Dialyse er ei livslang behandling, dersom du ikkje kan få ny nyre. Dialysen reinsar blodet ditt, slik at du ikkje døyr av nyresvikt, men kan leve med sjukdomen. Ved posedialyse er det bukhinna som fungerer som reinsefilter når avfallsstoff frå blodbanen blir transportert over i dialysevæska.
Du kan skifte frå posedialyse til hemodialyse (maskindialyse på sjukehus) om du ønskjer det, eller dersom det er nødvendig av medisinske årsakar.
Mange opplever at energinivået aukar gradvis etter oppstart av posedialyse, og at symptoma før behandling blir redusert eller forsvinn. Posedialyse erstattar ikkje funksjonen til friske nyrer fullt ut. Du vil derfor kunne oppleve at ikkje alle symptoma på nyresvikt forsvinn.
Med posedialyse vil mange i mindre grad enn ved hemodialyse trenge kost- og drikkerestriksjonar. Dels fordi nyrene si evne til å skille ut væske og avfallsstoff blir betre bevart, og delvis fordi posedialyse gir kontinuerleg reinsing av blod og utskilling av overskotsvæske.
Det er to ulike metodar for posedialyse. Du kan skifte posar manuelt eller bruke dialysemaskin. Utstyret du treng til posedialyse blir levert heim til deg. Storleiken på utstyret kan tilsvare eit todørs garderobeskap.
Manuelle poseskift (CAPD)
CAPD (continuous ambulatory peritoneal dialysis) inneber at utskiftinga av dialysevæske blir utført manuelt med posar du koplar til kateteret. Med CAPD har du dialysevæske i buken heile døgnet, men du skiftar den ut med ca 4 timars mellomrom, morgon, føremidag, middag og kveld. Ved kvart skift set du inn mellom 2 og 2,5 liter dialysevæske. Det tar omlag 30 minutt å gjere eit poseskift, det vil seie å bytte dialysevæska i buken med ny.
Automatisert peritonealdialyse (APD)
Med APD koplar du deg til ein maskin som gjer inn- og uttappinga av dialysevæska om natta når du søv. Du kan kople deg frå maskinen, for eksempel viss du må på toalettet. Med APD varar behandlinga vanlegvis i 8-10 timar. Hos dei fleste blir behandlinga avslutta om morgonen ved at maskinen set inn mellom 1,5 og 2,5 liter væske som blir verande i buken til du koplar deg til maskinen igjen om kvelden.