Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Dialyse - posedialyse

Ved posedialyse (på fagspråket peritonealdialyse) blir dialysevæske ført inn i bukhola di gjennom eit kateter på magen. Dialysevæska i buken må skiftast ut jamleg fordi den etter nokre timar blir metta med avfallsstoff og mistar effekt. Med litt planlegging kan posedialyse fint kombinerast med jobb og reiser.

Dialyse er ei livslang behandling, dersom du ikkje kan få ny nyre. Dialysen reinsar blodet ditt, slik at du ikkje døyr av nyresvikt, men kan leve med sjukdomen. Ved posedialyse er det bukhinna som fungerer som reinsefilter når avfallsstoff frå blodbanen blir transportert over i dialysevæska.

Du kan skifte frå posedialyse til hemodialyse (maskindialyse på sjukehus) om du ønskjer det, eller dersom det er nødvendig av medisinske årsakar.

Mange opplever at energinivået aukar gradvis etter oppstart av posedialyse, og at symptoma før behandling blir redusert eller forsvinn. Posedialyse erstattar ikkje funksjonen til friske nyrer fullt ut. Du vil derfor kunne oppleve at ikkje alle symptoma på nyresvikt forsvinn.

Med posedialyse vil mange i mindre grad enn ved hemodialyse trenge kost- og drikkerestriksjonar. Dels fordi nyrene si evne til å skille ut væske og avfallsstoff blir betre bevart, og delvis fordi posedialyse gir kontinuerleg reinsing av blod og utskilling av overskotsvæske.

Det er to ulike metodar for posedialyse. Du kan skifte posar manuelt eller bruke dialysemaskin. Utstyret du treng til posedialyse blir levert heim til deg. Storleiken på utstyret kan tilsvare eit todørs garderobeskap.

Manuelle poseskift (CAPD)

CAPD (continuous ambulatory peritoneal dialysis) inneber at utskiftinga av dialysevæske blir utført manuelt med posar du koplar til kateteret. Med CAPD har du dialysevæske i buken heile døgnet, men du skiftar den ut med ca 4 timars mellomrom, morgon, føremidag, middag og kveld. Ved kvart skift set du inn mellom 2 og 2,5 liter dialysevæske. Det tar omlag 30 minutt å gjere eit poseskift, det vil seie å bytte dialysevæska i buken med ny.

Automatisert peritonealdialyse (APD)

Med APD koplar du deg til ein maskin som gjer inn- og uttappinga av dialysevæska om natta når du søv. Du kan kople deg frå maskinen, for eksempel viss du må på toalettet. Med APD varar behandlinga vanlegvis i 8-10 timar. Hos dei fleste blir behandlinga avslutta om morgonen ved at maskinen set inn mellom 1,5 og 2,5 liter væske som blir verande i buken til du koplar deg til maskinen igjen om kvelden.

Tilvising og vurdering

Dei fleste pasientar med kronisk nyresjukdom blir tilvist til ein nyremedisinsk poliklinikk i god tid før det er aktuelt med nyreerstattande behandling (posedialyse, hemodialyse eller nyretransplantasjon). Val av behandlingsform gjer du etter grundig diskusjon med nyrelege og eventuelt nyresjukepleiar.

Før

Før du kan starte med posedialyse vil du få operert eit kateter inn i bukhola di. Kateteret er ein tynn plastslange som blir sett inn ved eit kirurgisk inngrep, helst to til tre veker før oppstart av dialysen. Operasjonen foregår oftast i narkose, i sjeldne tilfelle med lokalbedøving. Dette vil du få nærmare beskjed om på førehand. Du må rekne med to til tre dagar på sjukehus i samband med dette inngrepet.

På sjukehuset får du grundig opplæring i å gjere posedialyse sjølv. Opplæringa blir tilpassa dine behov og tar vanlegvis éi til to veker.

Dersom du treng hjelp, vil heimetenesta kunne hjelpe deg med posedialysen. Dei vil då også få opplæring frå sjukehuset.

Under

Når du utfører posedialyse, fører du dialysevæske inn i bukhola di gjennom kateterert du har fått operert inn. For at du ikkje skal begynne å fryse eller kjenne ubehag ved inntapping, varmar du dialyseposane til kroppstemperatur på ei varmeplate du får låne frå sjukehuset.

Dialysevæska i buken må skiftast med jamne mellomrom fordi den etter nokre timar blir metta med avfallsstoff og mistar effekt. Dialysevæska som har stått i buken din, tappar du ut gjennom kateteret. Etterpå set du inn ny kroppstemperert dialysevæske.

Når du tappar ut den brukte dialysevæska, kan du mot slutten av uttappinga oppleve eit ubehag eller sug i magen, fordi kateteret sug seg mot bukveggen. Det er ikkje farleg, og ubehaget forsvinn når du set inn væske i buken igjen.

Det er vanleg å føle seg litt stinn over magen når du har sett inn ny dialysevæslke, særleg dei første gongene. Dei fleste venner seg til å ha væske i buken etter kort tid.

Etter

Det er ikkje lett å kjenne på kroppen om du får god nok dialyse. Derfor blir du følgt opp på sjukehuset med jamleg kontroll av blod, urin og dialysevæske, der vi mellom anna sjekker om innhaldet av avfallsstoff i blodet blir tilstrekkeleg redusert.

Dersom du over tid får for dårleg dialyse, vil du kunne kjenne det ved at du opplever eitt eller fleire av desse symptoma:

  • Du blir slapp og har lite energi
  • Du får dårleg matlyst
  • Du får væskesamling i kroppen som kan gi brå vektauke og tung pust.

Ver merksam

Biverknadar av å ha dialysevæske i buken kan vere at du kjenner deg oppblåst og stinn, eller at du får forstopping. Etter lang tid med posedialyse kan dialysevæska svekke bukhinna slik at den blir tjukkare og fungerer dårlegare.

Dei vanlegaste komplikasjonane i samband med posedialyse er:

  • infeksjonar som kan gi bukhinnebetennelse eller betennelse rundt kateterinngangen. I enkelte tilfelle må behandlinga avbrytast og kateteret fjernast som ein konsekvens av ein slik alvorleg infeksjon
  • lekkasje av dialysevæska rundt kateteret
  • knekk på kateterslangen eller feil plassering, slik at det blir problem med drenering av dialysevæske inn og ut av buken
  • utvikling av brokk som følgje av auka trykk på bukveggen på grunn av dialysevæska.


Kontakt

Haugesund sjukehus Dialyse Haugesund

Kontakt Dialyse Haugesund

Oppmøtestad

5. etasje, midtblokk. Bruk heis ved resepsjonen i 1. etasje.
Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​