Dialektisk atferdsterapi (DBT), voksne
Dialektisk åtferdsterapi (DBT) er ei terapiform som hjelper deg med å finne ein balanse mellom å akseptere dei sterke og vanskelege følelsane, og å forandre seg. Vi trener også på å sette grenser, å regulere følelsar, sette namn på følelsar og å takle stress. Målet med terapien er at du skal klare å tenke klart i situasjonar der du føler deg overvelda.
Før
Før behandling med dialektisk åtferdsterapi skal du til vurderings- og kartleggingssamtaler. Der gjer vi ei vurdering av om denne behandlinga er eigna for deg. Tema som blir tatt opp i samtalene, er motivasjon, praktiske hinder for å møte opp, kva symptom du har, og grad av funksjonssvikt.
Under
Mange pasientar med emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring har problem med sjølvskading og sjølvmordstankar. I behandlinga jobbar vi med kjensleregulering, merksemd, relasjonar og å «halde ut» når du har det vanskeleg.
Vanlegvis har du ein time individuell terapi og to timar med gruppeterapi i veka. Mellom timane kan du avtale telefonkonsultasjonar dersom det er behov for det. Du må rekne med å bruke omtrent eitt år på å gjennomføre behandlinga.
Etter
Når den planlagde terapien er gjennomført, vil vi snakke med deg om behovet for vidare behandling eller oppfølging.
Dersom det er behov for det, samarbeider vi med andre om oppfølginga, for eksempel kommunehelsetenesta og NAV.