Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Depresjon hos vaksne

Depresjon er ei utbreidd psykisk liding prega av senka stemningsleige, mangel på interesse og glede, trøyttleik og nedsett energi. Det finst behandling som hjelper, og dei fleste blir heilt friske.

Andre symptom på depresjon

  • Svekka konsentrasjon og merksemd
  • Redusert sjølvkjensle og sjølvtillit
  • Skuldkjensle og mindreverdigheitskjensle
  • Negative og pessimistiske tankar om framtida
  • Initiativløyse og avgjerdsvegring
  • Tankar og planer om sjølvmord
  • Søvnproblem
  • Redusert eller auka appetitt
  • Nedsett seksuell interesse
  • Angst, rastløyse og uro

Mange kan oppleve ulike kombinasjonar av depressive plager. Det varierer også kor mange slike plager kvar enkelt har. Sjølv om det er mange fellestrekk, er det altså store variasjonar i korleis depresjonen artar seg. Depresjon førekjem dessutan i ulike alvorsgrader, frå mild depresjon til alvorleg depresjon, noko som har noko å seie for val av behandlingstiltak.  

Vi opplever alle periodar i livet der vi kjenner oss nedfor og energilause. Det er heilt naturleg. Ei depressiv liding er derimot prega av ein type mismot som kan vare i mange veker, og sette eit lokk på både positive og vonde kjensler, både glede og sorg. Ein deprimert person opplever ofte seg sjølv som kjenslemessig tom og flat, og kan føle at ingenting lenger betyr noko. Personen blir gjerne sjølvkritisk og grublar over nederlag og eiga maktløyse. Passivitet og nøling er også vanleg, saman med kroppslege smerter og ubehag. 

Vi snakkar ofte om ein depressiv periode, fordi dei aller fleste depresjonane varer ein avgrensa periode, og ein kjenner seg vanlegvis betre etter fire til seks månader. Gjennom behandling kan betringa skje raskare. Eit fleirtal av dei som har vore deprimerte opplever likevel ein eller fleire nye episodar med depresjon i løpet av livet. Derfor er det viktig med tiltak som førebygger ny depresjon. 

Korleis kan eg få hjelp til å få gode vanar som kan gi meg betre helse? 

Kommunale frisklivssentralar (helsedir.no) er ei kommunal helseteneste som gir kunnskapsbasert støtte til endring av levevanar og meistring av helseutfordringar. Informasjon til pasientar og pårørande om frisklivssentralar (Helsenorge.no) 

Tilvising og vurdering

For å få eit behandlingstilbod i spesialisthelsetenesta treng du ei tilvising. Det er som oftast fastlegen som viser til utgreiing og behandling, men anna helsepersonell kan også tilvise. Med utgangspunkt i tilvisinga og prioriteringsrettleiaren “Psykisk helsevern for vaksne“, vil vi vurdere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta. 

Utredning

Depresjon verkar på ulikt vis frå person til person, og kan ha mange ulike årsaker. Derfor må behandlinga tilpassast kvar enkelt. Nokon vil ha enkelte klart avgrensa problem, mens andre kan ha mange ulike vanskar. For å kunne gi eit godt behandlingstilbod er det viktig å gjere ei utgreiing av dei problema du søker hjelp for. Utgreiinga skjer i form av samtale og bruk av ulike kartleggingsverktøy. Dine tankar og meiningar om kva tiltak som passar best for deg, skal tilleggast stor vekt. Behandlaren din skal lytte til det du har å seie, og dine oppfatningar skal bli tatt på alvor. 
 
Dette er viktig i utgreiinga:
  • Tidlegare og noverande psykiske lidingar og somatiske sjukdommar
  • Selvmordsfare 
  • Bruk av rusmiddel
  • Barndoms- og oppvekstforhold
  • Psykiske lidingar i familien
  • Negative hendingar før og no 
  • Problemer i privatliv og arbeid 
  • Personlige ressursar og moglegheit for støtte frå andre
  • Om du har barn og om dei har spesielle behov no som bør varetakast

 

Det er viktig å avklara når depresjonen starta, og kva du meiner kan ha bidrege til å utløysa problema. Det er også viktig å finna ut av om du har opplevd episodar med depresjon tidlegare. Erfaringar frå desse, eksempelvis kva som hjelpte den gong, kan vera nyttige i arbeidet med dine aktuelle problem. Ettersom depresjon kan vera ein del av bipolar liding, bør dette også bli vurdert.
 
Det blir tilrådd at behandlaren nyttar seg av spørjeskjema som eit hjelpemiddel for å vurdera alvorsgrada av depresjonen, og for å følga opp behandlinga. Som pasient kan du ha nytte av at behandlaren din gir deg tilbakemelding frå spørjeskjemaa, blant anna for å følga med på om behandlinga verkar.
 
På bakgrunn av utgreiinga skal behandlaren din kunna stilla ein diagnose, ut frå talet på depressive plagar, der sterke dei er og i kva grad dei gjer det vanskeleg for deg å fungera i kvardagen. Deretter set du og behandlaren i fellesskap opp ein plan, der du får god informasjon om ulike former for behandlingstiltak. Dersom du ønskjer det, har du krav på ein individuell plan for å samordna tenester som blir sette i verk. 
 

Se eigen informasjon om individuell plan (helsenorge.no)

Behandling

Her er nokre vanlege mål for behandlinga:
 
  • Redusere depressive plagar og førebygge tilbakefall
  • Få innsikt i ulike samanhengar mellom depresjon og livssituasjon. 
  • Lære meistringsstrategiar som gir auka tryggleik og kontroll
  • Få auka kunnskap om depresjon
  • Få hjelp til å meistra ulike livsproblem
Behandling av depresjon består vanlegvis av ein kombinasjon av ulike tiltak. For mange er samtaleterapi det viktigaste tiltaket, eventuelt i kombinasjon med medikamentell behandling. Om du ønsker, er det naturleg å legge til rette for at pårørande kan delta i delar av behandlinga. Behandlinga kan bestå av: 
 
  • Informasjon om depresjon og korleis han kan forståast og meistrast
  • Informasjon om fordelar og moglege biverknader av medikament 
  • Samtaleterapi retta mot innsikt i og endring av negative tankemønster og kjensler 
  • Samtalar om tidlegare hendingar som har noko å seia for dagens problem
  • Samtalar om vanskar og dilemma i kvardagen din
  • Tiltak retta mot arbeid og skole
  • Råd om korleis du kan avgrense tida som blir brukt til bekymring og grubling 
  • Fysisk aktivitet og andre gjeremål som kan gi deg oppleving av meistring
Der verken medisinar eller psykologisk behandling har hjelpt, vil ein stundom også prøve elektrokonvulsiv terapi, kalla ECT- behandling.

Samval

For deg som har depresjon finst det fleire moglege behandlingar. Kva som er best for deg kan du og helsepersonell komme fram til saman. Dette kallast samval. Å vere med og bestemme er ein rett du har. 

Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.

Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:

  1. ​Kva alternativ har eg?
  2. Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
  3. Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?

​Les meir om samval på helsenorge.no​​

Arbeid og psykisk helse 

Langvarig sjukmelding kan vere uheldig ved depresjon og angstlidingar. Arbeid gir kvardagen form og struktur, med mindre rom for passivitet, bekymring og tunge tankar. Her kan du lese meir om yrkesretta tiltak og bruk av gradert sjukmelding og tilrettelegging.

Dersom du har psykiske helseproblem, kan du ha behov for hjelp til å halde deg i arbeid eller til å vende tilbake etter langtidssjukefråvær. Sjukmelding med vekt på fråvær og kvile blir ofte brukt ved sjukdom. Ved depresjon og angstlidingar er nærvær og aktivitet viktig. Det gir kvardagen form og struktur, med mindre rom for passivitet, bekymring og tunge tankar. 

Jobben kan vere ei kjelde til sjølvrespekt, tryggleik og tilknyting. Samtidig kan ein arbeidsplass prega av mistrivsel og konfliktar forårsake stort stress. Dette gjeld også når arbeidspresset er urimeleg høgt, og ein har lite kontroll over arbeidssituasjonen sin. Tilrettelegging av arbeidet er viktig både når forhold på jobben bidrar til dei psykiske plagene, og når depresjon eller angst svekker evna til å fungere i arbeid. 

Langvarig sjukmelding kan ha negative konsekvensar 

Å vere fullt sjukmeldt kan gjere dei psykiske plagene tyngre, fordi ein blir sittande heime med seg sjølv og tunge tankar. Personar som har erfaring med depresjon eller angst, fortel også at det er mange hindringar for å komme tilbake etter ein lang sjukmeldingsperiode. Jo lenger ein er borte, desto større blir desse barrierane. Samtidig er det gjerne vanskeleg å snakke med leiarar og kollegaer om situasjonen. Når ein kjenner seg nedfor, har ein ikkje lyst til å belaste andre. Da er det lett å isolere seg. Det kan bli ein ny barriere for tilbakevending. 

Dersom sjukmelding er nødvendig, er det positivt at du vel gradert sjukmelding framfor full sjukmelding. Denne løysinga inneber at du utfører ein del av arbeidet ditt og får lønn for det, og at det blir utbetalt sjukepengar for den resterande delen. Du kan enten ha redusert arbeidstid eller vere full tid på jobb, men berre yte for eksempel 50 % av det du normalt ville gjere. Da held du oppe kontakten med arbeidsplassen og får høve til å kombinere behandlingstiltak med tiltak på jobben. Dermed styrker du også effekten av behandlinga. 

I samtalane med behandlaren din kan de drøfte korleis du kan møte barrierar for tilbakevending til arbeid på ein god måte. Saman kan de sette opp ein konkret plan for korleis du vil gå fram. 

Kor open skal du vere om vanskane og behova dine? 

Mange er i tvil om kor opne dei skal vere om sine helseproblem på jobben, spesielt når dei har behov for tilpassingar. Nokon vel å ikkje seie noko, mens andre er meir opne. Her finst det ingen fasit. Du kan ta utgangspunkt i følgande nyttige spørsmål når du skal gjere denne vurderinga:  

  • Kva behov har du for gradert sjukmelding og eventuelt tilrettelegging på jobb i ein periode?
  • Kva treng din næraste leiar av informasjon om behova dine, for å bli den leiaren du treng nå? 

 

Oppfølging

Etter at du har avslutta behandlinga hos oss i spesialisthelsetenesta kan du ha utbytte av oppfølging frå fastlegen din og anna helsepersonell i primærhelsetenesta. Ein nyttig reiskap her er ein plan for førebygging av tilbakefall, med punkt for konkrete tiltak du kan gjere, bygd på erfaringane dine om kva som hjelper. 

Behandlaren din i primærhelsetenesta kan ved behov søke faglege råd hos oss. De kan også drøfte moglegheita for ei ny tilvising dersom det blir aktuelt. 

Sist faglig oppdatert 28.10.2026

Kontakt

  • Kontakt Haugaland DPS

    Oppmøtestad

    Vi held til i Haugesund og i Kopervik.

    Pårørande og besøk

    Pasientar og pårørande - Helse Fonna HF

    Dersom det er særskilde behov for besøk utanom ordinær besøkstid, vil vi – så langt det er mogleg – leggje til rette for besøk eller følgje til pasientar.

    Oppmøtestad

    Floravegen 75

    5535 Haugesund

    Kart

    Besøkstider: kl. 16.00-21.00.

    Oppmøtestad

    Asaldalvegen 1

    4250 Kopervik

    Kart

    Besøkstider: kl. 16.00-21.00.

    Ein stor bygning med plen foran

    Haugaland DPS

    Floravegen 75

    5535 Haugesund

    Besøkstider

    • I dag 17:00 - 18:30

    Transport

    ​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor bygget. Alle oppmerka parkeringsplassar kan nyttast. Parkering er gratis.

    ​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor bygget. Alle oppmerka parkeringsplassar kan brukast.

    Parkering er gratis. 

    Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontantar. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har tre ladeuttak.

    Reserverte parkeringsplassar

    Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

    Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar i toppetasjen på parkeringshuset. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelinga dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

    Parkeringsavgift

    Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Parkering i Haugesund sentrum

    Sjå P-kart - Haugesund Parkering

     

    ​Det er busshaldeplass like ved Haugaland DPS, Haugesund. Søk på haldeplassen "Lysskar" i reiseplanleggaren. Ruteinformasjon finn du på www.kolumbus.no

    Det er busshaldeplass like ved Haugaland DPS, Kopervik. Søk på haldeplassen "Eide kryss" i reiseplanleggaren. 

    Ruteinformasjon finn du på www.kolumbus.no

    Praktisk informasjon

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

  • Ventetid: 1 - 8 uker

    En bygning med et skilt på

    Stord DPS

    Tysevegen 64

    5416 Stord

    Transport

    ​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.

    Ventetid

    1 uke til innleggelse

    8 uker til poliklinisk utredning/behandling

    8 uker til poliklinisk gruppebehandling

    Praktisk informasjon

    ​Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.

    ​Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​Publikumskantine finn du i underetasjen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 11.00-14.00. Det er stengt i helger og på heilagdagar.

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

    Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift.
     
    Det er innført skiltgjenkjenningssystem på Stord sjukehus. Du får tilsendt faktura frå ParkPay etter inn- og utkøyring. 
     
    ​Pris for å parkere er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
     
    Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov. 
     

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

  • Kontakt Folgefonn DPS

    Oppmøtestad

    Poliklinikk på Valen, besøksadresse: Sjukehusvegen 15, 5451 Valen.

    Døgnavdeling, besøksadresse: Sjukehusvegen 17, 5451 Valen.

    Poliklinikken i Odda, besøksadresse: Sjukehusvegen 8, 5750 Odda.

    Pårørande og besøk

    Pasientar og pårørande - Helse Fonna HF

    Dersom det er særskilde behov for besøk utanom ordinær besøkstid, vil vi – så langt det er mogleg – leggje til rette for besøk eller følgje til pasientar.

    En bygning med parkeringsplass

    Folgefonn DPS

    Sjukehusvegen 8

    5750 Odda

    Besøkstider

    • I dag 17:00 - 18:30

    Praktisk informasjon

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

    ​Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.
     
    Du kan parkere på sørsida av sjukehuset eller på østsida/baksida ved elva eller augelegekontoret. Parkering er gratis.
     
    Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.
     
    Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen.
     
    Reservert plass for blodgivar er på parkeringsplassen sør for sjukehuset.
     
    Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.


     

    Parkering for pasientar og besøkande ligg sentralt på sjukehusområdet. Parkering er gratis.

     
    Parkeringsplassen har to ladestasjonar.

     

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

  • Kontakt Psykisk helsevern, Haugesund sjukehus

    Oppmøtestad

    Avdeling for psykisk helsevern, Haugesund sjukehus, held til i 1. etasje.

    Biologiske behandlingsformer (BBF) held til i 2. etasje på Haugesund sjukehus. Ta heisen opp og følg skilting til ECT/TMS poliklinikk. Opningstider (telefontider) er måndag-fredag kl. 08.00-15.30.

    Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

    Pårørande og besøk

    Pasientar og pårørande - Helse Fonna HF

    Dersom det er særskilde behov for besøk utanom ordinær besøkstid, vil vi – så langt det er mogleg – leggje til rette for besøk eller følgje til pasientar.

    Ein stor bygning omringa av mange hus

    Haugesund sjukehus

    Karmsundgata 120

    5528 Haugesund

    Besøkstider

    • I dag 17:00 - 18:30
  • Ventetid: 4 uker

    Kontakt Valen sjukehus

    Oppmøtestad

    Vi held til i sjukehusvegen 23, 5523 Valen.  

    Her finn du kart til og meir informasjon om Valen sjukehus

    Pårørande og besøk

    Pasientar og pårørande - Helse Fonna HF

    Dersom det er særskilde behov for besøk utanom ordinær besøkstid, vil vi – så langt det er mogleg – leggje til rette for besøk eller følgje til pasientar.

    Eit tre med ein bygning i bakgrunnen

    Valen sjukehus

    Sjukehusvegen 23

    5451 Valen

    Besøkstider

    • I dag 17:00 - 18:30

    Transport

    ​For informasjon om lokalbusstilbod og hurtigbåttilbod i Valen og Kvinnherad, sjå www.skyss.no.

    Ventetid

    4 uker til innleggelse

    Praktisk informasjon

    Det er ikkje apotekutsal ved sjukehuset. Næraste apotek ligg på Husnes. SPAR Valen har utsal av enkelte reseptfrie legemiddel.

    ​Næraste daglegvare er 0,7 km frå sjukehuset: SPAR Valen, Eplehagen 3, 5451 Valen.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    Kantina er open måndag til torsdag kl. 11.30-12.30. Kantina er stengt på fredagar. 
    Måltid blir serverte på postane. 

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

    ​Parkering for pasientar og besøkande ligg sentralt på sjukehusområdet. Parkering er gratis.

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.