Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Dialyse - hemodialyse

Ved hemodialyse reinser vi blodet ditt 3-4 ganger i veka med eit kunstig nyre/dialysefilter og ein dialysemaskin. Hemodialyse kan vere nødvendig ved sterkt nedsett nyrefunksjon.

Dialysebehandlung

Sie planen eine Reise oder einen Besuch in Haugesund oder Umgebung und benötigen eine Dialysebehandlung während Ihres Aufenthaltes? Dann rufen Sie uns unter der Telefonnummer +47 52732570 an und teilen uns Ihre Reisedaten mit, gerne auf Deutsch, da wir deutschsprechende Krankenschwestern und Pfleger im Team haben.

Feriendialyse
Noen få kvinner i hvite frakker

Avfallsstoff og/eller vatn blir produsert kontinuerleg og samlar seg opp mellom behandlingane. Derfor må ein få behandling jamleg. Dei fleste treng hemodialyse i fire timar, tre eller fire gonger i veka. Legen bestemmer behandlingsprogrammet som passar for den enkelte. Vi tar blodprøvar jamleg for å måle behov for og effekt av behandlinga.

Før

Viss det er noko du må ta særleg omsyn til før du kjem til sjukehuset, vil du få beskjed om det.

Du blir vegt før behandlinga startar. Dette er for å måle eventuell vektforskjell etter førre behandling som skuldast oppsamla vatn. Deretter får du sette deg i ein behandlingsstol eller seng og blodtrykk blir målt.

Under

Under behandlinga sitt eller ligg du ved dialysemaskinen.

For å kunne reinse blodet ditt, trengs det tilgang til ditt blodsystem, ein såkalla blodtilgang. Det er anten ein A/V-fistel (to samankopla blodårer på ein arm) eller eit kateter i ei stor blodåre, vanlegvis ved halsen. Ein sjukepleiar koplar deg til dialysemaskinen. Dialysen (reinsinga) startar og overskotsvatn blir gradvis trekt ut i løpet av behandlingstida viss det er nødvendig.

Under dialysen vil litt av blodet ditt, cirka 2 dl, sirkulere i slangesett og dialysefilteret. Behandlinga er nøye overvaka av kontrollfunksjonane i dialysemaskinen og av personalet og varar i 3-5 timar. Det gjer ikkje vondt å få dialyse.

Personalet er i same rom og kan tilkallast ved behov. Blodtrykket ditt blir målt undervegs. Du kan for eksempel lese eller sjå på TV under behandlinga.

Når behandlinga skal avsluttast, får du tilbake blodet som er i slangesettet og dialysefilteret og du blir kopla frå maskinen.

Etter

Etter dialysen måler vi blodtrykk og veg deg ein gong til. Dette for å ha noko å samanlikne med neste gong du kjem til behandling, slik at vi kan måle eventuell vektoppgang grunna nytt oppsamla overskotsvatn.

Viss det er nødvendig, kan vi legge tilrette for transport til og frå behandling.

Kontakt

Haugesund sjukehus Dialyse Haugesund

Kontakt Dialyse Haugesund

Oppmøtestad

5. etasje, midtblokk. Bruk heis ved resepsjonen i 1. etasje.
Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​


Artiklar