjerne med ei flaske med drikke eller ein smokk.

Om du skal til EEG etter søvndeprivasjon, er det andre førebuingar.

Under

Undersøkinga er smertefri.

Fleire små elektrodar blir festa på hovudbotnen etter vasking av huda og påføring av elektrodepasta. Pastaen held elektrodane på plass og sikrar god signaloverføring. Av og til får du ei nettinglue over elektrodane.

Du ligg på ei seng under registreringa. Det er viktig at du ligg roleg og avslappa under undersøkinga, da registreringa blir forstyrra av uro. Samtidig med registreringa av hjerneaktiviteten blir det gjort videoopptak. Sjølve EEG-registreringa varer i ca. 20 minutt, og til saman varer undersøkinga i cirka 45 minutt.

Små barn kan lese bok, bruke nettbrett eller liknande. Ta gjerne med noko heimanfrå som de veit barnet liker å halde på med.

Vi vurderer undervegs om følgande typar aktivering blir nytta:

  • Hyperventilering (puste kraftig) i 3 minutt
  • Fotostimulering (lysblink) i 3–4 minutt.

Kliniske studiar

1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.

Sjå fleire kliniske studiar

Etter

Det er lurt å ta med seg lue, kaps eller anna hovudplagg, da håret blir klissete av elektrodepastaen.

Resultatet blir sendt til legen som viste deg til undersøkinga. Det er tilvisande lege eller eventuelt fastlegen som tar hand om vidare oppfølging og behandling.

Ver merksam

Det er ingen komplikasjonar ved denne undersøkinga.

Kontakt

Haugesund sjukehus Nevrologisk seksjon
Ventetid: 12 uker

Ventetid: 12 uker

Kontakt Nevrologisk seksjon

Oppmøtestad

Sengeposten 5V finn du i 5. etasje og nevrologisk poliklinikk i 6. etasje. Bruk heisen ved Narvesen i 1. etasje.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Ventetid

12 uker til utredning

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.