Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
eBehandling
Depresjon - internettbehandling
Depresjon er ein av dei vanlegaste psykiske lidingane. Den er kjenneteikna ved sterk og vedvarande nedstemtheit. Depresesjon gjer ein mindre interesse i ting ein vanlegvis likar og har glede av glede av. Det fører gjerne til energitap, som gjer det vanskeleg å fungere i kvardagen.
I eBehandling får du tilgang til eit kunnskapsbasert behandlingsprogram via PC, nettbrett eller mobil, samstundes som du blir følgt opp av ein behandlar i spesialisthelsetenesta. Dette er ein form for internettbehandling med fagleg rettleiing.
Programmet er basert på kognitiv åtferdsterapi, ei terapiform som fokuserer på korleis tankar og handlingar påverkar korleis vi har det. Målet er å gi deg innsikt i kva som bidrar til depresjon, og korleis du kan jobbe deg ut av den. Du lærer å kjenne igjen og endre tankemønster, og å endre korleis du kan handle for få det betre.
Innhaldet i eBehandling er mykje av det samme som du får ved behandling ansikt- til- ansikt. Forsking viser at denne typen behandling kan vere like effektiv.
Tilvising og vurdering
Korleis få tilbod om eBehandling for depresjon?
Er du allereie i behandling ved ditt lokale DPS, ønsker vi at du søker i samråd med behandlaren din.
Er du ikkje i behandling for psykiske vanskar, kan du ta kontakt med fastlegen din og be om tilvising til oss. Be legen om å skrive i tilvisinga at du ønsker eBehandling. Andre legar eller psykologar kan òg tilvise.
Du får svar frå eBehandling i brev eller på helsenorge.no. Svaret på helsenorge blir varsla med SMS til telefonen din. I svaret kan du lese om vurderinga som er gjort, kva som skjer vidare, og om rettane dine.
For pasientar i Bergen, Stavanger, Fonna, Førde og Nidaros:
Du som bur ein stad tilknytta Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Førde, Helse Stavanger eller Nidaros DPS kan ta direkte kontakt med eBehandling utan tilvising. Dette gjer du ved å trykke på linken Søknad om eBehandling på våre heimesider. Denne linken fører deg til helsenorge.no, der du skal fylle ut eit skjema. Når du sender inn dette skjemaet blir det sendt direkte til eBehandling. Du vil motta svar når søknaden din om behandling er vurdert.
Svar på tilvising
Du får svar frå eBehandling i brev eller på helsenorge.no. Svar på helsenorge vert varsla med SMS til telefonen din. I svaret kan du lese om vurderinga som er gjord, kva som skjer vidare og om rettane dine. Dersom vi vurderer at behandlinga ikkje er relevant for deg, blir du anbefalt å kontakte den som har tilvist deg, eller søke andre behandlingstilbod. Fastlegen din vert i begge tilfelle informert om at du har vore i kontakt med oss.
Vurdering av rett til helsehjelp Informasjon om vurdering av rett til nødvendig helsehjelp i spesialisthelsetenesta når det er føretatt (kven har vurdert, datoar, fristar, innfridde fristar).
Tilhøyrande DPS Kva for eit DPS/poliklinikk er pasienten tilhøyrande? eBehandling treng kontaktinfo i tilfelle behov for kontakt ved akutte høve.
Tilvisingsdiagnose Hoveddiagnose og evt. bidiagnose. Dersom eBehandling skal gi eit tilbod må pasienten sitt hovudproblem være sosial angst, panikkliding med/utan agorafobi eller lett til moderat depresjon.
Bakgrunn Oppvekstforhold, familieforhold og nettverk, omsorgsansvar for barn eller andre, sivilstatus, buforhald, arbeid, trygd, individuell plan. Sjekk spesielt ut om pasienten kan forstå norsk på eit god nivå, og om h*n har tilgang til internett.
Psykiatrisk sjukehistorie Tidlegare betydningsfulle symptom og problem, tidlegare diagnosar, tidlegare behandling og utbytte av denne. Har pasienten erfaring med bruk av sjølvhjelp frå tidligare?
Aktuelt Aktuelle problem som pasienten søker behandling for (debut, årsaksforhold, symptom, behandling, forløp, betydning for funksjon, livskvalitet), herunder opplysningar omkring evt. rusproblematikk, suicidalitet og voldsrisiko. Angi pasienten sin motivasjon for denne type behandling og kva informasjon pasienten har fått om behandlingsforma.
Relevant somatisk problematikk Føreligg det ustabile og/eller uavklarte somatiske tilstander? Epilepsi, alvorlig astma, kroniske hjerterytmeforstyrringar eller hjerte-/lungeproblem diagnostisert av lege, svært lågt blodtrykk eller graviditet er ikkje foreineleg med behandlinga for panikkliding.
Medikamentbruk Preparatnamn, formulering, styrke, dosering. Her bør det spesielt verte angitt kor lenge pasienten har stått på aktuell psykofarmaka og evt. bruk av B-preparat. Behandlingstilbodet føregår som hovudregel utan bruk av angstdempande medikament og desse bør seponerast før tilvising. Pasienten må kunne motiverast for eksponering for frykta situasjonar utan medikamentell støtte, og h*n må tåle symptomtrykket som følgjer av kontinuerlig eksponering. Stabil medisinering (same dose dei siste 4 vekene) med anna psykofarmaka er uproblematisk saman med
Vurdering med grunngjeving for tilvising Diagnose, sjølvmordsrisiko, problemforståing, prognose. Angje pasienten sin motivasjon for denne type behandling og kva informasjon pasienten har fått om behandlingsforma.
eBehandling eignar seg ikkje for personar med:
Moderat til høg suicidalfare, der behovet for ivaretaking og tilsyn fører til at behandling over internett ikkje er tilstrekkeleg. Dette utelukkar også personar som nylig har gjennomført suicidforsøk.
Dersom pasienten har fungert stabilt utan pågåande psykotiske symptom over tid, og har ein behandlingskontakt i spesialisthelsetenesta som kan ivareta og følgje h*n opp ved behov kan ein motta behandling i eBehandling for komorbid panikkangst, sosial angst eller mild til moderat depresjon.
Ubehandla alkohol- eller narkotikaproblematikk, eller medikamentavhengigheit som kan utgjere eit hinder for behandling.
Jevnleg bruk av B-preparat. Behandlingstilbodet føregår som hovudregel utan bruk av angstdempande medikament og desse bør seponerast før tilvising. Kontakt eBehandling dersom du ynskjer å diskutere unntak.
Ustabil og/eller uavklart somatisk tilstand. Epilepsi, alvorlig astma, kroniske hjarterytmeforstyrringar eller hjerte-/lungeproblem diagnostisert av lege, svært lågt blodtrykk eller graviditet er ikkje foreinleg med behandlinga for panikkliding.
Alvorleg depresjon (MADRS ≥ 35)
Bipolar depresjon. Det er ikkje funne evidens for effekt av behandlingsprogrammet for depresjon for personar med bipolar depresjon. Personar med godt regulert bipolar liding kan ha nytte av og få behandling for komorbid panikkliding eller sosial angst.
Lav motivasjon eller annan funksjonspåverknad (f.eks. høg initiativløyse eller konsentrasjonsvanskar) som gjer det vanskeleg å gjennomføre internettbehandling, som krev høg grad av ansvarstaking. Ustabile eller vanskelege ytre forhold, for eksempel livskriser, kan også gje nedsett funksjon og vanskar med å følgje opp behandling over internett.
Bustad utanfor Norge.
Forventa lengre fråvær enn 2 veker i løpet av behandlingstida.
Komorbiditet som erfaringsmessig kan vanskeleggjere rettleia internettbehandling er: GAD, hypokondri, PTSD og engsteleg/ unnvikande personlighetsforstyrring.
Før
Dersom vi kjem fram til at du kan ha nytte av eBehandling, vil du bli kalla til ein vurderingssamtale. Timen kan gjennomførast som videokonsultasjon eller som eit møte ansikt til ansikt. Du får meir informasjon om dette i svarbrevet.
Før vurderingssamtalen rår vi deg til å lese første kapittel av eBehandling depresjon.
I vurderingssamtalen
Du vil møte ein behandlar frå eBehandling. Saman med deg vil behandlar kartlegge vanskane dine og livssituasjonen din. Du kan også stille spørsmål om ebehandlinga. Saman vil de vurdere om eBehandling vil vere eit godt tilbod for deg.
Under
Behandlinga
Dersom de kjem fram til at tilbodet eignar seg for deg, kan du starte behandling samme dag. Du vil få tilsendt informasjon om innlogging, og du loggar deg inn på ebehandlinga med din BankID.
eBehandlinga er stegvis. Når du er ferdig med eitt kapittel vil du få tilgang til det neste. Den viktigaste delen av behandlinga er å trene på øvingane du får. Øvingane skjer ikkje inne i det digitale programmet, men er oppgåver du skal trene på i kvardagen din.
Behandlinga for depresjon inneheld:
informasjon om depresjon
korleis komme igang med nye rutinar i kvardagen
korleis handtere negative tankar
utfordringar med å kome igang med nye rutinar
om angst
korleis handtere stress i livet
om einsemd og sjølvkjensle
Korleis vedlikehalde endring og legge ein plan for framtida
Skriftleg tilbakemelding
I eBehandling arbeider du saman med behandlaren din via tekst. Det betyr at du skriv ned korleis det har gått med ulike øvingar og sender dine refleksjonar og spørsmål til behandlaren din. Behandlaren les gjennom og sender deg tilbakemelding og rettleier deg gjennom behandlingsprogrammet. Oppfølginga frå behandlaren skal hjelpe deg ved å gi støtte i vanskelege situasjonar, motivasjon i arbeidet, og til å finne gode løysingar som passar din situasjon.
Behandlaren vil også hjelpe deg med å skape framgang i arbeidet og utforske korleis du møter kvardagen din. Dette kan innebere at du får konstruktive tilbakemeldinger om korleis du kan møte vanskane dine på nye måtar, slik at du kan få endå meir ut av øvingane og sikrar at du får mest mogleg ut av behandlinga.
Samarbeid med din behandlar
Behandlaren din vil følge deg opp kvar veke gjennom skriftlege meldingar i programmet. Du kan skrive til behandlaren når det passar for deg – til dømes om korleis det har gått med øvingane, kva du har tenkt på, og du kan stille spørsmål.
Behandlaren din vil lese det du skriv, gje deg tilbakemeldingar, og støtte deg i arbeidet med behandlinga. Målet er at de saman jobbar mot det som er viktig for deg, og at du får hjelp til å nå dine mål.
Ta med dine næraste
Det kan vere til god hjelp for deg å fortelje, og gjerne vise dine næraste, kva du arbeider med i behandlinga. Vår erfaring er at dei som lar pårørande eller ein nær ven ta del behandlinga, kan ha lettare for å arbeide seg gjennom utfordringane.
Etter
Når behandlinga er gjennomført vil du få tilbod om ein samtale med behandlaren din. Etter dette møtet blir behandlinga avslutta, men du vil ha lesetilgang til alt innhaldet i 6 månader.
Det er busshaldeplass like ved Haugaland DPS, Haugesund. Søk på haldeplassen "Lysskar" i reiseplanleggaren. Ruteinformasjon finn du på www.kolumbus.no
Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor bygget. Alle oppmerka parkeringsplassar kan nyttast. Parkering er gratis
Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor bygget. Alle oppmerka parkeringsplassar kan brukast. Parkering er gratis.
Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.
Parkeringshuset har tre ladeuttak.
Reserverte parkeringsplassar
Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.
Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.
Parkeringsavgift
Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på p-automatane.
Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det.
Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.
Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.
Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La verdisaker vere igjen heime.
Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.
Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, krykker, rullator og rullestol.
God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.
Sjukehusområdet er røykfritt.
Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.